Modell av utstillinga "Det gode måltid". Modellen er laga av Mariell Kilvik og Iris Grindhaug Hveding. Foto: Vegar Vallestad.

Utstillinga er eit alternativ til møbelmessa i Stockholm som tredjeårs bachelorstudentane har bruka å delta på. Dette vart i år umogleg på grunn av Corona. Ein av dei som er med er student Vegar Vallestad.
- Sjølv om mange av oss hadde gleda oss til å vise fram prosjekta våre i Stockholm så er mykje av dei samme læringsmomenta ivaretatt når det gjeld å planlegge og gjennomføre ei utstilling. Når Stockholm ikkje vart noko av er dette eit fint alternativ, seier han.

Eit stort lagarbeid
Vallestad fortel at det har til tider vore travelt og krevjande å halde motivasjonen oppe for utstillinga, med usikkerheita i forhold til nedstenging, men at studentane er glade for at at utstillinga endeleg kan opne.

- Gjengen bak utstillinga har lagt ned ein kjempejobb og fortjener all mogleg skryt. Samarbeidet har fungert godt og alle har vore flinke til å bidra og fordele oppgåver seg imellom, særleg Ingrid Sandvoll Strømme har gjort ein uvurderlig jobb som koordinator, seier  Vallestad.

Det gode måltid
Temaet for utstillinga spring ut av eit fire vekers kurs ved Institutt for design der studentene har jobba med «det gode måltid».

- Kurset har hatt fokus på å jobbe konseptuelt og tematisk i forhold til aktuelle og sosiale problemstillingar knytt til design, fortel førsteamanuensis i møbel og rom/interiørarkitektur, Ørjan Djønne som var ansvarlig for kurset. Studantane vart utfordra til å utvikle design med vilje til eksperimentering og innleving i brukaren sin situasjon. Kurset har også fokusert på utstillingsdesign og korleis ein kan bruke scenografiske verkemiddel for å presentere og formidle eigne arbeid.

– Vi har jobba ut frå tanken om at eit måltid kan vere ein sosial aktivitet som har verdi langt utover maten i seg sjølv. Mat kan gje livskvalitet og gode opplevingar. Eit godt måltid dreier seg ofte ikkje berre om maten, men den sosiale konteksten ein et i. På ulike måtar har studentane jobba med denne tematikken og vi gler oss til å vise fram arbeida i Kode 4, seier Djønne.

Tenke alternativt og lokalt
Anette Høglund, styrar for Institutt for design, framhevar at Stockholmmessa plar vere eit høgdepunkt for  BA-studentar på møbel- og romdesign/interiørarkitektur.

- Her får dei vise kva dei har utvikla gjennom studiet, og dei får også erfaring med at planlegge og gjennomføre eit utstillingsprosjekt og å samarbeide omkring det. Det er sjølvsagt svært beklageleg at studentane ikkje kan få den erfaringa, og at dei ikke kan skape nettverk og promotere seg internasjonalt via messa. Men det er dei same betingelsane for alle, og vi må tenke rundt det.

- Difor er vi er svært takknemlege for at KODE har vist stor velvilligheit og gjeve oss eit rom til denne POP-UP utstillinga. På den måten får studentane oppfylt den delen av læringsmåla som handlar om utstillingsdesign og projekthandtering. Men dei - og vi - får også laga ei markering i Bergen by. Og dei blir merksamme på, at uansett kva utfordringar vi får, så kan vi utnytte dei til å tenke alternativt - og lokalt. Begge delar er vi sterkt opptatt av på instituttet.

Tone2.jpg
Tone Rose Svingen frå tredjeårs BAdesign deltek med dette verket. Foto: Vegar Vallestad.
Ingrid.jpg
Ingrid Sandvoll Strømme jobbar med bidraget til utstillinga. Foto: Vegar Vallestad
Fargepalett.JPG
Fargepaletten er i bruk under førebuingane til utstillinga. Foto: Vegar Vallestad