– Orda om kunsten som nattevakt er Odd Nerdrum sine. Han er ein kontroversiell kunstnar, og ein mann det er verdt å lytte til, fordi han fortel oss om verdien av kunst, sa Dag Rune Olsen.

Olsen sa også at gjennom opprettinga av Fakultetet for kunst, musikk og design tar Universitetet i Bergen eit stort skritt mot eit fullverdig fagmiljø innan utøvande kunst. Og, la han til:
– Fakultetet skal også bidra til grensesprengande og nye kunstutrykk på tvers av lyd og bilete.

Sjå arrangementet streama her!

Folkets mikrofon
Dag Rune Olsen var ikkje aleine om å peike på kunstens viktige betydning som vaktar av demokratiet under opninga. Ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen, løfta fram det provoserande og utfordrande ved kunsten som ein uvurderleg verdi. Ho snakka også om den tette kontakten mellom ulike kunstneriske miljø i Bergen, og trur at dette blir endå betre med oppretting av nytt fakultet. Den smekkfulle og feststemte universitetsaulaen fekk også eit døme på politisk kunst framført som performance i verket ”Rehearsal for a Peoples Microphone”. Dette vart framført av kunstnar og professor i nye medier ved Fakultet for kunst, musikk og design, Brandon LaBelle.

– Kunsten uttrykker det som endå ikkje er formulert, sa interimsdekan for det nye fakultetet Gerd Tinglum i sin tale.

Til UiB.no sa Tinglum at ho ser på det politiske ved kunsten som særs viktig.

– Kunst har politisk kraft og er veldig viktig for demokratiet.

Kjenner seg velkomne
Vidare sa Tinglum at dei tilsette ved Kunsthøgskolen føler seg veldig velkomne på Universitetet i Bergen.

– Vi meiner også at vi frå Fakultet for kunst, musikk og design har noko å tilføre vitenskapen med måten vi jobbar på, sa Tinglum.

– Noreg har blitt rikare i dag med å få eit så sterkt kunnskapsmiljø for kunst. Eg er imponert over korleis de har lett etter felles grunn og fått til denne samanslåinga, sa Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Bjørn Haugstad.

Signe Bakke, førsteamanuensis i piano ved Griegakademiet framførte eit stykke frå «T. S. Eliot Impressions//Ash Wednesday» av den avdøde komponisten og universitetslektor ved Griegakademiet Morten Eide Pedersen (1958–2014). I tillegg spelte den kjende saksofonisten Kjetil Møster. Møster er stipendiat ved Griegakademiet.

H. M. Dronning Sonja fekk nytt UiB-sjal
Etter opninga møtte Dronning Sonja kunstnar og verksmeister ved KMD, Kiyoshi Yamamoto, som har designa nye sjal for Universitetet i Bergen. Dronninga fekk overrakt eit silkesjal, dette er eitt av ein serie på sju design, eitt for kvart fakultet.

– Så dette kan ein få ut av ei kunstutdanning ved Universitetet I Bergen, smilte dronninga. Ho sa at ho er svært glad for det nye Fakultetet for kunst, musikk og design.

– Det er veldig bra, særleg er det bra at initiativet kjem nedanfrå. Det er viktig med basiskunnskaper om kunst, for min del må dette komme heilt frå barnehagen. Eg er viss på at det nye fakultetet vil by på udefinerte moglegheiter, og at det er bra for unge menneske.