Kamilla.jpg

Kamilla Stokkevåg

Avdeling: Møbel-og Romdesign/interiørarkitektur

Nasjonalitet: Norsk

E-post: kamilla.stokkevog@hotmail.com

Tlf: 41465501

 

LYTTELAND

Korleis lage romlege verkemiddel for positive opplevingar i møte mellom barn og litteratur på biblioteket?

I mitt masterprosjekt har eg tatt utgangspunkt i bydelen Laksevåg og deira ønske og behov for eit bydelsbibliotek. Eg har utforska situasjonen mellom barn som lyttar og forteljar. Med biblioteket som ramme har eg designa eit fleksibelt møbel som kan vere ein del formidlingsstunda, enten som scenografi, sitjemøbel eller golvpute.

Kva ønska du å utforske?

Eit rom eller eit møbel kan legge føringar for korleis menneske bevegar seg, og kan til og med oppfordre til bevegelse og utforsking. Med dette som utgangspunkt ønska å sjå nærare på formidlarsituasjonen i eit bibliotekrom. Som bakteppe for mitt prosjekt har eg utforska bydelen Laksevåg og ulike bibliotek i Bergen. Laksevåg mista bydelsbiblioteket sitt i 2004, heilt sidan då har dei kjempa for å få gjenreise filialen. I mai i 2018 blei det vedteke at det vil komme eit nytt bibliotek på Laksevåg.

Kva har inspirert deg?

Eg er inspirert av forteljarstunda som sår spirer i barnesinn, då dei blir dratt inn i eit rom av fantasi og undring. Eg har valt å ha barn som målgruppe fordi dei framleis har ei uhindra begeistring og måte å bevege seg på. Dei kryp under, over og i mellom.

Kva er resultatet blitt?

Form: Konseptet mitt er eit fleksibelt og leikent møbel for bibliotekrommet. Formen kan bli brukt som eit sitjemøbel, men kan også bli brukt som eit scenografisk element i forteljarstunda. Snudd over på sida vert møbelet ein lav vegg som omfamnar situasjonen eller som aktivt kan bli bruk i forteljarstunda. Formene er opne og kan bli til alt for den som brukar fantasien, dei kan organiserast for å skape store eller små rom mellom seg. Saman skapar formene eit visuelt landskap som barn får lyst til å nytte.

Tekstil: Eg har teke bilete og dokumentert på industriområdet på Laksevåg og på dei ulike bydelsbiblioteka. Teikn eller spor av at tida har gått er ofte vakre og visuelle mønster som viser materiale som reagerer med kvarandre og med været, naturen og elementa rundt. Ved å ta utgangspunkt i eit slikt bilete for utvikling av tekstil tilfører eg prosjektet mitt eit nytt lag som kan gje brukaren eller sjåaren moglegheita til å lese meir inn i objektet.

Kven kan ha særleg nytte av ditt prosjektet?

Eg tenkjer at både barn og formidlarar på biblioteket kan ha glede og nytte av dette møbelet. Bård Bjørknes er utdanna regissør og arbeider med formidling på Deichmanske Torshov i Oslo, han meiner at å ta i bruk scenografiske element i formidlingsstunder gjer det meir attraktivt og spennande. «Scenografi og objekter kan være med å skape en helhetlig formidlingsstund. Med utgangspunkt i egen erfaring vil jeg påstå at slike hjelpemiddel gjør det er lettere å få med seg målgruppen inn i fiksjonen. Det å skape eit fysisk rom ved hjelp av enkle verkemiddel som scenografi, lys og lyd gir eit signal til målgruppa om at vi går inn i ei ny «verd» altså den fiktive.»

- Bård Bjørknes

Arbeidsgalleri