Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) som er nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget skal innleie konferansen. Toppe stod i 2017 for eit forslag om nasjonal satsing på musikkterapi, som ikkje fekk gjennomslag. Ho kjempar framleis for musikkterapi som behandling og skal snakke om kva som no skjer på politisk nivå. På POLYFON-programmet står også mellom ann Brageprisvinnar 2017, forfattar av Tung tids tale, Olaug Nilssen, som har skrive roman om å leve med ein son med tung autisme-diagnose. Eitt anna viktig namn på konferansen er Torhild Kielland, initiativtakar til Nasjonalt nettverk for musikkterapi i rusfeltet. I tillegg møtest brukarar, forskarar, praktikarar og leiarar for å utveksle erfaringar om musikkterapi som behandling. 

Bergen langt framme
Sentralt på konferansen er å adressere det store spriket mellom ord og handling hjå styresmaktene. For medan musikkterapi no er anbefalt terapi mellom anna  for pasientar med psykose, er det berre dei færraste pasientar i landet som får dette tilbodet. – Det er på høg tid med ei nasjonal satsing på musikkterapi så vi kan gje brukarar den terapien retningslinjene anbefaler. Det er viktig å hugse på at musikkterapi er ikkje «berre» er  ein ny behandlingsmetode med dokumentert effekt, men del av ei nyorientering av helsevesenet der brukarens stemme, ressursar og nettverk får større betydning, seier professor i musikkterapi ved Fakultet for kunst, musikk og design, Brynjulf Stige. Stige er leiar for kunnskapsklynga POLYFON (sjå fakta nederst i saka). 

Medikamentfri behandling
Av programpostane på POLYFON framhevar Brynjulf Stige Medikamentfrie behandlingsforløp: Brukermedvirkning, samvalg og erfaringer. Psykolog og prosjektleiar Leif Arvid Øvernes kjem for å fortelje om prosjektet. Øvernes har vore ansvarlig for å utvikle eit nasjonalt samvalsvertøy, der psykosepasientar kan ta informerte val om eigen behandling. Med seg på POLYFON-konferansen har han erfaringskonsulent Anne Blindheim og stipendiat Christine Ødegaard som alle arbeider med eit pilotprosjekt for Helse Vest, der dei utviklar og hentar erfaringar frå medikamentfrie forløp. Eit hovudfunn frå arbeidet deira er at menneske med psykose i Bergen i dag har ei reell moglegheit til medikamentfri behandling, der mellom anna musikkterapi, samtaleterapi og fysisk aktivitet er mellom tiltaka.

Ingen musikkterapeutar i nord
Men medan tilbodet i Bergen er i god utvikling, er implementering mange stader i Noreg svært mangelfull.
– Det er store hol og manglar i tenestene over heile landet og nesten ikkje tilgjengelige musikkterapi-tenester nord for Midt-Norge, seier Brynjulf Stige. Han strekar likevel under at det finst lyspunkt.
– Haukeland universitetssjukehus er leiande i landet, og har brukt POLYFON-samarbeidet som plattform for å byrje ein prosess med å implementere musikkterapi systematisk på alle sine klinikkar innan psykisk helsevern.
Stige peikar på at om tilbodet skal vere nokolunde likt fordelt utover i landet trengst det 100 stillingar berre på dei distriktspsykiatriske sentra.
– Men over heile landet meiner eg at vi treng 900, i tillegg til dei som allereie er tilsett innan dei mest relevante praksisområda i kommunane og spesialisthelsetenesta. Dette er altså eit typisk døme på at det kan ta skremmande lang tid før kunnskap når ut i praksis. 
 
Forskar stadig meir på musikkterapi
Norsk foreining for musikkterapi (NFMT) – i samspel med UiB/POLYFON, NMH og MFO –arbeider no difor for ei nasjonal satsing på musikkterapi i psykisk helse og rusfeltet, og også innan andre område som eldrehelse.
– I GAMUT, Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, har vi dei siste ti-tolv åra produsert kunnskap som Helsedirektoratet har begynt å ta hensyn til. Til dømes kom det altså ei veldig sterk anbefaling av musikkterapi i nasjonale retningsliner for psykose i 2013. Det var aller første gang at Helsedirektoratet tok inn ei anbefaling av musikkterapi i nasjonale retningsliner. 

Naudsynt med pressgrupper
Sjølv om psykosefeltet er der effekten er best dokumentert er andre forskingsfelt også lovande. Til dømes har ein god evidens for effekten av musikkterapi ved depresjon.  Demens er også er eit raskt veksande forskingsfelt i internasjonal musikkterapi. 
– Men det er viktig å hugse på at musikkterapiforskinga ikkje berre handlar om effektar, men også om brukarerfaringar og kunstorienterte dimensjonar,  påpeikar Stige. Han seier at  der det er sterke pressgrupper når forsking raskast ut. 
– Felt som demens, barnevern og psykose har kanskje ikkje dei sterkaste pressgruppene, men det er eit blanda bilde. Styrkinga av medikamentfri behandling er eit eksempel på at brukarorganisasjonar har lukkast med å etablere eit press som har fått konsekvensar for praksis.

Store framskritt 
For trass i manglande implementering nasjonalt, er Stige optimist.
– Arbeidet med POLYFON er veldig oppmuntrande. Det nyttar faktisk. For tre fire år tilbake hadde Haukeland universitetssjukehus berre ein musikkterapeut. I 2017, vedtok dei at dei ville ha det på alle sine klinikkar innan psykisk helsevern. Alle seks distriktpsykiatriske sentra i Helse Bergen sitt opptaksområde, inkludert Øyane og Voss, har no musikkterapeutar, og det har også byrja kome ved andre avdelingar ved sjukehuset. Samtidig ser vi at det tar tid å omsetje kunnskap i praksis. Det skal inn i kommunane og helseføretaka sine strategiar og planar. No er Polyfon-klynga førebels finansiert ut 2020, men det er fortsatt ein jobb å gjere etter det, og det er ein jobb å gjere nasjonalt, avsluttar Stige. 


Fakta: Kunnskapsklynga POLYFON kom i gang 1.januar 2015. Per i dag er følgjande deltakarar med i POLYFON: Aleris Omsorg Norge, Bergen kommune, Bergensklinikken, Betanien/Solli/Voss DPS, Fjell kommune, Griegakademiet (UiB), Haraldsplass Diakonale Sykehus, Haukeland universitetssjukehus, Helseavdelinga i NORCE Norwegian Research Centre, Høgskulen på Vestlandet, NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus, RKBU Vest (NORCE), og Partssamarbeid Sogn og Fjordane (Sogn og Fjordane fylkeskommune, Helse Førde, Fakultet for helse- og sosialfag i HVL, Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane).
I dag har Griegakademiet – Institutt for musikk 14 studieplassar per år i det femårige musikkterapistudiet. Fagmiljøet har foreslått at det blir utvida til 24 per år. Griegakademiet har sett ned ei arbeidsgruppe for å jobbe med styrking av rekrutteringa til studiet.