Wheels within Wheels har dei siste tre åra jakta på nye tilnærminger til  sein middelaldermusikk. Målet har vore «å utforske potensialet for nye uttrykksformer ved å skape møter mellom utøvarar innan tidlegmusikk-feltet og komponistar». Utgangspunktet var at interaksjon mellom utøvarar og komponistar både vil lede til nye musikkverk, nye utrykksformer og nye strategiar for improvisasjon.
- Historiske stilar er startpunkt men ikkje nødvendigvis mål og prosjektet utfordrar slik dikotomien «historisk musikk» og «ny musikk», fortel Jostein Gundersen. Han har leia Wheels within Wheels og er førsteamanuensis i blokkfløyte ved Griegakademiet – Institutt for musikk.

Italiensk seinmiddelalder
- Gjennom konsertane vil vi vise mangfaldet av dei kunstneriske resultata frå Wheels within Wheels. Med alt frå musikalske improvisasjoner og tonesetting i seinmiddelalderstil til performancar og lydinstallasjoner inspirert av musikk frå same periode, seier Gundersen. Hovudvekta under programmet på Festspillene blir på italiensk musikk.
-Ensemblet mitt Currentes hadde nettopp jobba med italiensk musikk frå seinmiddelalder, så det var ei naturleg stilistisk avgrensing, ifølgje Gundersen. 
I tillegg til Jostein Gundersen inkluderer Wheels-teamet komponistane Alwynne Pritchard og Ruben Sverre Gjertsen, cembalist Hans Knut Sveen, samt altså Gundersens faste ensemble Currentes. 

Eit ope landskap av moglegheiter
Det er det fleirstemte repertoaret frå seinmiddelalder og tidleg renessanse Wheels within Wheels har konsentrert seg om i dei siste tre åra. 
-Vi begrensa vi oss til ein periode, frå slutten av 1300-talet til byrjinga av 1400-talet. Vi nyttar både verdsleg musikk og kyrkjemusikk, Vi har jobba med å forstå tidlegmusikken godt nok til å kunne bygge vidare og lage vår eigen musikk. I den gamle musikken står det veldig lite i notane. Det skaper eit stort ope landskap av moglegheiter som musikarane må fylle. Nettopp korleis musikarane arbeider i denne prosessen, er av interesse for komponistene i prosjektet, fortel Gundersen.

Morten Eide Pedersens siste prosjekt
Det var forskar og komponist ved Griegakademiet, Ruben Sverre Gjertsen, komponist, universitetslektor og forskar Morten Eide Pedersen og Jostein Gundersen som forma Wheels within Wheels.

-Vi ville gjere noko saman, Ruben og Morten var interesserte i tidlegmusikk, men også i fremføringa. Musikarane i Currentes vart også med, dette ensemblet sette eg saman i samband med eige stipendiatprosjekt. Tragisk nok døydde Morten Eide Pedersen to dagar etter at prosjektbeskrivinga var ferdig så vi måtte fortsette utan han, seier Gundersen.

Framføring som undersøking
Om konsertserien «Mouvance I-III» under Festspillene er dermed blitt eit nyskapande tidlegmusikkprogram. Det første programmet, «Mouvance I», som vart framført i Mariakirken 27.mai var eit messeprogram i middelalderstil (sjå faktaboks). Men denne musikken blei strekt i nye og uventa retningar  av Wheels-musikarane. Meir eksperimenterande er likevel «Mouvance II», som finn stad i lokala til designar T-Michael i kveld, 28.mai. I dette verket er Alwynne Pritchard sentral. Komponisten Pritchard, som også er performancekunstnar, har i sitt arbeid vore fascinert av kor ulike teknikkar middelaldarens musikarar brukte for å framføre musikk. Dei lærte store mengder musikk utenat, og hadde egne visualiserings-teknikker for det. «Mouvance II» er ikkje ein vanleg konsert, men ei slags undersøking, der musikarane, både i video- og lydopptak og live, forsøker å framføre musikk uten heilt å kunne orientere seg i eit vanleg notebilde. Det er ein slags undersøking av forholdet mellom kropp, tekst, minne, syn og hørsel. Alt musikalsk materiale i Mouvance II er for øvrig henta frå manuskriptet «Codex Faenza», eit musikalsk manuskript frå det 15.århundre, som inneheld noko av den eldste bevarte musikken for tasteinstrument.


Frå italiensk middelalder til Finnegan’s Wake
Medan musikarane lagar det meste av musikken sjølv til «Mouvance I», er Ruben Sverre Gjertsen ansvarleg for komposisjonane i «Mouvance III». Hans musikk er mellom anna bygd over ulikt materiale frå middelalderen: Gjertsen har brukt notane til Guillaume Dufay sin komposisjon «Nuper Rosarum Flores», samt ein ornamenteringsstil kjent frå «Codex Faenza».
-Gjertsens komposisjon er sterkt ornamentert og detaljert. Han har også tatt nokre element frå Finnegan’s Wake av James Joyce, som har blitt kalla verdenshistoriens mest ugjennomtrengelege roman. Det er eit vanskelig repertoar, veldig spennande og krevande med mykje logistikk, seier Gundersen.

I tillegg til komposisjonar, har Gjertsen også laga lydinstallasjon som skal stå på Østre i Vågsbunnen frå 27.-30.05. I installasjonen kan ein høyre element frå alle Mouvance-konsertane, samt anna materiale som Wheels-teamet har spelt inn dei siste tre åra.

Når tidlegmusikken blir standardisert
Korleis velger de ut instrument til middelalderstykke?

-Vi velger vanligvis instrument ut frå musikken, til barokkmusikk barokke instrumenter, til middelaldermusikk middelalderinstrumentar. Men det er ikke en stor grad av historisk nøyaktighet i utvalget. Det handler en del om tradisjoner, vaner, og mye om hvem man ønsker å spille med og hvilke instrumenter de har.

Gundersen strekar under den kreative prosessen med middelaldermusikk. Det står aldri kva instrument verket krev, det er oftast liten ingen ornamentikk, ingen framføringsanvisningar om tempo eller dynamikk eller klangfargar. Det einaste rammeverket er notehøgde og notelengde.

Standardisering av tidlegmusikken
Gundersen fortel at tidlegmusikk på 60- og 70-talet var eit slags opprør mot bestemte måtar å utøve på, mot det ein såg på som mainstream-musikk.
- Men med tida har tidlegmusikk-miljøet blitt standardisert. Vi ville undersøke kva som skjer når slik standardisering foregår, og vi bruker Wheels-prosjektet mellom anna til å stille spørsmål om kvifor vi framfører vi og tolkar musikk på den eine eller den andre måten.

Gundersen ønsker å jobbe vidare med kollegaene frå Wheels-prosjektet, og søker støtte til det nye prosjektet Tools. Dersom det blir tilslag, blir det med fire av dei same aktørane som har vore i Wheels within Wheels, men også Institutt for kunst blir med.

Om Mouvance I-III:

Mouvance I:

Mouvance I blei framført i Mariakirken 27.mai. Den bestod av musikk til messa for Festen for den heilage treeininga. Denne religiøse festen kjem i 2018 på 27. mai. Ein del av musikken som blir framført i Mariakirken er skriven av to av dei mest framifrå komponistane i seinmiddelalderen, Antonio Zacara da Teramo og Guillaume Dufay. Andre deler av programmet er utvikla av utøvarane som er med, og nyttar det stilistiske rammeverket til seinmiddelalderen men eksperimenterer med klang og elektroakustiske innspel. 

Mouvance II:
I Mouvance II: Intonation, har komponisten Alwynne Pritchards skapt ei slags observasjonsøving. I følgje programteksten ei etterforskning av tilhøvet mellom kropp, tekst, minne, berøring, syn og høyrsle. Ved å gjendikte musikalsk materiale frå middelalderen tar programmet i bruk idear som er inspirert av huske-hjelpemidlar fra den tida. Alwynne Pritchard er fascinert av visuelt minne, og viser gjennom ulike former for partitur korleis den taktile hukommelsen kan verke.

Mouvance III:
Den tredje og siste konserten under Festspillene presenterer gjendiktningar og forvrenging av kjente middelalderverk, frå det gjenkjennelige til det abstrakte. Konserten utforskar også Håkonshallen som arena gjennom eksperimentering med plasseringa til musikarane og høyttaleroppsett med fleirkanalslyd. Musikarane bruker eksisterande middelaldermusikk som utgangspunkt for improviserte abstraksjoner, og som utgangspunkt for eit nytt, detaljert utarbeida verk av Ruben Sverre Gjertsen.

faenza.png
Noteark frå Codex Faenza frå 1400-talet. Dette er blant den eldste keyboardmusikken som finst. Copyright: http://imslp.org/wiki/Codex_Faenza