Torleif Torgersen hadde med eit brev til Dag Rune Olsen. Foto: Hilde Kvalvaag 

– Eg hadde ingen idé om at forskarar og studenter ved KMD var så engasjerte, sa rektor som fekk ei direkte oppfordring fra professor ved Griegakademiet, Torleif Torgersen, om at UiB må erklære klimakrise snarast.
-Universitetet i Bergen må gå foran og vise vegen i den krisa vi er i. Og handle som om vi er i ei krise, sa Torleif Torgersen, som hadde med seg eit brev til rektor «The SDG Accord: The University and College Sectors response to global goals.» Ved å skrive under på brevet forpliktar utdanningsinstitusjonar seg ovanfor kvarandre til å gjere meir for å nå klimamåla. Resultata skal presenterast på det årlege  UN High Level Political Forum.
­

Orkester slutta å fly
Torgersen peika på at verda står i ein svært alvorleg situasjon og at vi alle må løfte i flokk for å vise at vi tar dette på alvor. Pianoprofessoren fortalte om Helsingborgs symfoniorkester i Sverige som har slutta å fly, og heller ikkje tek i mot gjestemusikarar som flyr. – Det er vanskelegare for oss i Bergen å vere så klimavennlege på grunn av vår geografiske plassering, men det kan gjerast spennande ting utan at vi må fly jorda rundt.
 – Det har vore døme på konsertar, der musikarar frå ulike delar av verda spelar saman i sanntid og det blir overført over nettet. KMD har eit enormt potensiale for å vere ansiktet utad på korleis vi ved UiB forheld oss til klimakrisa, meiner Torgersen.

Reising vanskeleg tema
Rektor Olsen sa at han tok inititativ til møtet om bærekraft på KMD fordi han ønsker å lære meir om kva som rører seg på UiBs nyaste fakultet. I sitt innlegg understreka Olsen at for å nå FNs bærekraftsmål, står vi ovanfor svært komplekse problemstillingar. – Det er finst ingen enkle svar på desse spørsmåla, og vi treng det best moglege kunnskapsgrunnlaget for å gjere gode beslutningar, sa Olsen som nemnde bekjemping av fattigdom i utviklingsland som i sin tur kan føre til auka utslepp som eit døme på slike kompliserte problemstillingar. Han nemnde også at økonomisk teori er viktig fordi det kan seie noko om korleis til dømes skattlegging av CO2-utslepp kan nyttast som verkemiddel.

- Det som vil bli vanskelegast med å bli eit klimanøytralt universitet er reising. Det er ei konflikt i at vi ønsker å vere eit internasjonalt universitet, dette er sjølve identiteten vår, samstundes veit vi at dette fører til store klimagassutslepp. På tampen av 2019 kjem det ei styresak mellom anna om reising, på grunnlag av anbefalingar frå eit utval leia av professor Tore Furevik ved Bjerknessenteret, sa Dag Rune Olsen.
 

KMD kan målbære klimakrisen i offentlegheita
Fleire av innlegga peika på at Fakultet for kunst, musikk og designs frie stilling kan gjere dei til budbringarar om klimakatastrofen. Masterstudent Julian Schlicht var på møtet og fortalte  om den interaktive designutstillinga  “The Affluenza Center for Overconsumption” som ser på individuelle forbruksval.  Under utstillinga vart 187 personar med til eit «legekontor» der dei fylte ut eit skjema om sitt klimaavtrykk, og fekk så foreskrive ein «medisin» ut frå klimaavtrykket.

Aktivist og kunstnar
BA2-student i kunst, Sofie Gustafsson, er aktivist i Extinction Rebellion og tar aktivismen inn i sitt kunstneriske arbeid.
-Aktivisme gjer meg nye perspektiv, eg aksjonerer saman med foreldre som gjer opprør for sine barn, og saman går vi rett inn i det vi er mest redde for. Det er ein veldig spesiell og ny måte for meg å møte andre menneske på. Eg meiner at det utvider det kunstneriske rommet for meg, men samstundes førebur eg meg til ein aksjon på same måte som eg førebur t.d. ein performance, fortalte Gustafsson.  

Kunsten kan gje andre svar
Professor og instituttleiar ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst, Frans Jacobi, er kjent for å ha eit framtredande klimaperspektiv i kunsten han skapar.–  Eg blir alltid spurt om det, og ja min kunst er politisk. Eg trur ikkje på kunst for kunstens eigen del, kunst må forholde seg til samfunnet. Vi skal bruke kunsten for å gje andre svar på samfunnsmessige kriser enn det andre fagfelt kan gjere. Det gjeld å finne den beste kunstneriske inngangen, og for meg er det sånn at jo meir politisk kunsten er, jo bedre er den, sa Jacobi, som snakka litt om sitt nye kunstneriske forskingsprosjekt  “Are You Ready?” og viste ein trailer frå ein ny «TV-serie», The Needle and the Damage done, som han lagar saman med kunstnar Gitte Sætre. I serien spelar eitt dauddt tre hovudrolla, og får fortelje si historie.  The Needle and the Damage Done skal mellom anna publiserast på den nye nettstaden "Extreme Weather Station" som er eit samarbeidsprosjekt mellom Institutt for design og Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst, UiB.  
 

KMD bør bli meir offensive
Professor i design, Petter Bergerud, tok til orde for at KMD bør samle seg for ei felles satsing for å takle klimakrisa.  Bergerud sa at designfeltet allereie er komme langt i å svare på klimakrisen og har bærekraft som sin viktigaste pilar. – Eitt av våre svar er å tenke meir med hendene, å bruke bærekraftige materiale og fokusere meir på gjenbruk. Design kan ikkje komme med «sjølve svaret» på klimakrisen men vi kan bidra med løysingar som er til gagn for miljøet.
Bergerud meinte at KMD som fakultet bør bli endå meir offensive og gjere klimakrisa til eit stort tema, til dømes sette av eit semester til dette, og samle seg rundt i ein felles front.

I paneldebatten etter innlegga spurte Julian Schlicht, Dag Rune Olsen om korleis UiB kan forsvare å drive petroleumsforskning midt i ei klimakrise drive av fossile utslepp. – Ein femtedel av våre midlar kjem frå dette feltet, ein femtedel av sjukehussengene osb. Vi har ikkje endå nokon annan måte å finansiere dette, svarte rektor.

Sofie Gustafsson spurde rektor om økonomifagets rolle når det gjeld å tenke løysingar på klimakrisa. Kva gjer økonomifaget når deira modellar ber galt avstad.

Dekan ved KMD Frode Thorsen sa at KMD vil jobbe for å minske sitt klimaavtrykk, og at det at fakultetet er eitt Miljøfyrtårn og såleis blir målt på ei rekke parameter. Dette, meiner Thorsen, vil gje miljøvinstar også i dagleg drift. 

 

Fakta:
UiB er rangert som nummer 53 i verda for sosial og økonomiske innverknad. Dette ifølgjeTimes  Higher Education (THE) University Impact Rankings, basert på Sustainable Development Goals (SDG).  UiB var det eineste norske universitetet som ble rangert. UiB leiar i Nasjonalkomiteen for 2030 Agenda i Norges universitetssektor og er vert for den årlege National SDG Conference Bergen, som første gang ble avholdt i februar 2018.

Internasjonalt har UiB særlig gjort seg bemerka med SDG17: Partnerships for Goals og SDG14: Life under water. I oktober 2018 blei UiB kunngjort som offisiell SDG14 Hub for FNs akademiske innvirkning. I november 2018 vart UiB gjort til SDG14 Cluster-leiar for International Association of Universities.

 

Sofie_Gustafsson.JPG
Sofie Gustafsson er kunststudent og aktivist i Extinction Rebellion. Ho var invitert for å snakke om korleis ho kombinerer desse rollene.  

   

overconsumption.jpg
Frå “The Affluenza Center for Overconsumption”.

   

rektor_klimadebatt1610.JPG
Dag Rune Olsen inviterte til møtet om bærekraft ved KMD.

   

Klimadebatt_KMD.JPG
Frans Jacobi, Torleif Torgersen, Sofie Gustafsson, Julian Schlicht, Petter Bergerud og ordstyrar Øystein Hauge.