Det var dårlege isforhold på Geilo som gjorde at den trettande Ice Music festival måtte flyttast til Finse. Ismusikar og førsteamanuensis ved Griegakademiet - Institutt for musikk, Terje Isungset og professor ved Institutt for design, Petter Bergerud hadde med seg studentar opp på høgfjellet. Designstudentane bygde alle musikkarenaene, og studentane frå Griegakademiet bidrog med musikk.

– Finse fungerte endå betre for studentane enn det Geilo har gjort, seier leiar  for Institutt for design, Mona Larsen. Ho meiner at dei intime forholda på Finse, der ein er isolert på i fjellheimen, gjorde det faglege utbyttet for studentane endå større.

– Det var utfordrande forhold å jobbe under, iskaldt og vindfullt, men når ein er nokre få menneske som jobbar saman for å få bygd konsertlokale av is, då blir ein godt kjent og må hjelpe kvarandre, seier Larsen. Det blir også større rom for kontakt på tvers av ulike fagområde når ein er saman på ein så øde stad i ei veke, og ingen kan gå kvar til sitt. Ho strekar under det imponerande arbeidet studentane gjorde, ikkje minst fordi alt var nytt på Finse. 

Saka fortset under videoen.

Å lage det umoglege
13 studentar var med frå Institutt for design, tre på master og ti på andreåret på bachelor. Desse vart leia av professor Petter Bergerud. Han har jobba med snø og is som byggemateriale sidan tidleg på 1980-talet og har utvikla ei rekke nye teknikkar for bruk av desse materiala.
Design-studentane hadde altså den utfordrande oppgåva å bygge arenaen der musikar, primus motor og førsteamanuensis ved Griegakademiet, Terje Isungset og  studentar frå Griegakademiet spelte på sine spesiallaga instrument.
– Inngangen og bakre del av arenaen var overdekket av isstrukturar, men sjølve rommet der musikarane spelte var ope, slik at ein kunne sjå stjernehimmelen over. Det var usedvanleg vakkert og stemningsfullt, seier Larsen.

Frå BBC til Hindustan Times
I dagane før festivalen var det sterk vind og nedbør og tre konsertarenaer vart øydelagte, men studentane dei held ut og lykkast til slutt med å skape konsertlokale som kunne brukast.

BBC sendte ikkje mindre enn tre journalistar som var på Finse gjennom heile festival-helga. Snart kjem dei med med eit lengre innslag frå festivalen.

Saka fortset under videoen

Det franske nyheitsbyrået AFP har selt sak og video om Ice Music Festival til aviser over heile verda, til dømes kan ein lese i Hindustan Times: The xylophone, claves and wind instruments have been painstakingly carved from ice blocks extracted from a frozen lake. Artikkelen har også med bilete av bygginga av igloen og Terje Isungset som spelar på eit horn av is.


Ismusikkens far
Terje Isungset som er opphavsmannen og den som har stått bak Ice Music Festival sidan 2005 er sjølv full av lovord om Finse som konsertarena for ismusikk.
– Det gjekk kjempebra og studentane gjorde ein super innsats, seier han.
Isungset seier at samarbeidet med Institutt for design er heilt avgjerande for ismusikkfestivalen. Dei lager alle rammene rundt konsertpresentasjonen noko som er avgjerande for resultatet. Eit slikt samarbeid er svært bra og berikande.
Isungset meiner at det var eit løft å flytte festivalen til Finse.
– No er vi midt i naturen! Midt på fjellet! Alt er på naturens premissar. Stemninga er magisk og alle i publikum vi har snakka med er nøgde. Det kom folk eins ærend frå Australia, USA, Japan, Belgia, UK, Tyskland, Polen og andre land, seier Isungset som også hadde med seg andre musikarar i tillegg til studentane frå Griegakademiet..

Under festivalen på Finse var temperaturen nede i 27 minus. På nettsidene til Ice Music Festival star det at jo kaldare det er, jo meir skjør og fortryllande let lyden frå instrumenta av is. Kan ein verkeleg lage god musikk på instrument av is?

-Ja. Eg ville aldri gjort det om det ikkje var ei meining med det kompositorisk, kunstnarleg og musikalsk. Eg har jobba med dette i tjue år, det er livsverket mitt, seier Isungset som også er førstemanuensis ved Griegakademiet. Han har allereie har kasta ballen over til Institutt for design og seier:
– Eit vidare samarbeid for 2019 må planleggast snart.