Den nye prodekanen for forsking meiner det nye KMD-bygget er som skapt for å vere i kontakt med byen.

– Vi skjønner endå ikkje potensialet som ligg i dette bygget. Vi har eit skjelett, men det skal musklar og nervetrådar til. Det må vokse seg stort og sterkt, seier Mydland som også er overtydd om at i nye omgjevnader vil dei kunstneriske praksisane ved KMD utvikle seg vidare.

– Bygget betyr noko. Vi responderer på dei fysiske omgjevnadane. Her er det no reint og nytt, som eit blankt ark, men etter kvart vil dei ulike kunst og designpraksisane driv seg fram og ta over bygget og gjere det til vårt, seier prodekanen. Ho er oppteken av at kunstfaga er i enorm endring. På berre nokre få år har det vore både intern omstrukturering samt at det nasjonale rammeverket for faga blitt endra.

– Dette vil fortsette i stort tempo. Det første målet no er imidlertid å få stab og studentar operasjonelle. Det er ein kjempejobb, ikkje tvil om det, og nokon vil sakne det som var. Visst gjer det vondt når knoppar brest, seier Mydland med referanse til Karin Boye, men Mydland peikar også på muligheitene. Til dømes har studentane fått nokre av dei finaste arbeidsplassane, øvst i bygget. I dei fleste andre land ville den øvste etasjen over vore for dei som styrer, meiner Mydland. Ho trur at Snøhettas første bygg i Bergen vil bli eit bygg som snur rundt på nokre klassiske hierarki. Slik sett vil det synleggjere noko som er spesielt med KMD, og ein viktig arv frå institusjonane som smeltar saman i det nye fakultetet.

Ein ærleg dags arbeid
Sjølv har Mydland arbeiderklassebakgrunn og har sidan 2012 vore professor i kunst med spesialisering i keramikk og leire. Kunstnarar eksisterte ikkje som begrep i Skien der Mydland vaks opp hjå besteforeldra, med ein bestefar som var konditor og bestemora heimeverande.

– Eg vart tidleg opptatt av korleis vi knyttar oss til objekt og ting. Eg vaks opp med to besteforeldre som fortalte liva sine gjennom dei gjenstandane vi hadde rundt oss. Forskjellen på den private og den offentlege verdi og smak, kor sterkt behovet er for at ’minnet’ finst som ein konkret størrelse. Korleis privat og offentlig minne fungerer har følgt meg sidan oppveksten. Først ved å begynne på UiB og studere arkeologi som jo var litt meir stuereint i det miljøet eg kom frå, og føltes litt meir fornuftig. Å grave i jorda og finne ting er jo ein ærleg dags arbeid! Gjennom arkeologien oppdaga eg potteskår. Keramikk knuser men overlever oss likevel. Keramikk er det første kulturskapte materialet kor vi kjemisk forandrar jorda, seier ho entusiastisk og byr på kaffi i vakre porselenskoppar med kinesisk mønster.

Kopi av kopien
Dette må vere dei finaste kontorkoppane på KMD. Er du opptatt av det vakre?

– Nei, ikkje i det heile tatt, slår Mydland fast.– Eg er oppteken av keramikk og leire som kulturhistorie og geologi. Noreg har ikkje god plastisk leire, vi er ein for ung geologisk landmasse, så vi er eit land utan en betydelig keramisk tradisjon før på 1900-talet. Så det som interesserer meg er kva eg kan lese ut av koppen, seier Mydland og løfter den flortynne porselenskoppen, viser meg at det ho held i handa er ein kopi, av ein kopi av ein kopi av ein kopi og der mønster og form har migrert mellom Austen og Vesten så mange ganger at det til slutt er blitt ’lost in translation’.

–  Det eg interesserer meg for er relikvier, for spor og minner, korleis vi skapar narrativ i samfunnet. Eg bruker teoriar frå arkeologi, sosialantropologi og filosofi. Eg har jobba mykje med verdien av arbeid. Eg er oppteken av det politiske, å sette opp ein spegel for verdiane i samfunnet, seier Anne Helen Mydland som også har eit travelt privatliv der ho bur saman med sine tre barn, tvillingar på ni og eitt barn på elleve, i Fridalen. – Du kan trygt seie at eg har erfaring med å administrere både små og mellomstore bedrifter, seier prodekanen med eit smil.

Forsking skal vokse frå bunnen
Som prodekan vil ho jobbe for forsking som skal vokse nedanfrå og opp, der
dei faglege miljøa sjølv skal signalisere kva dei vil jobbe med.
– Det er slik vi skapar den kvalitativt gode forskinga, seier Mydland som sjølv om ho kjem frå kunst er svært oppteken av å vere ein dekan for både kunst, musikk og design.

– Det er lett å tru at ’kunst’ i det formelle språket berre handlar om  «visuell» kunst’ men det det er eit inkluderende begrep - som det engelske «the Arts»- frå det opprinnelege ’Artes’. Dette inkluderer alle våre faglege utrykk. Vi er fagfelt med mange fellestrekk både i prosess og metode,  og vi står også på same plass i samfunnet. Vi er også veldig glade for å ha vitskapleg forsking under vår fane. Vi har hatt kunstteoretikarar på KHiB i alle år.  No har vi større vitskapleg miljø og det ser eg på som ein kjemperessurs, seier prodekanen med ettertrykk.  Ho meiner at sammenslåinga gjer unike muligheter til å utløse eit nytt potensiale.

– I våre tidligare institusjonar var tverrfagligheit og hybridpraksisar ei kjerne. Denne erfaringa tar vi med oss videre inn i UiB.

 Postindustrielt språk
For til rolla som prodekan for forsking går ho med omfattande erfaring i bagasjen. Tidligare var Mydland ein av leiarane for det kunstnariske utviklingsarbeidet (KU) ved Institutt for kunst og frå 2012-2017 leia ho eit stort prosjekt i kunstnarisk utviklingsarbeid: «Topographies of the Obsolete». Prosjektet såg på nedstengde porselensfabrikkar i Stoke-on-Trent i Midt-England frå ei rekke innfallsvinklar og kunstnariske metodar. Fabrikkane vart stengde for nokre få år sidan etter kontinuerleg drift sidan 1700-talet. Erfaringa med å leie eit stort antal kunstnarar og akademikere fra ulike praksisar og felt er noko Mydland trur ho vil få nytte av i jobben som prodekan.

– Eg har eit stort forskingsnettverk  gjennom «Topographies» og eg er viss på at det fabelaktige forskingsmiljøet vi har ved KMD kan utrette store ting, seier Mydland som også ser andre likskapar mellom Stoke-on-trent og Møllendal. Frå kontoret sitt peikar ho ut i den enorme hallen i KMD-bygget der det er 25 meter under taket.
– Vi sit her i eit postindustrielt område i eit postindustrielt samfunn, men fabrikkspråket heng igjen. Det er paradoksalt at industriproduksjonen er borte, men vi snakkar framleis om produksjon, om produktivitet og kunnskapsproduksjon. Vi må ha ei kritisk haldning til dette språket, korleis det flyttar seg og kva det tyder. Marx er fortsatt relevant lesing.   

Kampen om narrativet
KHiBs fusjon med Universitetet i Bergen kunne minne om ein stor hai som et ein liten fisk, slik små bedrifter blir kjøpt opp, eller etne, men Mydland ser det ikkje slik. Ho er begeistra over ein større felleskap, og meiner det er ikke er så stor avstand mellom dei kunstnariske fagfelta og tradisjonelle akademiske disiplinar.

 –  Ei spørjande haldning er ein fellesnemnar mellom kunstnariske og vitskaplege disiplinar. Er det noko akademia skal gjere så er det å stille spørsmåla. Vi må ikkje ta for gitt eksisterande svar, men utfordre konsensus og drive narrativa framover, seier Mydland. Ho peiker på at kunsten ikkje har det same kravet til sanning som andre felt og derfor kan utnytte makta som ligg i fiksjon og spekulasjon. Narrativ er eit ord ho ofte kjem tilbake til.

– Kunst er god på å minne oss på kva konstruksjon «felles forståing» er, kvar dag står det eit slag om kva som er forteljinga om historia, om samtida og framtida. Vi kan peike på alle historiene som ikkje blir fortalt, på alternative narrativ. Kva kår kunsten har midt i desse kampane om narrativa er som ein lakmustest på samfunnets åpenhet, tryggleik og toleranse. Under årets Documenta finn ein til dømes Marta Minujín’s The Parthenon of Books.  Eit Parthenon bygd opp av forbudte bøker er  både eit monument og ei påminning om denne kampen og kunstens rolle.

Knoppar som brest
Mydland har vore knytt til KHiB sidan 1994, ho utdanna seg ved KHiB, jobba ved KHiB og trur erfaringa har rusta henne til å vere med på endå ein stor overgong, denne gongen fusjon med UiB.

– Eg har vore med og sett mange knoppar breste, det har vore omstillingar og overgongar, som opprettinga av KHiB,  overgangen til  bachelor og master, og to kunstutdanningar som vart slått saman til ein. Det mange ikkje veit er kor profesjonelt og fagleg sterkt KHiB lenge har vore. Vi jobbar veldig internasjonalt. Under dei tidlegare omstillingane såg vi særleg på England og Skandinavia, på best and worst practice. Forhåpentlegvis tok vi med oss det beste, smiler prodekanen.

Mydland seier at for henne er utfordringa no å få like god kjennskap til Griegakademiet (GA) som til kunst og design.

–Eg tar først fatt på å bli kjent med forskningsmiljøa på GA. Eg er blitt tatt veldig godt imot og er allerede i god dialog med både dei vitskaplege og utøvande/skapande miljøa og trur dei vil lære meg godt opp!

Prodekanen seier at ho er heldig som har høve til å følge det nye PKU finansierte prosjektet ‘(Un-)settling Sites and Styles’ frå starten av.

–Dette gjev meg eit fabelaktig høve til å lære og å få utarbeidd god støtte og forvaltning av prosjektet. Det ligg utruleg stort potensiale i det sambruket. Eg har store forventningar til kva vi kan få til av tverrfaglegheit. Appopriasjon er eit begrep innan kunsten, som tyder å ta til seg. Samtidig så er sterk faglegheit og spesialisering ein premiss for tverrfaglegheit. I forskjellane og friksjonen er det det veks fram noko nytt.  Og eg skal gjere mitt beste. Det er første gang eg er prodekan, det er ikkje eit veldig oppgått beite, smiler Mydland, og streker under at nokre av dei tinga som blir viktigast for henne er å legge til rette for funkjonelle og fleksible strukturar som gjer det lett å samarbeide både i og utanfor fakultetet.

Det er alvor no
Men tilbake til dette med Møllendal som megafon. Mydland er opptatt av at kunsten er ein del av samfunnet og vil ha kunsten tilbake til skulane og ut blant folket.

– Det er alvor no. Kunst ikkje er ein dekorasjon men ei kritisk og annleis røyst. Vi er inne i ei tid der det som skjedde under opplysningstida er under press og det er sterke antiintellektuelle strømningar. Når mange tidligere frie kanalar blir knebla er kunst viktigare enn nokon gong.

Er det ei motsetning mellom å vere megafon og drive kunsten framover på kunstens eigne premissar? Skal kunst, musikk og design ved KMD vere så tilgjengeleg at folk flest kan forstå kva vi driv med?

– Eit fagfelt krev at ein går i djupna. Det er snakk om lag av forståing. Ingen forventar å forstå alt innan hjartemedisin utan vidare. Innan kunst skal ein  kunne formidle breitt innan nokre aspekt, men vi vil også ha anerkjenning for at mykje kunst krev eit arbeid å sette seg inn i, som eitkvart fagfelt. Sentralt i dette er refleksjon rundt metode. Det er gjennom dei kunstnariske metodane at kunnskap blir produsert og det er ikkje alltid lett å formidle, kanskje mest fordi det er en relativt ’ny’ måte å tenke om kunst. Som kunstnarar er vi opptekne av å spørje: Kva er det vi tenker på som kunnskap,  hva forstår vi som kunnskap?  Kunst jobbar tett på filosofi, den er ein erkjennande og reflekterande praksis. Slik sett både utfordrar og utvidar den vår forståing av kva som er kunnskap, og kan på sitt beste gje ein mykje meir inkluderande forståing.