Eg møter Signe Bakke for ein prat om kva ho tenker om all den kunstneriske anerkjenninga som har komme hennar veg, og historia bak innspelinga av albumet «Soccorci». For Bakke har den siste tida vore intens. I april, dagen etter at ho fekk vite om professor-opprykket, kom nyheita om nominasjon til Spelemannspris for «Soccorci». Albumet er basert på Morten Eide Pedersens samla klaververk, samt nokre av verka hans for ensemble. Eide Pedersen døydde i 2014 og var Bakkes kjærast.
The light that fractures through unquiet water
– Det er egentlig komponisten Morten som har fått prisen. Han var ein stor musikkpersonlegdom, mellom anna var han kjent for å bygge opp komposisjonsutdanninga ved Griegakademiet. Fleire av dei mest anerkjente komponistane i vi har i dag har kome frå denne utdanninga, seier Signe Bakke. Morten Eide Pedersen var kjent for å arrangere internasjonale komponisttreff i Bergen. Komponistutdanninga ved Griegakademiet la vekt på å stimulere studentane til å utvikle sitt eige uttrykk frå første dag og vart internasjonalt anerkjent.
– Morten var også ein veldig mykje brukt musikkformidlar, og han elska poesi, noko som viser seg i titlane på verka, med strofar frå T.S. Eliots diktning. Morten var aktiv på så mange felt at han hadde lite tid å komponere, men at det han komponerte har ei tydeleg eiga stemme og høg kvalitet, seier pianisten. Ho fortel at det har vore ei spesiell tid etter at ho fekk spelemannspris, ei emosjonell tid, med mykje mediedekning.
Overraska over nominasjon
– Eg er veldig glad for merksemd om prosjekta eg brenn for, og litt mindre glad for merksemd på meg som person. Men det er klart at det er stas, og betyr meir enn ein kanskje anar på førehand. Utan tvil motiverer det sterkt for vidare prosjekt, seier Bakke som strekar under at dei var fleire som fikk Spelemannprisen, mellom anna Kjetil Møster og René Wiik, begge på saksofon, og begge knytt til Griegakademiet.
Korleis trudde du albumet «Soccorci» ville bli mottatt?
– Det kom utan tvil som ei overrasking å bli nominert, og i tillegg få Spelemannsprisen. Vi hadde på førehand fått forholdsvis lite merksemd på «Socorcci», det var i koronatida. Men når den vart nominert var det ei stadfesting av at fleire enn oss på Griegakademiet synes dette er interessant. Eg er oppteken av Mortens musikk skal bli høyrt og gjort tilgjengeleg, og har tatt vare på partitura som var att etter han. Eg er utruleg glad for at vi faktisk har klart å skape denne plata. No skal det også partitura leggast på NB-noter (Nasjonalbibliotekets NB-noter).
Har løfta musikk komponert av kvinner
Internasjonalt har Signe Bakke blitt lagt merke til for albumet «Chrystalline» med musikken til den japanske samtidskomponisten Karen Tanaka, samt albumet «Pour Mi» med sanger av den franske komponisten Olivier Messiaen og hans første kone Claire Delbos. «Pour Mi» gjorde Bakke saman med sopran Liv Elise Nordskog.
– Sangane av Claire Delbos var ikkje tidlegare innspelt. Delbos var kjent som ei kvinne som etter ein operasjon mista hukommelsen, og vart buande på sanatorium i 20 år. Meir kjent er Messiaens andre kone, den svært dyktige pianisten Yvonne Loriod. Men Delbos var også ei begava kvinne. Det var så interessant å finne sangane hennar, ho har komponert desse sangane til dikt av mor til Messiaen, Cécile Sauvage, som var poet. Tekstane var om å være gravid og føde eit barn.
Vil utvide feltet
Karen Tanaka-albumet vart til etter at Bakke spelte komposisjoner av Tanaka på Autunnale-festivalen i Bergen i 2003. Tanaka var der festivalkomponist.
– Eg kom i kontakt med henne og musikken hennar som eg set veldig høgt. Eg meiner at musikken hennar er altfor lite kjent og eg laga eit samlealbum over det meste av det ho har skrive for klaver. For meg har det vore viktig å presentere noko som ikkje har blitt vist før, eg vil utvide feltet.
Bakke seier at når ho ser tilbake på karriera si så har ho «hatt mykje med kvinner å gjere».
– Eg har vore med på å fremje kvinnelige komponister, i tillegg til Tanaka og Delbos har eg vore med på urframføring av eit verk av Rebecka Sofia Ahvenniemi, finsk-norsk samtidskomponist utdanna ved Griegakademiet. Eg har også jobba med mange kvinnelege sangarar; no sist med Mari Eriksmoen. Dessutan har eg i mange år samarbeidd med min nære og gode kollega Hilde Haraldsen Sveen mellom anna om sangar av Agathe Backer Grøndahl, men også eit Grieg-album, innspelt i Griegs villa på Griegs flygel. Og så må eg jo nevne konsertane med søster Turid Bakke Braut - firhendig og to klaver - ein stor verdi gjennom heile livet.
Kvinner har også eit ansvar
Bakke har undervist og akkompagnert studentar på Griegakademiet sidan tidleg 1990-tal. Ho er no ei av tre kvinner som er professor på piano i Noreg. Dette gjeld både piano og akkompagnement. – Det er så tynt med kvinner at det er ei skam, seier Bakke som fortel at ein del av hennar eigen motivasjon for å søke opprykk til professor kom etter å ha høyrt på forskarar i Tromsø som forskar på kvinneandeler. – Funna dei presenterte fekk meg til å tenke at vi kvinner vi må skjerpe oss, at også eg måtte ta utfordringa og faktisk søke. Vi kvinner må også ta eit ansvar for skeivfordeling, seier Bakke.
Er du ein annan pianist no enn for 25 år siden?
– Delvis, for meg som pianist står klangelementet i front. Eg har brukt mykje tid på å utvide det klanglege. Det er noko av det som særmerker framføringane mine. I samband med professorsøknaden, las eg kritikkane for debutkonserten min, ein av kritikarane brukte ordet klangkunstnar. Han spådde at eg skulle gå i den retninga. Når eg les det no, så traff han særs godt. Noko som likevel har endra seg er at framføringane får gjerne ei enda tydeligare stemme, eg veit meir kva eg vil med musikken og kva eg vil utrykke. Eg har jo etterkvart spelt mykje forskjellig repertoar som har utfordra meg på ulike måtar og opplever at eg har ei større verktøykasse å bruke. Ungdomstida var full av lidenskap. Den er der endå, men kanskje på ein annan måte.
Elskar å undervise
Signe Bakke meiner at ting går i rett retning i akademia mellom anna fordi undervisning er meir vektlagt i saker søknad om opprykk. - Å undervise liker eg veldig godt. Det er så spennande med «møtet», ein kjem veldig nært på enkeltmennesket og musikken. Å være med å bidra i den prosessen har eg alltid syntest var noko av det finaste med å vere pianist. Nokre studentar har eg i seks år. Eg likar å sjå kva som skjer med dei, også med personligheita. Å slik være i kontakt med det skapande krev at musikarar nyttar heile seg, det er krevjande både fysisk, emosjonelt, intellektuelt og sosialt. Det er veldig, veldig spennande å følgje denne prosessen!
Korleis er det å følgje studentar gjennom mange år, og så sleppe dei ut i verda?
– Det går veldig fint. Vi veit at vi har dei til låns, av og til kjem dei innom og vi møtest. Eg er berre glad for å sjå at dei finn ulike musikar-roller etter utdanninga, som musikarar, lærarar eller administratorar.
Trur på kunsten
Bakke trur veldig på kunst og er oppteken av kva kunst gjer, både med enkeltmenneske og på samfunnsplan. Ho har jobba på musikklinja på Langhaugen, og synest det er svært viktig det elevane får med seg, sjølv om dei ikkje blir musikarar. Sjølv har ho hatt musikken med seg frå veldig ung alder.
– Eg har alltid undervist og hadde min eigen vesle pianoklasse allereie når eg gjekk på gymnaset. Eg var lærarbarn, far min var musikklærar. Eg er veldig opptatt av at klassisk musikk ikkje skal være berre for ein elite. Eg skulle ønske at skuleverket fekk ekspertise på feltet, og at musikk i alle genrer og kunstfag generelt stod høgt i kurs. Det er verkeleg viktige verdiar å gi vidare til barn og unge.
Sjølv plar Bakke å oppsøke moderne samtidskunst for å bli inspirert. – Det gir meg noko, eg er ute etter opplevingar, men eg søker ikkje berre mot kunst, eg går i fjellet også, smiler Bakke.
Musikk som blir vakrare jo meir ein lyttar til den
Bakke er med i det tverrfaglege pedagogiske prosjektet «Et sunt og bærekraftig musikerliv» der dei forskar på korleis sittestilling, pust og mentale haldningar påverkar det kunstneriske. I tillegg har ho andre prosjekt ho brenn etter å få gjort; mellom anna å jobbe vidare med Olivier Messiaens musikk. Og sist, men ikkje minst, det neste albumet med Morten Eide Pedersens musikk.
Heilt til slutt, korleis vil du beskrive musikken til Morten Eide Pedersen?
– Eg hørte med ein gong at det vart noko med den, og etterkvert vart den vakrare og vakrare. Året før han døydde var vi saman om eit bestillingsverk. Ein av satsane var ei skisse med fragment som eg sjølv skulle sette saman etter klare instruksjonar. Det var ein utrolig gøy prosess å samarbeide om dette. Haldninga hans som komponist var at han ville gje utøvarane stor plass i musikken. Komposisjonane åpna seg også for han når den møtte utøvaren. Men når det er sagt, Morten utforska ting på ulike måter i ulike komposisjonar, i nokre av dei var han superstreng, du får beskjed om absolutt alt, fortel Bakke med eit smil. Ho er veldig glad for at alle pianostykke på albumet vart innstudert og framført saman med Morten Eide Pedersen. At han fekk oppleve det.