Lars Korff Lofthus i atelieret sitt i Lofthus. (Foto:privat)

Lofthus sin kunstnarlege praksis spenner over eit vidt spekter, men han ser på seg sjølv fyrst og fremst som ein malar. – Eg tenker at uansett kva eg arbeider med, så kjem det frå ein malerisk posisjon, seier Lofthus som kjem frå eit 6-årig åremål i ei liknande stilling ved KMD.

Sensualitet, sårbarheit og overskot
- Dei siste ti åra har maleria mine fått representerande element i seg. Eg arbeider slik at det ikkje gjev meining å skilje mellom det maleriske abstrakte og figurasjonen, seier Lofthus som fortel at prosjekta hans ofte har eit element av begjær i seg. - Eg vil at det maleriske i seg sjølv skal kunne vise sensualitet, sårbarheit og overskot. Eg er oppteken av ein overflate som til ei kvar tid svingar mellom det magre og saftige og blir noko meir enn eit motiv og figurasjon.

Natur, begjær og tradisjon
Det magre og saftige? Kan du utdjupe det?

- Det handlar om kva maleriet kan gjere, eg er veldig opptatt avden måleriske flaten, til dømes jobbar eg mykje på papir, det kan bli matt, men også bli rikt og metta,

Finst det nokon tematisk tråd i det du malar?

- Ja det kan karakteriserast som ei undersøking av forholdet mellom identitet og stad, om posisjonar i miljø der ein både er framandgjort og heime. Eg ser etter materiale i td. museumsarkiv, bøker og foto og homo-erotikk på nett. Du kan seie at eg forsøker å lage tablå der natur, begjær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar.

Kven sitt landskap
Korleis er det å vere ein kunstnar frå Hardanger, kven sine skuldrar står du på, om nokon?

-Eg har mange førebilete i malarkunsten, men kanskje ikkje nokon konkrete frå Hardanger. Likevel er jo Hardangerlandskapet sentralt i norsk kunsthistorie, den gong med ein nasjonsbyggande agenda. Eg jobber mykje med landskap og funderer på om landskapsmaleriet i dag kan ta på seg liknande oppgåver. Kven sitt landskap er det eg malar? Kva malar eg? Og kvifor?

-Kva blir ditt bidrag til kunstutdanninga ved KMD?

-Reint praktisk skal eg vere med å utvikle maleri-fokuset på skulen. Det ser ut til at stadig fleire studentar har maleri som ein del av fokuset sitt. Eg er oppteken av at omgjevnadene speler inn på korleis ein arbeider. Kanskje det å male på Vestlandet kan vere noko anna enn å male i Berlin. Eg tenker at me kan forankre utdanninga lokalt og samstundes halde eit høgt internasjonalt nivå.

Det skeive skal integrerast
Du er med i det skeive nynorsk-countrybandet Foreningen for By og Bygd (F.f.B.&B.) og har drive klubbkvelden Institute of Balls (saman med makker Pedro Gomez-Egana) på Fincken, er dette uttrykk for at du driv med totalkunst, er alt performance?

- Eg syns iallefall det er spennande å iscenesetje seg sjølv. Eg oppteken av alternative og inkluderande fellesskap og forsøker alltid å skape uttrykk som eg sakna då eg studerte. Tidlegare har eg drifta ei rekke skeive (queer) initiativ og workshops på skulen og det skal eg truleg halde fram med. Samstundes vil eg at det skeive perspektivet skal vere med i heile verksemda og ikkje berre som ei nisje som delegerast til nokre få.

Kvar kjem namnet Korff frå, er det eit kunstnarnamn?

- Det er etternamnet frå mor mi si side. Bestefar min var frå København. Så eg er kvart dansk. Det passar jo fint på denne skulen.

Teknisk, tankevekkende, humoristisk og poetisk
Og med den avsløringa av danske anar, passar det å gje ordet til Frans Jacobi, den danske leiar ved Kunstakademiet - Institutt for kunst, KMD. Han seier om Lofthus’ kunstneriske produksjon at den er moden, generøs og vidtrekkande.
- Han har utviklet en egen figurativ stil, som med overlegen teknisk beherskelse formår at fremstille og diskutere komplekse identitetspolitiske temaer på en tankevækkende, humoristisk og poetisk måde. Hans maleri er båret af en sensualitet og et raffinement, der på overaskende vis formidler homo-erotiske erfaringer og livs-kvaliteter. 

Glad for queer-diskursen 
Jacobi trekker også fram Lofthus aktive arbeid med queer-spørmål i kunsten.
- Parallelt med sin undervisning i maleri har Lars udviklet undervisnings-platformen Queer Forum, der har været et vigtigt samlingspunkt for studerende, der her har haft mulighed for at kunne udvikle en Queer-diskurs, som ellers ikke ville have haft et formelt etableret forum på Kunstakademiet. Jeg er derfor utrolig glad for at Lars nu kan fortsette i en ny åremålsstilling på Kunstakademiet.

Fakta om Lars Korff Lofthus:
Lars Korff Lofthus er også engasjert i skriving, formidling og kuratering. Han er nestleiar i visningsrommet Entrée og i 2017 var han leiar for Den Nasjonale Jury for Høstutstillingen. I 2021 har Lofthus separatutstillingar både på Kunstnerforbundet i Oslo og på Hordaland kunstsenter. Han deltek også på opningsutstillinga til det nye Nasjonalmuseet når det omsider opnar. I haust vart Lofthus verk kjøpt inn av KODE. Dei seinare åra har Lofthus delt tida og arbeidet sitt mellom Bergen og Hardanger, der atelieret hans ligg. Amanuensis-stillinga ved  KMD er på femti prosent.