Aashild Grana har leia Kunstakademiet gjennom utfordrande tider. Ho var dekan i 2012 då Avdeling kunstakademiet og Avdeling for spesialisert kunst slo seg saman til Avdeling for kunst. Men det stoppa ikkje der. I 2017 vart KHiB overdradd til Universitetet i Bergen – også då med Aashild Grana som dekan for Avdeling for Kunst. 

Kva skal du gjere no?

- Eg skal jobbe i hagen, men det har eg alltid gjort. Det er nok ei skjult småbrukerkjerring i meg, eg trivst med litt skit under neglene. Det beste eg veit er å få planter til å vokse frå et lite frø, eller frå ei plante eg har stole frå naboens hage. Eg er veldig glad i dei ville blomstrane, dei som kjem av seg sjølv, og å få dei til å spreie seg, smiler Aashild Grana, som klipper graset rundt prestekragane i hagen med neglesaks, så dei får luft. Grana pakter ein gard i Sunnhordland. Det er eit hus frå 1850 med tømmervegger. - Eg er lykkeleg kvar gong eg der. 

Kva blomstrar likar du best?

- Å det er mange, eg er glad i raudkløver, kvitkløver, tiriltunge, prestekrage, for ikkje å snakke om krokus om våren! Eg driv med foredling, eg kjøper ikkje planter på Plantasjen. Men no har eg fått pengar av mine skjønne kollegaer til å kjøpe eit frukttre. Eg deler hagen med hjorten. Om eg heng menneskehår på epletreet, som eg får frå mi venninne i den lokale frisørsalongen i Etne, så håper eg at hjorten skal late frukttreet vere. 

-Men du skal ikkje berre holde på i hagen?

- Å, nei. Eg skal fortsette å jobbe, men ikkje ha kalenderen så full som no. Eg skal inn i to veldig interessante styreleiarverv. Eg kjem fortsatt til å jobbe med kunst og eg kjem til å bruke alt eg har lært. 

Aashild Grana er utdanna kunsthistorikar og har hatt ei rekke leiarjobbar – mellom anna i Bergen Kunsthall og på USF. Frå 2012 til 2015 var ho rektor på Nordland kunst og filmskole. På KHiB har ho hatt to åremål som dekan, frå 2008-2012 og frå 2015-2019. Etter samanslåinga med UiB i 2017 vart Grana Instituttleiar på Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst.

Aashild Granas blikk gnistrar av liv når ho seier: - Eg er ikkje kunstnar, eg er ein fasilitator. Eg elskar å legge til rette for at kunsten skal komme ut. Mitt hovudfagsprosjekt var å sjå på preferansane i ulike kunstsamlingar, både private og til dømes Bergen Kunstmuseums samling. Men eg fann veldig fort ut at kunsthistorie ikkje er mitt fag, eg ville vere i det samtidige feltet. Så etter at eg var ferdig med utdanninga, jobba eg lenge i Bergen kommune si kulturavdeling med samtidskunst. Den ukjente kunsten har alltid trigga meg. Eg likar det som ikkje er satt.

- Kva vil du seie at du har lykkast med som leiar av ei kunstutdanning?

- Eg veit ikkje om eg har lykkast. I dei to åremåla eg har hatt på KHIB og seinare KMD har det vore store endringar. Dei første fire åra jobba vi med å slå saman Avdeling for spesialisert kunst og Kunstakademiet. Det var mykje motstand mot å slå desse saman. Folk var redde for at no mister vi den materialbaserte kunsten. Det var ei tøff endring, med nye studieplaner – ganske utradisjonelt. Vi var dei første i Noreg som slo saman dei to tradisjonane, den materialbaserte og den meir konseptuelle.  Men vi klarte å få med dei tilsette. Endringar skjer like mykje inne i hovudet hos folk som i den ytre verda, påpeikar Aashild Grana, som seier at om ho har lykkast med noko er det å gjennomføre tøffe endringar. Og om det var tungt med samanslåing av dei to kunstavdelingane i 2012, var nok fusjonen med UiB verre. 

- Sjølve planlegginga gjekk fint. Men UiB var totalt ubudd på å få ein institusjon deisande på matta og dei kunne vanskeleg ta det på strak arm. Vi fekk ei heilt ny organisering, utan administrative funksjonar knytt til instituttet. Og ikkje berre det, sommaren 2017 flytta vi også inn i Møllendalsveien 61, som baud på store utfordringar og krevjande tilpasningar. 

Medan studieåret 2017/2018 var eit svært tøft år, tok Kunstakademiet grep frå hausten 2018 og såg på rammene og korleis Kunstakademiet sin arbeidsmetode og særpreg kunne passe inn på UiB. 

- Det er store rom og mange moglegheiter innanfor systemet. Men vi må ikkje legge oss flate for det som er ‘vanleg’ og slik risikere å miste eigenarta vår. På ein måte har det vore litt gøy for vi er med på å utfordre og dermed også endre og utvide universitetet. 

- Har fusjonen gått på bekostning av faglig utvikling?

-Nei, nei, det å være en del av universitetet har opna opp eit heilt nytt landskap for å utvikle faget vårt, med nye samarbeidspartnarar og nye moglegheiter. Eg meiner det har ikkje gått på bekostning av det faglige.

Det som er faren er at studiestrukturen vår er ulik den som er vanleg på UiB. Det er svært viktig at vi klarer å behalde vår struktur, identitet og eigenart i det nye systemet. Og det er absolutt mogleg, men vi må bli mykje meir bevisst på kva vi er, kven vi er og kvifor vi må gjere det slik vi gjer. 

- Er du utslitt etter så mykje endringar?

- Eg er ikkje utslitt i det heile tatt. Eg har levd med kunstnarar heile livet  og kunstnarar er dei mest fantastiske menneske ein kan møte. Dei er fleksible, nøysomme, kreative og er alltid klar for å finne løysingar. Eg synes vi har hatt det veldig kjekt, både med staben og studentane. Eg får utrulig mykje energi av å vere med desse folka. Nokre gonger er eg så forbanna på dei at eg kunne kverka dei – men eg elskar dei alle samen. Men no er det også fint at det er over. Alt har si tid. Eit nytt liv venter! 

- Korleis ser du på kunstens rolle i ei kriseprega verd?

- Om ikkje kunstfeltet tar innover seg krisa, kven skal då gjere det? Kunsten er samfunnet sine auger, øyrer og kjensler. Kunsten er spegelbiletet på tida vår. Den skal minne oss det vi ikkje vil sjå eller det vi hadde glømt.
 
- Kven er det som kjem hit for å studere kunst?

- Det er svært stor søking til våre studieprogram og vi har svært gode studentar. Dei er seriøse, arbeidsomme og ansvarsfylte – og dei jobbar med tema som angår oss alle. Dei nye kunstnarane er utruleg fine å kommunisere med og har gjort at eg har trivst svært godt. Eg har enorm respekt for dei, seier Grana og peikar på at det er kunstnarane som skal halde oss vakne og bevisst på kva samfunn vi held på utvikle. 

- Kunsten er på mange måtar ordlaus. Eit kunstverk kan seie uendeleg mykje meir enn fjorten bøker. Forsking kan gje oss faktakunnskap om til dømes kor mange år kan vi overleve utan insekt, men eit kunstverk kan synleggjere dette og treffe oss emosjonelt og intuitivt. Kunsten kan snakke til eit rikt og finstemt sanseapparat.

- Men blir kunsten tatt i mot av samfunnet omkring?

- Kunst er eit krevjande felt. Det er ein ide om at ein skal forstå kunst, men kunst er ikkje noko ein skal forstå. Kunst er ein stad, eit rom for undring, for refleksjon, for ein annleis måte å sjå verda på. Men dette krev både tid og vilje og det er noko ein må jobbe med for å ta inn. Det vi ser til dømes på MA-utstillinga i Bergen Kunsthall, er bare toppen av isfjellet på den djupe refleksjonen som ligg bak desse arbeida. Som publikummar må ein vere open og nysgjerrig og gje kunsten tid til å tale, til å virke. Men då vil ein óg oppleve nye og annleis måtar å oppleve tilværet på!

- Blir du nokon gong trøtt av kunst?

- Nei, nei! Eg har brukt heile livet med å sjå på kunst og kunsten er ein viktig og sjølvsagt del av livet mitt. Kunsten stimulerer tankeverksemda, erotikken og gleda! 

- Kva tenker du om framtida for Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst?

- Vi har vore gjennom ein kraftig plumbovask dei siste åra, men vi har komme oss gjennom. Vi jobbar oss no inn i eit system som kan vere med å støtte opp om verksemda vår. Vi er ikkje heilt i mål, men vi er på god veg. Den økonomiske situasjonen på fakultetet er dramatisk, mykje på grunn av husleiga vi har i nybygget. Dette blir ei stor utfordring. Skal vi halde det same nivået må vi skaffe meir eksterne midlar. Det blir ein tøff jobb, men eg har stor tru på at Frans Jacobi (konstituert instituttleiar for Kunstakademiet) og staben vil ta dette arbeidet vidare på ein god måte.

- Vi var ein liten institusjon, der alle kjende alle og det var meir rom for å løyse ting på sparket. UiB er ein stor institusjon der linjer og system må vere på plass og følgjast. For oss var dette ein ny situasjon, men det er også heilt fint. I løpet av det siste året har vi sett oss inn i systemet, og som faktisk kjem til å fungere veldig bra – også for oss. Den viktigaste oppgåva for Kunstakademiet no er å spille på lag med systemet, men samstundes sjå til at vår identitet og eigenart blir teke vare på, seier Grana før ho avsluttar:

- Eg har lært så mykje. Hatt det så gøy, så tøft og så heilt fantastisk. For ei tid. Ei udelt glede og eit skikkeleg helvete!