«Myopi» er ei utstilling av Johanne Thingnes Leira som går siste året av bachelorstudiet på Kunstakademiet i Bergen. Utstillinga har sitt utspring i opplevingar ho har frå ulike sengepostar der ho har arbeida som sjukepleiar. Kalde metallskulpturar står saman med oljemåleri som har utgangspunkt i bilete teke med mobilkamera. Ved å stoppe opp ved motivet og bruke tid, utforskar ho dei små nyansane. Den langsame prosessen vert slik ein kontrast til det effektivitetsorienterte helsevesenet.