«Eg kjenner ikkje morfar» er ei teikneserieførestelling med høgtlesing av to teikneseriar med namn «Nær, nærare, nærast» og «Lyden av Aurora». Begge teikneseriane er skapt av Fredrik Rysjedal og er forteljingar om hans møte med morfaren sitt ettermæle som krigseglar i handelsflåten. Teikneseriane er skapt i samband med hans stipendiatprosjekt ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen og Program for kunstnarisk utviklingsarbeid.

Sjå presseskriv i med fleire bilete i pdf-format her

I stipendiatet har Fredrik forska på digitale teikneseriar, han har reflektert rundt premissa og eigenskapane til mediet og sett nærare på hybridiseringa mellom teikneserien og film. Fokuset på hybridforma har vore grunnlaget for dei to teikneseriane som Fredrik framfører i teikneserieførestellinga. Prosessane og erfaringane frå stipendiatperioden er dokumenterte i den skriftlege refleksjonen «Frozen Moments in Motion» som er tilgjengeleg på nettstaden Researchcatalogue.net.

Ein av dei viktigaste oppdagingane for Fredrik Rysjedal var likskapen mellom dagens skjermbaserte teikneseriar og tradisjonen laterna magica som var ein av dei mest populære underholdingsmedia på 17- og 1800-talet. Lanternene vart nytta til undervisning, instruksjonar men også underhaldning, akkurat som vi bruker prosjektorar i dag. Nokon av underholdningsformene kunne vere lengre illustrerte og sekvensielle historier, ikkje ulikt teikneseriemediumet me kjenner frå bøker og blader. Det er i forlenging av denne tradisjonen at Fredrik Rysjedal inviterte til høgtlesing av sine nyaste teikneseriar.

«Nær, nærare, nærast»
«Nær, nærare, nærast» er ei sjølvbiografisk teikneserienovelle som skildrar den fyrste tida då Fredrik byrja å samle inn fortellingar om morfaren sin, Andreas Strand, som var ein av dei norske krigsseglarane under andre verdskrig. Rysjedal har aldri møtt morfaren sin, og han har i dei siste åra kjent på trongen til å finne meir ut av kven han var. I ettermælet av morfaren gøymer det seg små glimt frå krigen, og desse fortelingane har vorte til teikneserienovellene «Nær, nærare, nærast» og «Lyden av Aurora».

I «Nær, nærare, nærast» er teikneserieskaparen sjølv i sentrum for handlinga, og han skildrar eit augneblink i sein etterkrigshistorie der vidarefortellingane frå krigen byrjar å viskast ut. Spørsmål om kor godt kjenner ein si eiga familiehistorie, og kor godt kjenner ein sin næraste familie, er tema for teikneserien. Dette er Fredrik Rysjedal sin fyrste digitale teikneserie for lesebrett, og teikneserien er ein hybrid som blandar teikneserie og film. Den er laga i eit cinematisk format som skil den frå tradisjonelle teikneseriar, der skjermen viser kun eit bilete om gongen, med små unntak.

«Nær, nærare, nærast» er programmert av koder og designar Hans Phillip Eide, og tonesatt av samtidsmusikaren Stephan Meidell. Førestellinga i Mariakirken er fyrste gong teikneserien vert vist fram. «Nær, nærare, nærast» er Fredrik Rysjedal sin fyrste teikneserie for lesebrett, og er tilgjengeleg på Apple App Store og iTunes seinare i år.

«Lyden av Aurora»
Rysjedal bestemte seg i 2011 for å nedteikne nokre av familiehistoriene om morfaren. Teikneserieførestellinga «Lyden av Aurora» tar oss attende til etterkrigstida. Den er basert på eit intervju av Fredrik si eldste tante, som fortel om ein hendelse som gjorde eit stort inntrykk på ho då ho var 13 år. Det er ein alminneleg laurdags ettermiddag i Fjaler, 1951. Den 13 år gamle jenta Astrid sit i stova saman med foreldra sine, Gerda og Andreas. Andreas skal akkurat til å høyre favorittprogrammet sitt Grammofontimen, men vert avbroten. Krigens lange skuggar legg seg brått over den vesle stova i Sunnfjord. Dette er ei forteljing om hat og tilgjeving, men også om krigsseglarane som teia om opplevingane sine på havet.

Forteljinga vert tonesatt av trioen 1982, som består av Nils Økland, Sigbjørn Apeland og Øyvind Skarbø. 1982 spelar improvisert samtidsmusikk, noko som gjer kvar førestelling til ei musikalsk unik oppleving. Førestellinga hadde premiere sumaren 2014, og dette er tredje gongen historia vart framført for bergenspublikummet.

Teikneserietidsskriftet Empirix sin artikkel om førestellinga kan lesast her

Fredrik Rysjedal er illustratør og teikneserieskapar og kjem opprinneleg frå Leirvik i Sogn. Fredrik si fyrste teikneserieførestelling var i 2013. Tidlegare har det i norsk samanheng vorte laga ein teikneserieopera av Ole-Henrik Moe Jr. og av Steffen Kverneland, kalla «Blob» (1996). På Oslo Comix Expo i 2015 framførte Ingar Helge Gimle og musikaren Thomas Strønen utdrag frå teikneadapsjonen Peer Gynt, laga av Geir Moen og David Mairowitz. Førestellinga «Eg kjenner ikkje morfar» går inn i rekka av norske teikneserieførestellingar.