Kuratorteamet for årets Vestlandsutstilling er kunstnarane Lars Korff Lofthus og Sveinung Rudjord Unneland. Lofthus er bachelorkoordinator ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen mens Unneland er tilsett ved KHiB som høgskulelektor. Saman har dei undersøkt kva det lokale kan tyde under tittelen "Lokale forhandlingar".

Om utstillinga
"Me ynskjer å bruke Vestlandsutstillinga 2016 til å undersøke kva det lokale kan tyde. Stadig fleire fenomen synest å røre seg på tvers av kulturelle, geografiske og nasjonale grenser. Nye nettverksformer og elektroniske skyformasjonar skapar klynger og grupperingar ein tidlegare ikkje kunne tenke seg. Det lokale har endra natur.

Samstundes oppstår produksjon av meining lokalt og kan hende ikkje i fora me oppfattar som sentrale. Skildringar av heimlege omgjevnader utgjer ei nokså uavbroten linje i kunsten. Er det relevant for deg å vere der du er for å undersøke det du vil? Me lurer på om det nære og heimlege kan få ein ny aktualitet- ikkje for å opphøge historia men som eit forsøk på å lokalisere oss sjølve her og no."

Kunstnarane som har si utdanning frå KHiB er Anne-Lise Stenseth, Annette Kierulf (professor ved KHiB), Aud Bækkelund, Cato Løland, Cecilia Jonsson, Christine Hansen (KU-leiar og professor ved KHiB), Dani Waagen Braatveit, Elin Brissman, Gard Aukrust, Jonas Silfversten Bergmann, Kiyoshi Yamamoto, Kurt Johannessen, Leander Djønne, Linda Soh Trengereid, Mari Kolbeinson, Synneva Heradstveit, Tonje Bøe Birkeland, Trond Lossius, Øyvind Johnsen, Åsne Eldøy og Patrik Entian (tidlegare stipendiat ved KHiB).