Stipendiat 2013 – 2019
Fredrik Rysjedal er illustratør og teikneserieskapar og kjem opprinneleg frå Leirvik i Sogn. Fredrik si fyrste teikneserieførestelling var i 2013. Hans førestelling frå 2016, «Eg kjenner ikkje morfar», er del av hans stipendiatprosjekt. I stipendiatet har Fredrik forska på digitale teikneseriar, han har reflektert rundt premissa og eigenskapane til mediet og sett nærare på hybridiseringa mellom teikneserien og film. Fokuset på hybridforma har vore grunnlaget for dei to teikneseriane som Fredrik framfører i teikneserieførestellinga. Prosessane og erfaringane frå stipendiatperioden er dokumenterte i den skriftlege refleksjonen «Frozen Moments in Motion» som er tilgjengeleg på nettstaden www.researchcatalogue.net