Disputas

Disputas Fredrik Rysjedal

Disputas Fredrik Rysjedal

Tid og stad:
Torsdag 4. april 2019 kl. 13.00.
Knut Knaus Auditorium, Møllendalsveien 61
 

Fredrik Rysjedal disputerte torsdag 4. april 2019 med det kunstnariske forskingsprosjektet: «Frozen Moments in Motion - An Artistic Research on Digital Comics.”

I det kunstnariske utviklingsprosjektet Frozen Moments in Motion har Fredrik Rysjedal hatt som mål å bygge meir kunnskap rundt den digitale teikneserien. I prosjektet har han undersøkt ein av dei fire visuelle eigenskapane som den digitale teikneserien har, det bevegelige bildet. Undersøkingane er gjort gjennom å skape dei digitale teikneseriane Lyden av Aurora og Nær, Nærare, Nærast.

Med dette fokuset har Rysjedal skapt sitt eige perspektiv på kva ein digital teikneserie er, og han har plassert eigenskapen, det bevegelige bildet, i den digitale teikneserien sitt teoretiske landskap. I arbeidet har han reflektert rundt teknikkane og formspråket som oppstår når den digital teikneserien bryt ut av si etablerte tradisjonelle form og nærmar seg ei anna kunstform, som i dette tilfellet, film. Lyden av Aurora og Nær og Nærare, Nærast nyttar ulike former for rørsler i bildepresentasjonane sine. I refleksjonen gjer Fredrik Rysjedal greie for desse teknikkane og skapar ei oversikt over kva ulike rørsleformene ein har mulegheit til å nytte i ein digital teikneserie. Med Lyden av Aurora og Nær og Nærare, Nærast viser Rysjedal også at ein digital teikneserie ikkje er satt til å vere ei interaktiv leseoppleving, slik som ein trykte teikneserie hovudsakleg er. Dette heng tett saman med det bevegelige bildets tradisjonelt automatiserte presentasjonsform, og er ein eigenskap som vert aktualisert i teikneseriens digitale form. Dette synleggjer Rysjedal gjennom at Nær, Nærare, Nærast er forma som ei leseoppleving på iPad, medan Lyden av Aurora er utforma som ei rein framsyning for publikum. 

Vil du vite meir om prosjektet, prosessen og refleksjonane kan du lese Frozen Moments in Motion på Research Catalogue.

Stipendiatprogrammet for kunstnarisk utviklingsarbeid blei etablert i 2003 som ein parallell til doktorgradsprogramma (på tredje syklus). Sjølve kunstutøvinga står i sentrum for stipendiatane sine prosjekt og resultat.

Tid og stad:
Torsdag 4. april 2019 kl. 13.00.
Knut Knaus Auditorium, Møllendalsveien 61

Rettleiarar:
Professor Ashley Booth, KMD 
Professor Septimiu Moraru

Bedømmelseskomité:
Professor Hilde Kramer, KMD
Professor Johanna Lewengard, Konstfack, Stockholm
Professor Andreas Berg, Kunsthøgskolen i Oslo

Personalia:
Fredrik Rysjedal kjem frå Leirvik i Sogn og jobbar som illustratør og teikneserieskapar i Bergen. Han har bachelor- og mastergrad frå Avdeling for design ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen og har med dette prosjektet vore stipendiat ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB. Den digitale teikneserien Nær, Nærare, Nærast fekk i 2018 Gull-prisen i Visuelt, i kategorien bok.