I come to you like a bandit, to take from you what you treasure most in your hearts! I have tried, using every possible means, to get the order revoked. I tried - when that proved to be impossible - to soften the order.[…] Let this be a consolation to our profound grief.

4. September 1942 Klokka 1600 om ettermiddagen gjekk leiaren for ghettoen Litzmannstadt i Lodz, Chaim Rumkowski på talarstolen med desse orda. Dette har seinare blitt kjent som “Give Me Your Children”-talen. Bodskapen han hadde til jødane som var innesperra i ghettoen var grufull. Alle barn under ti år skulle deporterast. Makteslause mødre skreik i fortvilelse. Dei fleste hadde allereie skjøna kva som kunne komme. Nazistane hadde i dagane før tømt sjukehusa i ghettoen, spidda spebarn, kasta folk ut vindauga. I løpet av kort tid vart 15681 jødiske barn, sjuke og gamle frå Lodz-ghettoen sendt vekk.

Natt på herregården
Barna vart sendt med tog til dødsleiren Chelmno utanfor Lodz. Tyskarane ville ikkje jobbe overtid, så dei små måtte tilbringe natta i ein nedlagt herregård. Neste dag fekk dei beskjed om å gå om bord i lastebilar laga for å drepe med kullos. I løpet av tjue minutt var barna døde. I 1942 hadde nazistane endå endå ikkje perfeksjonert drapsmetodane sine med syklon B-gass. Dei første åra etter krigsutbrotet skaut og drap dei jødar, men det gjekk for sakte, dei som gjorde dette ble dårlige av det, difor foretrakk tyskarane at fangar skulle drepast inne i ein lukka bil. Bilen vart kjørt til eit audt område inne i skogen. Der hadde jødiske fangar som jobb å legge dei døde tre i breidda på rister, for så å bli brent. Nesten ingen av barna frå ghettoen i Lodz overlevde.

#HumanBeingDeported
No, 75 år etter, sit professor i illustrasjon ved Institutt for design, Hilde Kramer på kontoret sitt og teiknar steinar. Kramer er djupt involvert i prosjektet #HumanBeingDeported som vil bidra til at unge menneske skal minnast unge offer for andre verdskrig. Kramer forklarer prosjektet slik:
- Barna som døydde har inga grav, ingen minnesmerke. Gjennom #HumanBeingDeported ønsker vi å bidra til å halde minnet om dei levande, for slik å vise dei respekt. Ønsket vårt er å komme på innsida av denne ufattelege tragedien. Barna si skjebne er forsegla, deira død kan ikkje gjerast om, men vårt bidrag er ein motaksjon mot nazistane si tillintetgjering. Du kan samanlikne med å framkalle fotografi fra eit gammalt oppskrapa negativ, seier Kramer.

For å samle informasjon om dei døde barna går ho til arkiv. Der finst det oversikt over signaturer frå barn på dei ulike skulane. Dette fordi dei har skrive under på gratulasjon til den jødiske forstandaren. Det finst også registrering på boligadresse som kryssast opp mot deportasjonsregister. Slik får Kramer nokre haldepunkt for det jødiske barnet som skal minnast. Ein kan også samle informasjon gjennom reseptar til svoltande barn i ghettoen på sukker, mel, egg og smør.

Ein lagnad i lomma
#HumanBeingDeported er særleg retta mot unge menneske og det spesielle er forma dei døde barna minnast gjennom, og her kjem steinane kjem inn i bildet. Kvar deltakar får ein stein pakka i papir. Kvar stein representerer eitt av barna frå Lodz som døydde. På arket er nummer, navn, kjønn fødselsdato. Så skal deltakaren finne dei polske navna, gateadresse og legge steinen i lomma.
- Når deltakarane ber rundt på steinen i lomma ber vi dei ta på den og tenke på kva den representerer. Dei har den med seg når dei oppsøker adressa barnet budde på då det vart deportert. Til slutt skal tilskodaren ta rolla som illustratør og teikne steinen, slik skiftar illustratøren og tilskodaren roller, og tilskodaren blir kunstnaren, fortel Kramer som har henta steinane på Herdla og frakta dei til Polen. Ho seier at tanken er at kvar stein er tileigna ein person. Alle lagnadane blir gitt individualitet, gjennom uttrykket tegneren har gitt steinen.

- Det blir ei individuell helsing, ei minneshandling. Vi gravlegg dei på ein måte. I jødisk tradisjon er steinar brukt for å minnast ein død persons grav. Du tar ein stein og legg den på grava, då kan du bringe den med deg om du drar. Dette var særleg viktig for jødane som eit vandrande folk.

Ein levande minnekultur
Kvifor gjer du dette prosjektet?
- Jo meir ein veit om andre verdenskrig jo vanskelegare blir det å tru på at mennesket er godt. Men det finst døme på heltemot både på tysk og jødisk side. Eg ønsker å finne ut om vårt bidrag, som kjem frå teikning, kan gjere ein skilnad, sier Kramer fortel at ho er opptatt av minnekultur, og korleis du kan ivareta både dei som bur der no sine ønske og behov, men samstundes ikkje la Holocoust forsvinne i gløymsle.

I dag er Lodz ein by prega av arbeidsløyse og depresjon. Men slik har det ikkje alltid vore. Når industrialiseringa kom vart industribyen Lodz eit klondyke, og kjempestore tekstilfabrikker vaks fram. I byen budde russarar, tyskarar, jødar og polakkar. Men allereie ved krigsutbrotet i 1940 var teknologien gammeldags, byen fekk aldri ordentleg kloakksystem, det var skitent og gjørmete med mykje kullos. Dei fleire hundre tusen jødane som vart innesperra i ghettoen i Lodz levde under desperate forhold.

Planlegg bok
Hilde Kramer vil sjølv velge ut historiene til ti barn til eit eige prosjekt.
- Eg vil gå i fotspora deira, sjå på stadane der dei budde, gå så langt som eg kan komme i ei rekapitulering av eksistensen til desse barna. Eg ser for meg er at det kan bli eit bokprosjekt, fortel Kramer.
-Eg vil å illustrere rundt denne historiske hendinga, men det er viktig for meg at arbeidet mitt bygger på det som verkeleg skjedde. Eg er skeptisk til fiksjonalisering av Holocaust, ta til dømes filmane Schindlers liste eller Gutten i stripete pysjamas. Kvifor skal vi fiksjonalisere Holocaust når røynda var så sterk. Demokratiet er no under sterkt press i Polen, og det er derfor er viktig å snakke om dette, seier Kramer som legg til at studentane i prosjektet kjem frå ulike visuelle fag, men også historiestudentar og kunststudenter deltek med sine perspektiv. Ein annan del av prosjektet til Kramer er å intervjue overlevarar, endå finst dei. Ho har vore i New York og besøkt over 90 år gamle Salomea Kape som klarte å flykte frå ghettoen i Lodz. No har Kapes forteljing frå Lodz blitt til ein animasjonsfilm laga av studentar ved KMD, regissert av Hilde Kramer.

Å gripe den andre
-Eg er oppteken av illustrasjonsaktivisme; illustrasjonen brukt som verktøy for å formidle samfunnsengasjement, og vil bruke materialet i kunstnerisk utviklingsarbeid som fokuserer på teikning.
#HumanBeingDeported set nettopp spørsmålsteikn ved rolla til illustratøren i det 21. århundret, og spør om kombinasjonen av taktil utforsking og teikning kan engasjere tilskodaren på ein ny måte i ei hypervisuell tid. Samfunnet er så proppfullt med fotografi at vi blir numne og distanserte.
-I dette prosjektet ville vi undersøke om aktiv deltaking kan vere verktøy for å utvide både forståing av og emosjonell respons til ei historisk hending. Berre tenk på det engelske verbet «to grasp» kor ei blanding mellom taktilitet og forståing er til stades. Med Emmanuel Levinas sine ord: "if one could possess, grasp, and know the other, it would not be other», seier Kramer.