Vi snakkar med Lise Davidsen på telefon frå Romania der ho har tjue minutts pause mellom prøvane på den rumenske premieren av Benjamin Britten's Peter Grimes. Oppføringa er på  Enescu Festival og Lise skal tolke rolla som Ellen Orford.

Gratulera så mykje med æresdoktororatet. Kva betyr det for deg å bli heidra ved Griegakademiet - på ditt gamle universitet?
 - Det er veldig ærefullt og ei fagleg stadfesting. Det betyr mykje for meg personleg å bli knytta til Universitetet i Bergen og Griegakademiet. Det var jo ved Griegakademiet eg fekk mi grunnutdanning og mi forståing for kva song dreide seg om. Eg fekk lov å fordjupe meg i barokkmusikk, og å føle ein musikalsk identitet. Kjensla av å være i eit profesjonelt miljø var kjempeviktig, og å vere blant folk som dreiv med musikk, fortel Davidsen som var ferdig ved Griegakademiet i 2010. Deretter tok ho master på Det Kongelige Danske Musikkonservatorium etterfulgt av Opera Akademiet i København.

Lise Davidsens første store framføring som sopran fann stad i Bergen i 2011, under De Unges konsert. Davidsen song då arier av Strauss og Wagner saman med Bergen Filharmoniske Orkester.

Århundrets stemme
Lise Davidsen har i dei siste åra fått enorm oppmerksomhet. «A voice in a million» har The Telegraph kalt henne. Århundrets stemme seier 
BR Klassik og Wiener Zeitung i juli i år.

Per Boye Hansen har kalt henne eitt av dei største vokaltalenta han nokon gong har hørt. Medan Bergens symfoniorkesters dirigent Edward Garner i september 2018 sa dette til NRK:

– Jeg tok henne med til England i fjor for å synge Verdis rekviem med London Filharmoniske orkester. De har spilt stykket med mange store dirigenter før, men etter hun var ferdig å synge sa hele orkestret: «Vi har aldri hørt noe som dette før.»'

Klar for The Met
Lise Davidsen har hatt roller på mange av dei store operascenene i verda. I år sang ho mellom anna under Bayreuth-festspilla i Tyskland, på festivalen som blei starta av Richard Wagner og på Covent Garden-operaen i London. I slutten av 2020 ventar eit svært prestisjefylt oppdrag på henne. Ho skal synge på The Metropolitan Opera i New York, eitt av verdas mest kjende operahus. Davidsen har rolla som Lisa i Peter Tsjaikovskijs opera «Spar Dame». Det var særleg etter at Davidsen i 2015 vann Dronning Sonjas talentpris samt den svært prestisjefylte Opheralia-prisen der Placido Domingo er ein slags gudfar, at karriera skaut fart.

Skaper musikkhistorie i England
Alt Lise Davidsen tar i ser ut til å bli til gull. Nå har ho som første norske solosopran sidan Kirsten Flagstad signert platekontrakt med Decca Classics. Hennar første soloalbum «Lise Davidsen» vart i juni 2019 nummer ein på UK Classical Charts. Davidsen er den første operasopranen i musikkhistoria som går til topps på denne lista og albumet får strålande kritikkar. «Lise Davidsen er eitt av dei største vokaltalenta som har sett dagens lys i dei seinare åra, om ikkje årtier», skriv Gramophone. Medan The Guardian hyllar Davidsens versjoner av Wagner and Strauss og seier at «dei går rett til toppen av lista».


Samanlikna med Flagstad
Du står på dei største scenene og blir ekstremt mange godord til del, som til dømes at du stadig blir samanlikna med Kirsten Flagstad. Har du allereie i ein alder av 32 nådd så langt ein kan komme som operasongar?

Lise Davidsen nøler litt på telefonlinja frå Romania.
- Dette med Flagstad er det andre som seier. Eg veit at nokon har peika på at vi følgjer same karrieresteg til dømes ved å delta på Bayreuth og synge ved Metropolitan, men ellers er det ikkje så mange likskapstrekk. Eg har komme langt og har hatt flotte roller, men det er tidleg i karrieren med tanke på kva eg har lyst til å gjere. Draumen er å få halde meg på det nivået eg er no. Eg vil bli betre og utvikle meg og ønsker å være ein songar operahusa vil invitere tilbake.
 

 

Frå barokk til opera
Fra tida på Griegakademiet trekker Lise Davidsen fram sangklassen.
- Klassen var ikkje så stor, og vi hadde gode fellestimar, Hilde Sveen Haraldsen var ein viktig inspirator for meg.

Barokken Davidsen utforska på Griegakademiet viste seg å ikkje bli viktig for henne, var likevel var den eit trinn på vegen, seier ho.
- Det var noko med musikken, det passa på ein eller annen måte inn likevel. Via barokken kom eg inn i den klassiske musikken. Eg har opplevd dette veldig sterkt, at når du er sanger må du følge med på kva stemma vil. Så det var først under studia i København at eg begynte å synge opera.

Ei jordnær stjerne
Karrieremessig har du reist veldig langt, frå ein familie der musikk ikkje var ein del av kvardagen, er du no utøvar på høgaste nivå.
- Ja, det stemmer at det var eg sjølv som fann fram til musikken, det var ingen krav i familien om å gjere det, dei var meir opptatt av handball, seier Davidsen, som sjølv var tidleg tiltrekt av musikk, særleg gitar.

Korleis er det med all viraken som blir deg til del, har livet ditt forandra seg veldig mykje?

- Ikkje så veldig. Når ein kjem ut er ein berre mannen i gata. På jobb er alle i samme miljø, vi er berre kollegaer.

Mangelen på divanykker er det mange som kommenterer hos Lise Davidsen. Ho blir gjennomgåande omtalt som «veldig jordnær og sympatisk» men med ei enorm utstråling og musikalitet på scena.   Opptil 300 dager i året er ho på reise og borte frå basen i Oslo. – Men reisinga blir lettare fordi det nokre gonger er opptil tre måneder fra ein og samme stad, så då rekk eg i alle fall å lande mellom kvar gong, fortel ho.
 

Opera er som toppidrett
Kva gjer du når du ikkje syng?

- Haha, eg gjer ikkje så spennande ting, eg er saman med familie og venner, og eg er på treningssenteret. Ein må halde seg i veldig god form, både fysisk og mentalt, for å kunne halde i heile forestillingar. Ein opera går gjerne over timar, der ein er på scena i tre timar, men med ein pause mellom kvar timesøkt. 

Må ein ofre mykje når ein er på det nivået du er på?
- Det er klart eg kan sakne familie og venner når eg er så mykje borte, men eg får så veldig mykje igjen. Eg får synge på så mange stader, og møte så mange fantastiske menneske, så eg er utruleg glad over alt eg opplever som operasongar. At eg har fått denne sjansen er berre heilt fantastisk. 

Kan du seie litt om favorittreportoaret ditt? Du syng mykje Wagner Strauss og Sibelius? Er det andre komponistar du ser for deg at du kjem til å synge meir i framtida?

- Eg likar Strauss, Wagner og Verdi fordi mykje av musikken dei har skrive passar til stemma mi og til meg. Det er mange andre komponister eg også likar, som vår egen Grieg og andre, men eg tenker at etterkvert som ein jobbar så lærer ein heile tida ny musikk å kjenne. Men du, no må eg tilbake til prøvesalen.

Vi legg på røret, men snart kjem Lise Davidsen til Bergen. 2. oktober syng ho med Harmonien i Universitetsaulaen og 3.oktober kan du møte henne i på Griegakademiet. Dei inviterer til det opne møtet "Fra start til nå" med Davidsen kl 13.00 i Gunnar Sævigs sal.