Ei av dei som tar avsluttande eksamen er den finske pianisten Anni Savolainen. Konserten blir streama og Savolainens familie og venner i Finland kan følge med over nett.

Etter fjorårets avlysning av eksamen er masterkoordinator Einar Røttingen svært glad for å ønske velkommen til ti konsertar som er opne for publikum. 

Det er 12 studentar frå Griegakademiets masterprogram for utøvande musikk som tar avsluttande eksamen i vår. Av desse er ein koronafast i heimlandet og må ha ein alternativ eksamen. Ein student på jazz har allereie holdt sin eksamenskonsert.Ti av utøvarane tar avsluttande eksamen i klassisk musikk, medan ein er på jazz og ein på komposisjon.

På Masterkonsertane i aulaen kan det vere opp til tjue publikummarar. - Alle konsertane skal også streamast, fortel produsent ved Fakultet for kunst, musikk og design, Olav Tveitane.

Strålande studentar
Masterkoordinator Einar Røttingen seier studentane har hatt særs god innstilling til alle problema korona har ført med seg: - Studentane er berre strålende, det er høgt nivå, dei er positive og støttar kvarandre. Målet har vore å ikkje la korona skape depresjon, og dei har vore svært flinke til å ha kontakt på de måtene som vi kan ha.

Røttingen fortel at Griegakademiet har kunna halde fram med individuell undervisning gjennom heile året, bortsett frå nokre veker.
- Individuell undervisning og rettleiing er kjerna i vår musikkundervisning. Men vi har måtta inngå kompromiss når det gjeld ensemble. Samspel har vore eit problem under Corona, sidan det har vore mykje fram og tilbake med kor mange vi kan være i eit rom og ensembleaktivitetene har lide under dette. Dette gjeld i høgaste grad jazz, men også klassiske disiplinar som song, strykarar og blåsarar.

2020 – eit veldig trist år for utøvande musikk ved UiB
I følgje Røttingen har dei vore veldig opptatt av å ikkje få korona inn på Griegakademiet, for då ville ein ikke lenger kunne få unntak frå regelen om stengt campus. – Det har vore essensielt for oss å sikre eksamen, seier Røttingen, som kallar 2020 veldig trist. – Vi måtte avlyse alle dei utøvande eksamenane. Det var fortvilande for ein institusjon som handlar om levande musikk, å ikke kunne ha eksamenskonsertar. Sjølv om det er begrensa kor mange vi kan ha i publikum, skal vi som sagt streame på direkten, da kan foreldrene til våre japanske og finske masterstudenter følgje med heime frå stova. 

Vil profilere avgangskonsertane
Produsent Olav Tveitane seier at ambisjonen er at masterkonsertane skal vere like profilerte som masterutstillinga i kunst. - Det er ikkje så lett å få til med begrensa antal publikummarar til stades i salen, men i Aulaen er det ei veldig flott og høgtideleg ramme rundt konsertane, og neste år vil verda forhåpentlegvis vere meir normal og vi kan gjere endå meir ut av avgangskonsertane.

Konsertane blir spelte med sensor og faglærar til stades i salen, eventuelt via streaming om sensor ikkje får lov å reise. - Resultatet får studentane rett etterpå, meddelt musikaren på bakrommet, seier Olav Tveitane.

Masterkonsertene