Artists as Independent Publishers er eit kunstnerisk utviklingsprosjekt som omhandlar kunstnerbøker, og er eit internasjonalt samarbeid mellom Kunst- og designhøgskulen i Bergen (KHiB), University of Arts i Bremen, Royal Institute of Art i Stockholm, Royal College of Arts i London og University of Applied Arts i Wien.

Prosjektet har som formål å utforske tendensar og moglegheiter for kunstnerboka, og aktivt bidra til å forme desse. Dette har tatt form via ei rekke føredrag, symposium, og deltakaranes eigne bøker som er laga spesifikt i høve dette prosjektet; og kulminerar no i ein utstillingssyklus som skal innom alle samarbeidsnasjonane.

Vi har gleda av å ta over stafettpinnen frå Weserburg Museum i Bremen, Tyskland, og vil iløpet av utstillingsveka opne for at publikum kan kome og utforske, diskutere og nyte ca 80 bøker som spenner over mange felt og interesser.

Utstillinga viser nesten 80 bøker og frå KHiB deltek Audun Alvestad, Arild Våge Berge, Peter Cleary, Sara Kollstrøm Heilevang, Kyrre Mathisen, Malin Overholth, Sora Park og Numi Thorvarsson, professor Annette Kierulf og førsteamanuensis Caroline Kierulf.

Utstillinga står frå 2. til 10. juni
Tysdag – Fredag frå kl. 14:00 – 18:00
Laurdag – Søndag frå kl. 12:00 – 16:00