Møbeldesign og romdesign/ interiørarkitektur

hmkommedal@gmail.com

Eldemelde

Korleis skape ein inkluderande møtestad i sentrum, der mangfaldet kan trivast saman gjennom kulturelle og sanselege opplevingar i rom?

Kva problem har du ønskt å finne ei løysing på?

ELDEMELDE er eit prosjekt som ikkje lenger vil akseptere at Leirvik sentrum på Stord har folketomme gater og torg. ELDEMELDE vil inspirere dei som styrer i byen til å velje å skape og leggje til rette ein by for menneske, også for barna.

Kva har inspirert deg?

Grunnlaget for min inspirasjon i dette prosjektet er menneske sin stad og identitet og deira kvardag, historie og framtid.
Viktige inspirasjonskjelder for dei designfaglege vala i prosjektet har vore det sanselege ved mennesket, dei menneskelege dimensjonane, bylivet frå eit barn sitt perspektiv, vestlandsøya Stord og havet.

Kva har resultatet blitt?

ELDEMELDE vil skape liv midt i sentrum gjennom å kople kvardag med byliv. Med eit samlande bygrep vil ELDEMELDE bli den nye ryggrada i sentrum; eit ope band mellom sjø og fjell, mellom identitet og historie, og den vertikale retninga mot ei berekraftig framtid. ELDEMELDE forsterkar aksen sin med høgstrekte veggar, gjev Torget ei forlenging, meir utsikt, lys og luft, og det skaper kontakt mellom landskapet og livet omkring.
ELDEMELDE representerer mangfaldet i byen og gjev folk val å «eldemelde» mellom.
Her, mellom veggane, er det eit sanselege landskap for samlande aktivitetar, ein kopp kaffi, enkle rettar, utstilling, ein plass for å fortelje dei gode historiene eller lese om staden med eit lyttande barn på fanget.

Kven vil prosjektet ditt vere særleg nyttig for?

ELDEMELDE tek den oppveksande generasjonen på alvor, inviterer til liv, oppvekst og trivsel midt i hjarta av Leirvik sentrum.  ELDEMELDE vil vere ei ressurs for livet på Stord og det som allereie er etablert i samfunnet, og ønskjer eit tett samarbeid med folk, organisasjonar, bedrifter, skular og institusjonar. Med tillit, aktivt og bærekraftig tak, og eit lokalt engasjement, kan det vere mogleg for prosjektet å drive seg sjølv. ELDEMELDE vil leggje til rette for eit inkluderande og triveleg sentrum for menneske på Stord.