Fakultet for kunst, musikk og design er vertskap for festivalen som delvis blir arrangert i Møllendalsveien 61. Festivalen ønsker å bidra til den offentlege samtala rundt det å bli eldre. 

– Det viktigaste er kanskje å snakke om aldring på ein ny måte. Folk lever lengre, dei kan ha eit langt liv foran seg som pensjonistar. Korleis er samfunnet tilpassa dette? Vi som er opptekne av desse spørsmåla i forskinga vår vil utfordre det einsidige medisinske og samfunnsøkonomiske synet på aldring. Med festivalen vil vi skape ei vidare og meir perspektivrik oppfatning av kva det vil seie å bli eldre, seier Jill Halstead. Ho meiner det handlar om demokratiet vårt, og peikar på at når du er ferdig med å være produktiv blir du marginalisert. Du blir oppfatta som mindre verdfull for samfunnet, eller kanskje redusert til kategorien omsorgstrengjande, og stemma di blir ikkje lengre hørt.

Katalysator for en ny dialog om aldring
– Vi ønsker eit samfunn der folk kan bidra etter evne som medborgarar gjennom heile livet. 
Ein festival som Siste Kapittel kan være ein katalysator for ny dialog om aldring mellom forskarar, politikarar og eit breiare publikum. Det kan hjelpe oss å tenke, og gje oss nye idear og opplevingar, som kan vere meir fruktbare enn den økonomiske modellen der eldre mest blir framstilt som ei finansiell byrde. 

Gjennom arbeidet sitt med forskingsprosjektet Social Acoustics har Halstead vore involvert i arbeid med menneske med demens, mellom anna i prosjekt som utforskar musikk og beveglese som terapiform for demente. 

Ein festival for alle aldre
På Siste kapittel – en aldringsfestival kan ein oppleve visuell kunst, samtaler, konsertar, dans, foredrag, verkstader og botaniske omvisningar. – Dette er ikkje ein festival for eldre, men ein festival for alle aldrar, seier Jill Halstead. – Siste kapittel skal gjere samtalen rundt livets siste kapittel breiare og djupare. Vi opnar opp for usikkerhet, frykt og tristheit, men også opprør, livsglede og fornying.

Festivalen spør korleis verda ville sett ut om vi som samfunn kunne gle oss til å bli eldre, og dyrke den fridomen som aldring medfører. Kanskje vi kan bli bedre til å romme smerte og tap, og være modige i møtet med livets slutt?  Vi vil prøve å få publikum til å tenke over kva dei ønsker for sitt eige siste kapittel.

Halsteads involvering i prosjektet har vokse fram frå hennar interesse for sosialt engasjert kunst og kunstnarisk forsking på aldring og demens. Ho har mellom anna laga ein film som utforskar dans og demens, og som vil bli vist på festivalen. Halstead samarbeider med koreografen Beatrice Allegranti, som er ein av hovedtalarane på Siste kapittel.  Allegranti arbeider også terapeutisk med personer ramma av tidleg demens, der ho primært brukar dans og bevegelse. I denne praksisen har også  Halstead vore involvert. - Vi har mellom anna jobba med demenspasientar på sjukeheimar i England og Noreg, seier Halstead.

Eit samarbeid mellom KMD og HF
Halstead fortel at eit tverrfagleg team beståande av Wolfgang Schmid (Professor Griegakademiet), Margery Vibe Skagen (prosjektleier av Aldring i kulturhistorisk perspektiv, Institutt for fremmedspråk)), Soledad Marambio (postdoktor, Institutt for fremmedspråk) og  Halstead har arbeidd saman med festivaldirektør Anna Helle-Valle om festivalen. Det er eit stort samarbeidsprosjekt mellom KMD og HF som også involverer aktører fra psykologi og medisin og institusjoner som BNO, Sanitetsforeningen og KODE. KMD er vert for seminaret. - Vi ser fram til å ha fine arkitektoniske rammer, og ein fin kontrast mellom gamalt og nytt: Universitetsmuséet, muséhagen og KMD-bygget. 

Er dette den første festivalen om aldring i Norge? 

Ja, det trur eg at det er. Dette er ein festival som favnar vidt. Vi har prøvd å bringe saman ulike typer forskning, kunst og praksis knyttet til aldring. Dette er ikkje ein festival for «dei eldre» som ei interessegruppe, men for alle. Vi blir alle eldre, dette er ikkje et separat univers, men ein universell prosess, som allikevel ofte isolerer eldre frå dei yngre. Vi høyrer så mykje om dei negative sidene ved å bli eldre, det er angst knytt til det, men vi vil snakke om at det er mykje å feire med å bli eldre. 

Vi treng dei eldre
Så kva er det å feire? 

Ei slik festival kan bidra til at ein gjenoppdager nære ting som ein har glømt eller blitt blind for. I Huxley’s uhyggelige Brave New World er alderdommen eliminert, og ein skjønar kor fattig verda hadde vore utan eldre mennesker,  utan deira tankar, minner og ikke minst forbindelsen til tidligere tider og tradisjonar.

-Alderdommen kan være ein gylden periode, seier Jill Halstead, der ein kjenner seg sjølv virkelig godt, og alle livserfaringane kan brukast.  Nokre kunstnarar har hatt sin mest produktive periode på slutten av livet. Mange eldre seier at dei blir flinkare til å ikkje ta seg sjølv så alvorlig og til å være mer til stede i sitt eget liv når de veit at det ikkje varer evig.

Vi skjuler livets siste kapittel
– Men, seier ho, – samfunnet skjuler på mange måtar livets siste kapittel i eldreheimar. Folk er redde for å bli plassert der, og vi vil bidra til større medvit rundt at folk skal leve fulle liv til livet tar slutt. Vi kan i mykje større grad sjå på den fulle livslengden. Folk er livredde over å bli sårbare og å trenge hjelp og assistanse. Vi vil reflektere rundt denne redselen for å være ei byrde. 

Ved å vise kva folk gjer i sine siste kapittel, og ved å demonstrere kva kunst, musikk og humanistiske innsikter kan bidra med for vår forståelse av aldring, så kan vi endre og nyansere synet på aldring og innsjå at den angår oss alle på godt og vondt.

Jill Halsteads har komponert lydsporet til danseteaterstykket I’ve Lost You Only To Discover That I Have Gone Missing som utforskar kompleksitetane ved demens ved å takle tabu rundt sorg, intimitet og sårbarheit. Dette blir vist på fredag 18.juni.