-Eg hadde ikkje sett for meg at eg skulle undervise ved eit universitet, men når eg fekk tilbodet synes eg det er kjempespennande, seier Hildegunn Øiseth. Sidan januar 2019 har ho fylt ei nyoppretta 20-prosent stillinga i instrumental jazz. Ho er trompetist men også prisbelønt for bruk av det norske ur-instrumentet bukkehorn. Øiseth er kjent for jazz som kombinerer norsk og samisk folkemusikk med austlege og afrikanske musikktradisjonar.

Som ein kar
«Du spelar som ein heil kar, Hildegunn,» fekk ho stadig høyre då ho på 1990-talet spelte med Bohuslän Big Band. - For min generasjon og dei som er eldre var kvinner rekna som mindre gode utøvarar. Men skal eg være heilt ærleg har eg høyrt fleire middelmådige mannlege jazzmusikarar som tar plass, enn kvinner, men så er det jo også mange fleire menn på jazzfeltet, parerer Øiseth.

Langt på overtid
- Det er altfor seint, og sjokkerande at vi måtte komme til 2019 før vi fekk ei kvinne som amanuensis i instrumental jazz. Heile fagmiljøet i jazz har opplevd det som svært uheldig å ha ein så skeiv kjønnsbalanse, seier Randi Rolvsjord, instituttleiar ved Griegakademiet – Institutt for musikk. Griegakademiet har brukt likestillingsmidlar for å opprette stillinga som instrumentallærarstilling med hovudansvar for likestillingsprosjektet på jazz.
- Hildegunn Øiseth har vore i bransjen så lenge, og fulgt utviklinga innan fagområdet. Ho er eit veldig sterkt fagleg supplement, seier Rolvsjord som no håper at unge jenter vil gå i Hildegunn Øiseths fotspor og velge jazz. (red.mrk: Søknadsfrist jazz 15.desember)

Samlar jenter som vil spele jazz
Ei av Øiseths hovudoppgåver på Griegakademiet er jazzkurs for jenter, der jenter mellom 15 og 20 år får opplæring av kvinnelege jazzutøvarar. Vi møter Øiseth på jazzkurset, som blir arrangert for andre år på rad. Det er haustferie og i Nygårdsgaten 5, innarst i ein gong, i eit lite studio utan vindauge står unge jenter skulder ved skulder.

- Start med å gå i fjerdedelsnoter, klapp, rør ved brystet, instruerer slagverkar og komponist, Eva Klesse, endå berre 33 år gammal, og Tysklands første kvinnelege professor i instrumental jazz. - Hold takten nøye, det er ein tendens til at vi rører oss fortare og fortare om vi ikkje er nøye med tellinga.

Klapp. Klapp. Klapp. Hildegunn Øiseth rører seg i takt med jentene. Eva Klesse set seg ved trommene, stemninga i rommet er nesten hypnotisk, ein to, tre fire fem. Kven er din favorittmusikar, ein, to, tre, fire, fem. Miles Davies, Esperanza Spalding, Bill Evans. OK, interessant, svarar Klesse i takt med den jamne klappinga frå  24 jenter.

Var skeptisk
Vi går ut på gangen, høyrer lyden frå trommene og klappinga gjennom døra. Og eg spør kvifor Griegakademiet velger å ha eigne kurs kun for jenter.

Hildegunn Øiseth tek ein liten pause før ho svarer. - Det er litt skummelt å gjere det fordi eg sjølv har vore med i mange prosjekt som ikkje har ført fram. Så eg har vore forsiktig før eg gjekk inn i dette, men jentene gjer tilbakemeldingar som gjer at eg er blitt sikker på at kurs for jenter er rett veg å gå. Jentene seier at der kan dei teste ut ting, at dei føler seg komfortable. Allereie som så unge jenter har ein del opplevd negative tilbakemeldinger på at dei driv med jazz. Vi håper at etter kurset tør fleire å søke. At jentene forstår at kjønn er overhodet ingen begrensning når det kjem til musikk.

Jazzen speglar samfunnet
Korleis har kvinner påverka jazzen?

- På sosiale medier er det no mange som prøver å finne fram store kvinnelige instrumentalister. Dei har eksistert, men dei er viska ut av historia. Det finst gamle opptak frå jenteband under andre verdskrig, tragisk nok, når mennene var borte vart det ei scene for kvinnene. Jazzen speglar samfunnet. Eg trur at kvinner har veldig mykje å tilføre jazzen, og at kvinner kan påverke menn til å tørre å vere annleis. Musikken utviklar seg annleis når ulike mennesketypar er representert. Men jazzen er ikkje ein machokultur, vi ser også at mannsrollen i jazzen endrar seg. Eg meiner bestemt at jentene påverkar gutane til å spele meir sart. Det treng ikkje å vere slik at ein heile tida skal vise fram det tradisjonelt anerkjente innan jazzen, som til dømes hurtigheit på instrumentet. Men det byrjar også å bli mange gutar som spelar annleis enn det tradisjonelle, seier Hildegunn Øiseth som trekker fram Bendik Giske, utradisjonell både musikalsk og i det sceniske uttrykket.

-Det er heldigvis meir mangfold både blant gutar og jenter i jazz. Men det er viktig å tenke på kven som sit i jazzklubbane rundt i Norge. Der er det dessverre ofte slik at det er ein type jazz som er jazz.

Studerte klassisk
Sjølv tok Øiseth klassisk utdanning, men vart påverka av dei som gjekk på jazzutdanninga.
-Eg hang med dei og lærte av dei. Mitt første møte med jazz, var når eg begynte å synge jazz. Vendepunktet kom når eg under det siste året av utdanninga drog eg på audition til Bohuslän Big Band. 
-Eg stod bak ein skjerm med trompeten min. Etter mange rundar,  vann eg heile auditionen. Først på slutten skjønte dei at eg var kvinne. Nokre ganger ser eg for meg den skjermen, kva om vi ikkje ser den som spelar, seier trompetisten som skapte historie då ho som første kvinne vart  ansatt i eit storband i Sverige.

Korleis vart musikken din prega av så mange ulike retningar?

Då eg flytta til Sør Afrika i 1999 møtte eg det afrikanske, der fekk eg lyst til å grave i den gamle norske musikken. Etter åra i Afrika har det afrikanske vore med meg i all musikk. Eg har også reist austover og blitt inspirert av det. Det norske bukkehornet fann eg også på sufi-seremonier i Pakistan, eg drog heim og fekk tak i eit. Eg blei veldig begeistra for bukkehornet. Eg måtte lære meg sjølv, det var ingen lærarar på det instrumentet.

Standardlåtar er sentrale i jazzen

Går det an å definere jazz?
-Ein kan tilnærme seg jazzen uansett kor ein kjem frå. Ofte er det uklare grenser mellom jazz eller klassisk,
I hovedsak er jazzen veldig gehørbasert, men det seiast at klassiske utdanningar etterkvart også er meir gehørbaserte. Det ein kanskje kan seie er mest sentralt i jazzen, er alle standardlåtane. Det spelar inga rolle om ein spelar på ein klubb i Kina eller New York. Jazzmusikararar overalt møtest i dette, det er veldig sjarmerende med jazzen. Men improvisasjon er kjerna. På jazzkurset fokuserer vi blant anna å lære å føle i kroppen. For å kunne improvisere må musikken sitte i kroppen så ein etterkvert slepp å tenke.

Korleis vil du beskrive din inngang til jazz?

-Eg er ein melodikar og har alltid fokusert på å berøre. Det er første prioritet, det kan godt vere provoserande, eller stygt. Om  du vil inn i hjartet må du ta inn det som er sårt eller stygt. Det harmoniske har alltid komme i siste rekke, seier Øiseth. Ho legg til at ho ofte har tenkt på seg sjølv som ein outsider innan jazzen. - Eg har mi styrke i det sarte. Ved å tørre å vere veldig sart,  å gå langt ut i vare klanger, så tåler det samme publikummet at ein tar heilt av i den andre retningen, at det blir voldsomt og stygt. Eit anna kjenneteikn er at eg heile tida vil lære av dei eg spelar med. Mine største idol er alltid dei eg spelar med akkurat i augneblinken.

Det finst mange jazzplanetar
Sjølv liker Øiseth å samanlikne jazzen med stjernehimmelen. - Ein kan leve eit godt liv med jorda og månen og sola, men ein kan dra utanfor det til andre planeter og solsystem. Det tar aldri slutt, det er kjempespennande. Og eg ser det på jentene i løpet av veka. At dei beveger seg utover. Det er enormt spennande å observere frå dag til dag, når dei har ulike instruktører, med ulike måter å tilnærme seg jazzen, oppdagar nye jazzplanetar.

Kva er det som skal til for å bli ein god jazzmusiker.

- PÅ dette tidspunktet er det ikkje først og framst nivået, men ei slags nysgjerrigheit, ei åpenheit, og evne til improvisasjon. I den alderen skjer det så mykje. Når du møter dei på mandag, tenker du at nokre har «det». På fredag har kanskje enda fleire «det». Eg blir veldig rørt over at dei plutseleg tør. Mykje av grunnen trur eg er at her møter dei berre kvinner. Vi lærer jentene som kjem hit, at uansett kva du spelar, så er det «riktig», vi lærer dei at stillheita mellom tonane også er musikk, at improvisasjon er komposisjon, seier Øiseth.

Nytt kurs neste år
Jazzkurs for jenter er så populært at dei måtte avvise ein del jazzvokalister.
-Vi prioriterte instrumentalistar. Det er veldig mange som har talent men i slutten av tenåra dett dei av lasset. Dette må vi gjere noko med, seier Øiseth som fekk hjelp av jazzstudentar med jam kvar kveld under kurset. Til neste år blir det nytt kurs.
-Det er noko vi ser behovet for, og har konkrete planar om. Vi er veldig glade for at det var sju stykker som gjekk på jazzkurset i fjor som søkte jazzutdanning, og to av dei er no studentar ved Griegakademiet.


Fakta:
Hildegunn Øiseth har gitt ut fire soloalbum, tre av dei med Hildegunn Øiseth Quartet og medverka på ei rekke andre album. Våren 2020 kjem Hildegunn Øiseth Quartet med nytt album. Øiseth stod mellom anna bak bestillingsverket «Panda» til Trondheim Jazzfestival i 2019. Les meir om Øiseth her http://hildegunn.com/

 

Professor Eva Klesse er på Griegakademiet for å undervise på jazzkurs for jenter. (Foto: Jane Sverdrupsen).