Visuell kommunikasjon

chenshengcbtd@gmail.com

Å omfamne åleineskapen

Korleis kan isolasjon brukast som kreativt potensial for ein designar?

Kva for eit problem har du ønskt å arbeide med?

I masterprosjektet mitt har eg utforska det kreative potensialet hos ein designar i isolasjon. Eg la til fleire ulike visuelle kommunikasjons-strategiar, til dømes teikning etter observasjon, animerte illustrasjonar, ein tredimensjonal bevegeleg modell, og laga ei aktivitetsbok som framstiller rolla åleineskap kan spele i den kreative prosessen. Gjennom arbeidet mitt har eg òg innsett korleis haldninga mi til det å vere åleine har endra seg steg for steg.

Kva har inspirert deg?

Bakgrunnen min har inspirert meg. Eg er fødd i Kina, der einsemd og det å vere åleine er eit tema folk ikkje snakkar om, og til og med skjemst over. Eg vil gjere folk medvitne om at det faktisk kan vere nyttig å vere åleine. Då eg flytta til Bergen i 2016, var det første gongen eg budde åleine. Det er difor ei god moglegheit for meg til å bruke tid åleine til sjølvrefleksjon og gjennomføre eit prosjekt som designar om dette temaet.

Kva har resultatet blitt?

Gjennom forskinga mi har eg funne ulike kjelder som viser fordelane ved å vere åleine. Eg legg fram spørsmålet gjennom ulike typar visuell kommunikasjon for å nå fram til ulike målgrupper. Når eg går gjennom arbeida eg har laga, ser eg òg mi eiga forvandling – frå ei negativ til ei positiv haldning til det å vere åleine.

Kva kan dette bety for samfunnet?

Eg vil synleggjere at åleineskapen ikkje treng å vere noko negativt . Det er typisk å blande saman det å vere åleine med det å vere einsam, særleg i Kina. Åleineskap er noko ein bør ha respekt, og bør ikkje vere eit sosialt tabu. Menneske knyter seg alltid til andre på ulike måtar for å redusere angsten som einsemda skapar. Men i røynda kan det å vere åleine gje deg betre sjølvinnsikt og betre tilknyting til deg sjølv, slik at du er betre utstyrt for å vere knytt til andre.