- Det måtte bli kakefest på opninga, Kakefest har eit element av komikk, ved opningar er det ofte vin og kaker, det er ein symbolsk representasjon å koble seg til. Her integrerte det eine seg med det andre på ein uimotståeleg måte, svarer Joy Forums skapar Sveinung Rudjord Unneland på spørsmålet om kvifor akkurat kaker fekk spele hovudrolla under opninga.

Det forgjengelege
Ideen til kakefesten og gjennomføringa av kakebonansaen står kunststudent Marie Vallestad for. Ho går første året på bachelorstudiet ved Institutt for kunst og følger kurset Nomadic Structures der Joy Forum er ein modul.  – Eg er interessert i å jobbe med ting som ikkje er bestandige, kakeprosjektet er noko eg har tenkt på ei stund. Det var viktig at kakene skulle vere vanlege kaker, det blir som eit vestlandskakebord. Skikkeleg tradisjonsrikt. Det er ein slags kommentar til Statsbyggs visjon for bygget, det skal ikkje vere negativitet, så vi vil svare på dette med å servere kaker. Det er mykje vi leikar med her i Joy Forum, til dømes dette at vi er ein institusjon i institusjonen, og kaker er også ein institusjon.

Som det stod i invitasjonen til kakefesten: Kakene er laga akkurat som bestemor laga dei. Dei skal være laga med ekte ingredienser. Kakebordet er kultur, tradisjon og feiring. Det er autentisk, det er grandiost og det er kaloritett. Det er for spesielle anledningar, og for kvalitetstid med dine kjære.

Skal det vere 12 sortar?
Marie Vallestad har bakt dei fleste av kakene sjølv. Gjestane kunne velje mellom kransekake, rullekake, bløtkake forma som Møllendalsveien 61, suksessterte, kvæfjordkake, vanilla sponge cake til veganarar, ostekake, kringler, marmorkake, tropisk aroma, kransekakepinnar, hvit dame.

Andre studentar bidrog med åtte kaker, slik at til saman 20 kaker fekk plass på det overdådige vestlandskakebordet.
Vallestad var på forhånd spent på korleis kakene ville bli konsumert.
-Vi ville ikkje legge for mange føringar på korleis dei besøkande til Joy Forum skulle tolke kakefesten, seier Sveinung Rudjord Unneland, som er universitetslektor ved Institutt for kunst. Han seier at kakeorgien også eit spark til dei høgtidelege opningane som har vore av Møllendalsveien 61, og eit forsøk på at studentane skal vinne tilbake bygget.

Etterpå sa Unneland at alle han hadde snakka med var overveldande positive. -Ein interessant kommentar var at no endeleg føltes det som om at vi har flytta inn i denne nye institusjonen. Ja som om dette var den eigentlege begynnelsen. 

Innhald heller enn ytre faktorar
Var det mykje overspising?
-Der kan eg vel berre snakke for meg og ungane mine som var oppgira langt ut over ordinær leggetid, seier Unneland. Han meiner at KMD har mangla ein gøy stad som kan punktere skiljet mellom studentar og tilsette. - Med det nye bygget har det også komme eit vanvittig fokus på ytre faktorar, vi vil dreie fokuset til innhald, påpeiker Unneland som lenge har vore opptatt av sjølvorganiserte kunstinitiativ. Opprettinga av Joy Forum er altså ein del av kurset Nomadic Structures på første året på bachelor, leia av nettopp Unneland, som også i sin eigen kunstneriske praksis er opptatt av sjølvorganisering.

- Bygget har føltes litt framand, men med Joy Forum gjer vi bygget i støre grad til vårt, stadfester Marie Vallestad. Førsteårsstudent Susanna Antonsson som også er medlem av Joy Forum meiner at arbeidet med det nye galleriet viser at det er stor openheit for denne typen initiativ også etter at Kunst- og designhøgskolen har blitt innlemma i UiB. – For meg har det vore veldig fint å komme inn på skulen og oppleve denne openheita. Det er mykje bra kultur som blir vidarebrakt inn i det nye. 

Eit mystisk prøverom
-Joy Forum begynte med eit innfall, fortel Sveinung Rudjord Unneland. Eg såg at prøverommet som Statsbygg og Snøhetta hadde laga på nabotomta, hadde ei absurd og mystisk utforming, og eg fekk ein idè om at vi kunne disponere dette.
Dei ytre veggane på Joy Forum er til Snøhettas «Test room» frå byggeperioden i Møllendalsveien 61. Materialene som visest på ytterveggane til Joy Forum er det same materialet som elles er skjult inne i veggane i Snøhetta-bygget. Innsida av rommet fungerer som ein kvit-kube, egna for alt fra små presentasjonar, utstillingar, screenings, intime konsertar og forestillingar og liknande. 

Kan ta skiltet og stikke
Rudjord Unneland gjekk til instituttleiar på kunst, Aashild Grana, som gav ideen tommelen opp. Deretter måtte han kontakte Statsbygg og Veidekke. Prodekan for utdanning, Linda Lien, var den neste som kom inn i biletet. Ho foreslo at Unneland og studentane kunne sette opp Joy Forum i Nedre Hall. Men det kolliderte med Borealis, og derfor vart det flytta inn inn i resepsjonsområdet, og skal no bli ståande på ubestemt tid. 
- Men det permanente er noko vi i Joy Forum vil unndra oss, plutseleg kan det hende vi tar med oss skiltet og stikk ein annan stad. Vi ønsker oss at innholdet i Joy Forum skal vere foranderleg og kanskje vil studentane overta drifta. Alt er ope, men foreløpig er planen å ha ei ny utstilling kvar veke, seier Unneland. 

Forum Romanum
Vi kjem ikkje utanom namnet, kvifor Joy Forum?
-Joy Forum har mange konnotasjonar, frå det britiske post-punk-bandet Joy Division, til det romerske forum, som er noko som kom før kunsten, og er ein stad for samtale, small talk og sladder. Noko som er tilgjengeleg og skjer i forbifarten. På Joy Forum kan alt skje, lover Unneland. 

Eller for å sitere Joy Forums manifest: I dette tvetydige området mellom glede, oppriktighet og skjønnhet, samt følelsen av maktløshet og fortvilelse, vil gledeforumet starte en demokratisk plattform. 

Fakta:
Joy Forum er eit uavhengig galleri og utstillingslokale for studentar ved Institutt for kunst, design og musikk (KMD) i Bergen. Galleriet ligg i institusjonen, bygd som ei eiga eining.

Joy Forum har som premiss å vere anti-statement og anti-arkitektur i konfrontasjon med den omkringliggande bygningen.

Medlemmer av Joy Forum:
Susanna Antonsson
Sigurd Hansen
Marie Vallestad
Rasmus Jäderström
Susanna Antonsson
Sveinung Rudjord Unneland
Gard Andreas Frantzsen

Klikk på bildet under for å åpne billedgalleriet: