Hovudbilde frå pop-up-utstillingen med arbeid frå collage/assemblage-workshop i emnet Diskursiv design. Frå venstre: Agnes Muren, Malgorzata Kuznik, Miryam Benazra, Åse Huus og Philipp von Hase.

Diskurs–omgrepet kjem frå den franske filosofen Michel Foucoult, men diskursiv design har utvikla ei eiga tilnærming, der ein erkjenner nødvendigheita av å stille spørsmål ved faglege konvensjonar, maktstrukturar og marknadstyring.

Designfeltets avantgarde
Diskursiv design har vokse fram over tid, men sjølve omgrepet er skapt av det amerikanske designparet Bruce og Stephanie Tharp, dei er kjent for boka Discursive Design: Critical, Speculative and Alternative things, som handler om mange ulike designparadigme, men som har til felles at det er ei meir antropologisk tilnærming til design, fortel førsteamanuensis Åse Huus, emneansvarleg for diskursiv design. Men sjølv om omgrepet diskursiv design og emnet er nytt ved Institutt for design, er diskursiv design ikkje nytt som designpraksis. Huus nemner til dømes designmiljøa rundt Superstudio, eit avantgarde arkitektur og designkollektiv etablert i 1966 in Firenze og hollandske Droog som hadde liknande praksiser på 1960 og 70– tallet. Den nye termen omfattar også kritisk og spekulativ design, som vaks ut av miljøet rundt Royal College of Art i London på slutten av 1990-tallet, med Fiona Raby og Anthony Dunne i spissen. Åse Huus har fulgt utviklinga på designfeltet tett og seier at dreininga i designfaget har pågått lenge, også på Institutt for design.

web-portrett-KHiB-aasehuus.jpg
Førsteamanuensis Åse Huus er emneansvarleg for diskursiv design på KMD.

Bygger utdanninga på FNs bærekraftsmål
– Vi har spurt oss sjølv kva vi må gjere for å bidra til samfunnsmessig utvikling på ein god måte. Det som kjenneteiknar designutdanninga ved Universitet i Bergen, slik vi underviser i dag, seier Huus, er framfor alt eksperimentering, nyskaping og ein kritisk praksis som ikkje bidreg til blindt konsum eller kommersiell vinning.

Dette stadfester også leiar ved Institutt for design, Mona Larsen.

– Det er svært viktig at vi som utdanningsinstitusjon utdannar studentar som bidreg til bærekraftige forbruks– og produksjonsmønster, utdanninga vår bygger på FNs bærekraftsmål, mellom anna mål nr 12, som handlar om ansvarleg forbruk og produksjon.

– Vi utdannar kritisk tenkande, samfunnsengasjerte designarar der bærekraft og "degrowth" er bærebjelken, seier Larsen.

Framtidas designarar
I følgje Åse Huus handlar diskursiv design like mykje om kvifor objektet eksisterer, som om korleis det er skapt. Ein oppmodar altså studentane til å tenke kritisk på marknad og kapitalisme, vere kritisk til eigen designpraksis. Det har komme kritikk om at omgrepet og innhaldet i diskursiv design er for kunstnært. Ein kritikk Huus meiner bommar.

– Det er ein like viktig ibuande kvalitet for design som for kunst å vere kritisk, som i andre skapande felt. Og om ikkje design, så kven? Det kritiske må gjennomsyre og designfaglege konvensjonar må til ei kvar tid utfordrast i ei utdanning som dette. Det ligg ei friheit i det, vi gjer studentane reiskapar til å tenke; Kva er di stemme, ditt «agency». Studentene er opptatt av kva det vil seie å vere menneske, av ny teknologi. Dei følger godt med, og utdanninga må være med å etablere verktøy til å manøvrere i framtida, seier Åse Huus som legg til at dei er fleire ved instituttet som relaterer eigen praksis og KU– arbeid til diskursiv og kritisk design, ikkje minst stipendiatane er opptekne av dette.

Auto– etnografisk design
I løpet av dei siste to tiåra har designfeltet splitta seg opp i mange retningar, slik at begrepet "design" no ofte blir modifisert av adjektiv som spekulativ, kritisk, diskursiv, eller meir løysingsorienterte tilnærminger som sosial design eller tenestedesign. Diskursiv design er ei designfagleg tilnærming der idear er like viktig som sjølve designet. Ideen kan vere konkretisert i objekt men også i sjølve samtalen, eller diskursen rundt designpraksisen.

Ei anna designretning som blir vektlagt i undervisninga i Diskursiv design ved Institutt for design, er den såkalla auto– etnografiske. Huus fortel av denne kjem frå ei aukande erkjenning av at design også veks ut frå den einskilde designarens personlege historie. Auto–etnografisk design søker design «som er fri for kommersielle bindingar, og i staden bidreg med oppriktigheit og ekte engasjement i designprosessen».

– Innanfor den auto-etnografiske vendinga i design, er det subjektive ein ressurs og motivasjon, eit middel i å kunne forstå, delta i, og til å kunne justere noko, og ikkje nødvendigvis ha ein brukar eller kommersiell aktør i tankane.

Som å få nye briller
Bachelorstudent på visuell kommunikasjon, Louise Häggström, var ein av dei som tok kurset. Eit kurs ho kallar  veldig fint og annleis.

– Vi har ikkje hatt noko liknande før. Det var ein heilt annan måte å sjå på design, som å få på andre briller. Det var rett og slett fascinerande, seier Häggström som har studert journalistikk, og synest at det var godt å få eit teoretisk fundament under designpraksisen.

– Ofte får ein som designar ei bestilling, til dømes om å lage ei visuell identitet. Difor er det veldig fint å fint å få tenke på tings betyding, og ikkje på at du skal lage noko som skal selge. Som designar var det utviklande for meg personleg å ta kurset i Diskursiv design. Eg likte til dømes veldig godt det auto-etnografiske perspektivet, der eg fekk høyre at ein sjølv har noko å bidra med, at mi stemme kan bli hørt, og mine opplevingar kan få eit uttrykk gjennom design. På kurset gjekk vi djupt inn i oss sjølv, faktisk tilbake til barndommen. Det var veldig fint å få dele dette med andre i ei gruppe, fortel Häggström som sjølv har vakse opp i Finland, som svensktalande i eit tospråkleg område, Jacobstad i Österbotten. Ho seier at kurset har styrka hennar tru på designfaget.

– Sjølv om eg liker design veldig godt, har eg hatt en motstand mot design som går på dette med at ein som designer i stor grad skal bidra til branding. Det i seg sjølv er ikkje feil, men eg har vore i tvil om korleis eg kan vere med og bidra til noko godt. No har eg fått verktøy til det.