- Vi skal alle skal vere med og bygge KMD. Dette er ein felleskap, identitet skal skapast saman med dei som jobbar her. Vi skal vere opne, demokrati er også å få informasjon. Vår nye dekan, Frode Thorsens grunnlag og holdningar er veldig flotte. Han møter deg med respekt, lyttar, men har også ei tydeleg stemme sjølv, og tek ansvar for å skapa framdrift, seier Lien. Ho har tatt på seg vervet som visedekan ikkje fordi ho vil lede, men fordi ho trur at ho kan gje eit viktig bidrag når det gjeld å inkludere og skape eigarskap til det nye fakultet.

– Om du er bevisst på kva retning elva skal bevege seg i, så kan du vere med å påvirke. Fakultet for kunst, musikk og design har veldig mange ressurser, så må vi bli einige med oss sjølv kva historie vi skal fortelle, og ikkje minst: Kvar me er på veg, seier Lien.

Brenn for godt miljø
Liens milde vesen rommar ein sterk vilje, og ho har mellom anna stilt opp i paneldebatt og gitt si støtte til sørlandsrefsaren Erlend Okkenhaug, som med utgangspunkt i Risør har kritisert skeiv maktfordeling og ekskluderande språkbruk i utbyggingsprosessar.

På 1980-talet sat Linda Lien i andre etasje over butikken på vesle Eidsland i Indre Osterfjorden og teikna.
– Heilt frå eg var lita var eg veldig opptatt av å skape, det var lite organiserte aktivitetar i heimbygda mi, så skulle det skje noko måtte vi gjere det sjølv. Eg teikna og teikna, og ville gå vidare med det. Men frå oppveksten har eg med meg ei oppfatning om at eg må vere med å skape endring sjølv. Det står ingen klar til å gjere det for deg.

No har designaren flytta seg lengre ut i Osterfjorden og bur på Vaksdal med mann og to sønner på 9 og 12. Jobb og fritid flyt over i kvarandre for Lien som har engasjert seg sterkt i den nye heimbygda si.
– I bygda Vaksdal er det klare manglar ved til dømes sentrumsområdet. Kvar 16. mai går det ut melding via sosiale media om nokon kan flytte vogntoga som står parkert ved sentrumsparken: Me feirar nemleg 17. mai på ein parkeringsplass, mellom pumpene på den lokale bensinstasjonen på eine sida, og eit butikksenter i grøn bølgjeblekk på den andre. Men dei menneskelege ressursane er heilt eineståande. Me er, som KMD, ein samansatt og mangfaldig gjeng, og nettopp dette mangfaldet gjer at det gror og spirer med aktivitetstilbod og stadig nye prosjekt. Me jobbar med møteplassar, så du kan seie at det faglege engasjementet gjennomsyrer kverdagen, repliserer Lien.


Å ta seg tid til å møtast
Men korleis kan ein lage ein felles identitet og forteljing om KMD når to tredjedelar av fakultetet er i eit moderne signalbygg i internasjonal toppklasse og den siste tredjedelen jobbar i eit slitt, trangt og utidsmessig hus eit godt stykke unna?
– Det er ikkje så vanskeleg som det høyrest ut. Me må skape møteplassar. Og så må me VILLE vere eit fellesskap. Seie «oss», ikkje «dei» og «me». Leiinga kjem til å rullere på kvar me har møte og også kvar me har kontortid, slik at me er tilgjengelege for alle, samt har høve til å få med oss og ta del i dei uformelle samtalane og stemninga som pregar dei ulike institutta til ei kvar tid. Døme på andre møteplassar kan vere prosjekt, arbeidsgrupper, visningar, kafeen på Møllendal, festar på kveldstid. For å kunne møtast, må me setje av tid til å vere i lag, og integrere møteplassane i den daglege aktiviteten. Personleg opplever eg at nokre av dei beste møta oppstår i arbeidsfelleskap.

Lien er svært optimistisk når det gjeld framtida for fakultetet, og meiner det har vore eit løft for kunst og design å få inn musikk i folden.
– Eg er veldig imponert over at trua på fakultetet framleis er så sterk. Folk ser på dette som framtidsretta. Det opplevest som forfriskande å få inn musikk og vi opplever ein fellesskap.

Nye tonar for gammalt ektepar
Ho er klar på at det blir ein annan dynamikk på det nye fakultetet enn på gamle KHIB.
– Me er som eit gammalt ektepar som har knivast, så det godt å få inn eit tredje institutt, seier Lien som brenn for fleirfaglegheit og ønsker seg mykje meir av dette. Ho seier også at det nye dekanatet er veldig medvitne om at det er to høgst ulike doktorgradsløp på fakultetet.
– Når det gjeld kunstnerisk utviklingsarbeid og vitskapleg ph.d-grad er det viktig at ein har innsikt i kva dei ulike arbeider med for å samarbeide. Vi skal ivareta begge. Eg er van med å samarbeide med kompetanse utanfor mitt eige fagfelt. Stad og identitet er eit tverrfagleg tema. Sjølv hadde eg ei ressursgruppe med fleire vitskaplege forskarar då eg gjorde mitt stipendprosjekt. Det påverka prosjektet og mellom anna diskutere bygdekrangel med førsteamanuensis Mary-Bente Bringslid ved Institutt for sosialantropologi frå UiB. Me hadde ulike tilnærming i forskinga vår, men felles interesse for distrikt og identitet.

Anarkisme i Ålvik
Det Lien snakkar om er stipendprosjektet sitt der ho undersøkte nettopp stadsidentitet og identitetsdesign i industribygda Ålvik. Bygda i Hardangerfjorden har i dei siste åra har vore gjennom omfattande omstilling, og der pulsen svingar i takt med produksjonen i smelteverket.

Identitetsdesign, kan du definere det?

– Den danske designaren, Per Mollerup, definerer det som visualisering av særpreg. Eg synest det er ein god definisjon. Skal du visualisere særpreg, må du først vite kva særpreget er. Det kan vera ein både krevjande og bevisstgjerande prosess.
– I Ålvik fører tap av arbeidplassar fort til minkande folketal. Eg ville auke medvitet til innbyggjarane om korleis visuell kommunikasjon kan brukast for å løfte fram kvalitetar. I samarbeid med folk der jobba me fram ulike måtar å presentere Ålvik. Det enda med ein anarkistisk modell, humrar Linda.


Vil ha rause studentar
På same måte som ho trur på å bygge identitet frå bunnen av, trur Lien på å hindre studentfrafall ved å bygge felleskap og samhold. I tillegg er tett kontakt mellom ansatte og studentar heilt naudsynt.
– På Institutt for design har vi tradisjon for å reise vekk i lag, vi ser at dette gjer studentar tryggare så dei tør å eksperimentere, at dei blir tettare som gruppe og kan vere konstruktivt kritiske, men støttande mot kvarandre. Vi opplever mykje raushet blant studentane, dei inspirerer kvarandre og gler seg over kvarandres suksess.

Du skal vere visedekan for utdanning. Kva anna vil du prioritere for å gjere utdanningane ved fakultetet endå betre?
– Eit godt støtteapparat, som også kjenner eigarskap til utdanninga, er avgjerande. Det er flott med visjonar og festtaler, men mange detaljar må stemme for at visjonane skal bli ein realitet.

Viktig og framtidsretta
I stipendprosjektet sitt tok Lien mellom anna for seg Richard Floridas tankar om den kreative klassen.
– Teoriane til Florida om at det er dei plassane som trekkjer til seg den såkalla kreative klassen, som vil utvikla seg mest, kan diskuterast. Men eg har klokketru på at utdanningane vi tilbyr ved KMD er særs framtidsretta og utruleg viktige for samfunnet, både i form av opplevingar og som utgangspunkt for refleksjon, men også som ein faktor for samfunnsendringar. I større og større grad må me stille oss kritiske til måten me «alltid» har gjort noko på, og leita etter svar på spørsmål som gjerne endå ikkje er formulerte.

Heilt til slutt må eg spørje deg om ein ting. Du verkar så utruleg positiv. Blir du aldri sur og lei?
– Hehe. Jo. Men det tar litt tid.