Foto: Kjetil Møster på Bergen Kjøtt

Vi møter Kjetil Møster på Bergen Kjøtt der han har studio. Bergen har vore grå og våt i månader men i Møsters studio er det fargar og liv. Veggane er oransje og taket har oransjeblomstrete tapet, hyller og miksepult er nesten ferdigsnekra av Møster sjølv.

–  Dette blir faktisk mitt første studio som er heilt mitt eige, seier saksofonisten. 
 
Det ser ganske travelt ut å bygge studio rett før du skal disputere? 

– Haha, ja det går i øving og snekring. Eg har vore frilanser siden 25.juni og 1.juli fekk eg barn nummer tre. Så det er veldig mykje å gjere. Men den kunstneriske refleksjonen er ferdig så då kan eg puste litt lettare.  

Ikkje reproduserbart
For Møster har vegen fram til doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid tidvis vore frustrerande. Han fortel at han i starten ikkje var medviten nok på skilnadene mellom vitskapleg forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid (KU).

– Lenge var eg superforvirra, men etterkvart fall det på plass. Eg ville ta feltet kunstnarisk utviklingsarbeid på alvor, og la det skapande stå i sentrum, medan det reflekterende belyser og overset det kunstnariske.

I følge Møster sirklar prosjektet hans rundt mange av dei same spørsmåla som då han starta i 2016, men innpakninga er annleis. 

– Arbeidet har vore ei bevisstgjering om kva det betyr å vere musikar. Men det opnar for andre spørsmål også, som: Kva er forskning, kor reprodusertbart skal det vere? Kva betydning kan denne forskninga få for andre?

Møster seier at det har vore frigjerande å lande i at KU er noko heilt eige, og skal vere det. 

– I til dømes fysikken skal all kunnskap og data vere reproduserbart. I mi forsking er det motsette poenget. Det er absolutt ikkje ønskeleg at det eg gjer og skaper skal kunne reproduserast, verken av meg sjølv eller andre.  

Her, no!
Møster seier improvisasjon er kjerna i arbeidet hans. Han kallar det ein arbeidsmetode der ein utforskar nye verktøy og samarbeidsprosessar, set saman ulike element, og forheld seg til omstendigheitene slik dei er i augneblinken. 

Som del av doktorgradsarbeidet har han levert inn sju timar med videomateriale. Her visest ulike måtar å improvisere på, mellom anna ei konsertforestilling fra Henie Onstad Kunstsenter frå 2016. Dette er ein eksperimentell improvisasjonbasert konsert der artisten Lars Vaular bidrar med poesi. I sentrum for konserten er lyspyramide skapa av Kyrre Heldal Karlsen som responderer på lyden musikarane laga. I tillegg til Møster, bidrog Jørgen Træen og Frode Kvinge Flatland på modulære synthesizarar.

–  Publikum kunne stå kvar dei ville i rommet, alt var i flyt. Lyspyramiden var det eineste som var klart på forhand, musikken vart skapt der. Vi improviserte fram nokre rammer som vi improviserte innanfor. 

Konserten på Henie Onstad vart nominert til årets konsert i 2016 av Natt&Dag, og var med på å stake ut kursen for Møgsters doktorgradsarbeide. 

– Eg tenkte at her låg det noko. Denne måten å jobbe på sparka i gang ein metodikk som hjalp meg til å sleppe kontrollen, tenke flat struktur.  

Lars Vaular, Kjetil Møster, Jørgen Træen, Frode Flatland og Kyrre Heldal Karlsen. 

Pyramiden, Henie Onstad Kunstsenter, 2016. Video: André Løyning.

Å overføre ein metode

Med bandet Møster har Kjetil Møster gitt ut fem plater. Då han søkte doktorgradsstipend ønska han å bruke bandet som prosjektensemble. Møster seier at sentralt i refleksjonane rundt den musikalske praksisen er overførbarheit.
– Eg har publisert fem prosjekt  i Research Catalogue. Til kvar av av dei høyrer video og lyd, og tekst som reflekterer rundt prosjektets metode. Eg har prøvd å skrive refleksjonane slik at ein kan kjenne att problemstillingane, sjølv om ein jobbar med noko anna. 

Du har sagt at doktorgradsarbeidet endra deg, kan du seie litt om på kva måte?

– Min tidligare måte å jobbe på var i større grad låst til ein bestemt måte å gjere ting på. Eg følte meg meir åleine om ansvaret for å produsere masse idear. Med metoden som kom inn etter KU– arbeidet mitt,  fann eg måtar å sparke i gang prosessar som produserer i seg sjølve, altså musikarane i fellesskap. Med å snu ein i utgangspunktet hierarkisk modell 90 grader til å bli meir nettverksbasert, er det lettare for meg å tore å feile.

Har du blitt ein bedre musikar av å ha drive med KU?  

– Ja. Eg er ein mykje bedre musikar i form av at eg er tilstadeverande og opptatt av samarbeid. Eg har gått frå å være veldig ansvarstynga til å tenke meir anarkistisk. Blant musikarane i Møster! bur det ufatteleg mykje kunnskap. Det å skulle instruere dei til å utføre mine idéar, vil auke faren for at eg går glipp av store deler av denne kunnskapen. Men om eg lar dei i like stor grad forme resultatet ved å la dei fritt ause fra denne kunnskapen inn i musikken, gjer det store uventa resultat, som eg aldri ville greidd å finne på åleine.  

Improvisasjon og komposisjon
Når du fekk stipend var planen å forske på korleis teknologi kunne utvide rolla til ditt eige instrument, saksofonen. Prosjektet ditt heiter  «Playing the Electrophonic Saxophone». Handlar prosjektet framleis mykje om teknologi?

– Teknologi sentralt i den praktiske delen av prosjektet, men har meir fylt ei rolle teknisk. Min energi er luft. Blåseenergien og elektrisitetsenergien møtes i teknologien, og det er der det skjer interessante ting for min del. Det er ikkje så mykje i sjølve teknologiensom i kva teknologien gjer med saksofonspelet, seier musikaren, som bytta frå trekkspel til saksofon då han var 11 år gammal.  

Utanfor er himmelen over Skuteviken framleis grå. Kjetil Møster set seg på den nybygde benken med saksofonen. Han skal på turné og må øve. Bergen Kjøtt er stille, men alt heng sammen, eit nettverk av musikk. I taket har Møster og produsenten hans, Jørgen Træen, same optimistisk psykedelisk blomstrete tapet som ei motvekt mot det sugande grå novemberlyset.