I det nye kontoret på det nye fakultetet, med utsikt innover i Snøhetta-byggets gigantiske indre, er Thorsen særs optimistisk på kunstutdanningane sine vegner i Bergen.

– Eg er veldig inspirert og stimulert av alt det positive som skjer rundt Fakultet for kunst, musikk og design, seier Thorsen. – Tenk berre: Vi har nettopp flytta inn i dette fantastiske bygget, og det er så spennande å ta det i bruk. Det er no store sjansar for at draumen med Griegakademiet i nytt bygg på nabotomta blir realitet, og vi opplever stor entusiasme både internt her på KMD og frå Universitetsledelsen ved UiB. Ja, eg føler at fakultetet er på ein veldig god veg.

Snart 40 år i Bergen
Møllendalsveien 61 ber framleis preg av å ikkje vere heilt ferdig. Litt stillas her, litt flyttekassar der, men no kjem studentane og Frode Thorsen ser så roleg ut som berre ein sørlending kan gjere. Macen fuskar men Thorsen føretrekk ikkje ei mine.

– Maskina di går veldig tregt, slår datahjelp Diego som har blitt kalt inn på Thorsens kontor fast. – Du må ha ny, den er seks år gammal.
– Nei, det er ikkje nødvendig, eg fekk ny harddisk for nokre år sidan.

Er du ein nøysam mann?

– Nja, det er vel heller at det er så mykje mas å skifte, men eg skal nok gjere som Diego seier, smiler Thorsen.

Han kom frå ein posisjon som instituttleiar på Griegakademiet. No skal han også leie eigenrådige kunstnarar og designarar, men som kunstnar sjølv veit kva det går i. Professorkompetansen hans er basert på kunstnarisk verksemd. Først og framst er han utøvar innanfor tidlegmusikk.

– Det er viktig for meg å halde spelinga i live. Eg er avhengig av det både mentalt og fysisk. Eg går aldri ut av huset før eg har øvd. Og litt om kvelden også viss eg har tid.

Kristiansandaren flytta til Bergen i 1978, og begynte på Bergen Musikkonservatorium. Sidan studerte han delvis på Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, men har i snart 40 år hatt Bergen som heim. Musikk ligg i familien. Faren og farfaren var musikklærerar og faren også fiolinist. Sjølv er Thorsen fløytist med blokkfløyte som hovudinstrument. Med ensemblet Bergen Barokk utøver han 16- og 17-hundretalsmusikk, og har gitt ut nærmare 20 cd-plater. Thorsen arbeider også med eksperimentell kunst, og har i perioder vore komponist, spesielt med musikk i teater- og danseforestillinger og har publisert artikler om Holbergs forhold til musikk. Thorsen bur på Møhlenpris og har ei datter og kjærast.

Vil ha kunst-klynge
Kvifor ønska du å lede KMD?
– Det er veldig motiverande for meg å arbeide for ei samling for heile fakultetet. At vi blir samlokalisert trur eg er veldig avgjerande for at vi skal lykkast på lengre sikt. Det nye Snøhætta-bygget gir veldig drahjelp til nytt bygg for Griegakademiet. Får vi det kan vi lage klynge, med Festspillene, Kode, Bergen Kunsthall og mange fleire. Vi har no fasiliteter på internasjonalt nivå og vi må ha ein tydeleg internasjonal profil for heile fakultetet. Alt tyder på at det blir stor internasjonal merksemd rundt opninga, seier Thorsen som ventar New York Times på besøk.

Byggestart for nytt Griegakademi i 2021
Medan Institutta for kunst og design og administrasjonen solar seg i glansen frå internasjonal merksemd rundt Snøhetta-bygget i Møllendalsveien, jobbar Frode Thorsens kollegaer på Griegakademiet i tronge, gamle og utidsmessige lokale. Dekanen har som høgt prioritert oppgåve å få Griegakademiet inn i nybygg.

Dette kan altså no bli røyndom. I følgje Thorsen har det nyleg vore forhandlingar mellom Bybanen, Statsbygg og Universitetet i Bergen om tomta ved sidan av Møllendalsveien 61. – Det er Statsbygg som eig tomta og det ligg no ein avtale på bordet om byggestart i 2021, forutsett at alt er klart til byggestart og at vi har pengane. Det har aldri vært så konkret før, så det er veldig lovande. Bybanen skal bruke tomta til rigg-tomt fram til 2021, men det treng ikkje å bety store forseinkingar for oss. Planlegginga av det nye bygget kjem uansett til å ta veldig mykje tid. Vi kan også ha nytte av at Bybanen vil gjere grunnundersøkingar og grunnarbeid.

Thorsen seier at Griegakademiet har vore i ein vanskeleg situasjon i mange år og at ventetida på nytt bygg kan vere slitsam.
– Vi i dekanatet ønskjer aktivitet som dei kan inkluderast i her i Møllendal, særleg ser vi for oss samarbeid for stipendiatane frå dei tre institutta. Vi ønskjer også å bidra til felles aktivitet for heile fakultetet. Men vi skal heller ikkje svartmale situasjonen, for Griegakademiet har også eit veldig fascinerande og tydeleg miljø, understreker Thorsen.


På institusjonsgaleien
Du er musikar. Saknar du å drive med kunst på heiltid?
– Fag– og institusjonsutvikling er også fascinerande og er blitt hovudsporet mitt. Det er det som no opptar det meste av tida mi. Eg har alltid rota meg borti slikt. Og som mange som meg har erfart, har ein først kome på den galeien så er det vanskelig å stoppe. Men det er utenkeleg for meg å gå heilt ut av kunsten. Eg er ”addicted”. Slik er det med dei aller fleste her, det er folk som er hekta. 

Thorsen meiner at det er i lidenskapen ein treff kvarandre, og at det ikkje berre gjeld kunstnarar, men også dei som held på med vitskapleg forsking. Han streker under at mange av dei administrativt tilsette også har ein fagleg bakgrunn og brenn for kunstfeltet.
– Det er veldig høg kompetanse og veldig høg innsatsvilje blant alle grupper tilsette her, er mi klare oppfatning.

Ikkje redd for spenningar
Thorsen kallar den nye organisasjonsforma som KMD er testkanin for krevjande og meiner at det er imponerande å sjå så mykje entusiasme og innsatsvilje.

Du er ikkje redd for at det vil vere spenningar mellom kunstnarisk utviklingsarbeid og ordinær ph.d.-ar på Fakultet for kunst, musikk og design?

– Nei, eg trur ikkje det, derimot trur eg at dei vil stimulere kvarandre og vere interessert i å samarbeide. Eg er ikkje bekymra for at det skal bli eit konfliktfylt skilje mellom kunstnarisk og vitskapleg forsking. Det eg også trur er at KMD kan vere i front internasjonalt med kunstnarisk utviklingsarbeid. Det er så mykje ressursar å spele på, på KMD, i Bergen elles og i våre internasjonale nettverk, seier Thorsen som meiner at signala frå departementet som er sendt ut på høyring er gode.

– Det er gjort veldig godt forarbeid, og i den samanheng har miljøet her i Bergen bidrege veldig sterkt. Rammevilkåra for den kunstnariske ph.d-en er gode. Universitetet i Bergen er tydelige på at dette er ei satsing for dei og at det kjem stillingar knytt til dette.

Dialogens mann
Institutta for kunst og design har gjennomgått store endringar og kan kanskje føle at dei har mista innflytelse over eiga verksemd. Korleis vil du møte slike moglege frustrasjonar?

– Det som er viktig for meg som leder er å være i dialog med faglege miljø, og administrasjon, utveksle informasjon, bidra og ta ansvar. Eg er ikkje opptatt av å være ein karismatisk leiar eller solospelar, eg er meir opptatt av dialog. Eg vil legge opp til tett samarbeid, og dei som er rundt meg må og forplikte seg til tett samarbeid. Respekten må gå begge veger. Avgjersler skal ikkje bli tatt uinformert.

Men når det er sagt, sjølvsagt er det krevjande for oss alle med så mykje nytt på ein gong, påpeiker Thorsen, samtidig streker han under at den nye organisasjonsforma gjer nye moglegheiter, og ein må forvente at alle prøver å bidra inn i den nye strukturen.

– Vi må ha respekt for den enorme investeringa samfunnet har gjort i dette bygget. Universitetet viser tydelig at dei vil satse på dette fakultetet. No må alle KMD-arar jobbe for å gjere resultatet av investeringa verdt det. Eg ønsker dialog med alle brukargrupper for å kunne gjere eventuelle justeringar.

Med klokketru på dekanatet
Det nye dekanatet er veldig godt rusta til å leie KMD trur Thorsen.
– Eg kunne ikkje ønske meg eit meir optimalt dekanat. Prodekan og visedekan har svært mykje relevant erfaring for dei verva dei har gått inn i. Vi har arbeida oss saman i løpet av våren, vi har hatt lange diskusjonar, og er veldig godt samkjørte. Når vi får dilemmaer og vanskelege situasjonar trur eg at vi kjem til å tåle ein trøkk, seier Thorsen.