- Ensembleledelse treng utvikling, så det er veldig bra at det endelig har blitt oppretta ei fast stilling ved Griegakademiet, seier Sagstad. Stillinga hans som førsteamanuensis er førebels primært å lede halvtårsstudiet ensembleledelse 1.

- I mai 2020 har vi til dømes fire studentar som skal ha eksamen med Dragefjellets musikkorps, fortel Sagstad som seier at det er god søkning til Ensembleledelse 1. No arbeider han med å bygge opp ensembleledelse 2, ei vidareutdanning på 30 studiepoeng med hausten 2021 som startpunkt.

Høgt nivå på Vestlandet
- Vidareutdanninga er første skritt, men det store målet for meg er at vi klarer å opprette eit masterstudium i ensembleledelse, seier Bjørn Sagstad. I følgje den erfarne dirigenten er ensembleledelse eit ganske breitt fagfelt, som rettar seg mot korps-, kor- og orkester-  og storband-dirigentar, der ein kan forme fagtilbodet ut frå kva studentar som søker seg til studiet. - Her på Vestlandet har vi ein unik praksissituasjon, med eit enormt høgt nivå på eventuelle praksisensembler eller ensemble ein kan følgje tett, som til dømes Bergen Filharmoniske Orkester, Sjøforsvarets Musikkorps, Eikanger Bjørsvik Musikklag, Krohnengen Brass Band og Dragefjellets Musikkorps.

Ingen typisk maestro
Sagstad ønsker seg også nye samarbeidspartnarar, og har planar om å opprette samarbeid med Royal Northern College of Music i Manchester. Han oppmodar også folk som er interessert i ensembleledelse om å ta kontakt og melde inn behov og ønsker.

Kva type dirigent er du sjølv?

- Eg vil seie at eg er ganske moderne i leiarstil. Eg vil spele på lag, vere ein lyttande og utforskande leiar og invitere til samskaping og medbestemmelse mellom musikarane og meg sjølv. Men balansere dette opp i mot eit periodevis absolutt eigenvelde. Eg likar å utfordre den kanskje typiske maestrostilen, smiler Sagstad, som seier han er takksam for å ha hatt mange kollegaer som har jobba hardt og godt med å drifte ensembleledelse på Griegakademiet før han.

 

 

- At stillinga no har blitt fast, skuldast mange års jobbing med å få det til, seier Sagstad som pendlar til Bergen frå sin faste bopel i ein seglbåt i Trondheim. Han seier at han er på eit punkt i livet der han har eit stort engasjement for å vere lærer og ause av erfaring frå ei rik karriere. - Men eg vil kombinere arbeidet på Griegakademiet med mitt verke som dirigent. Akkurat no er eg inne i eit lokalt prosjekt med Marianne Juvik Sæbø som eg skal dirigere, i tillegg til ein turne med Luftforsvarets Musikkorps i Trondheim, fortel Sagstad.

Fakta:
Bjørn Sagstad har dirigentutdanninga si frå Royal Northern College of Music, NTNU, Universitetet i Tromsø og Griegakademiet. 

Han har dirigert Trondheim Symfoniorkester, Bergen Filharmonien, Oulu-symfonien i Finland, Århus Sinfonietta, Odense Symfoniorkester, Sønderjylland Symfoniorkester, Hong Kong Sinfonietta og nesten samtlege militærkorps/-orkestre i Skandinavia og den Nederlandske Marine og Royal Marines i England.