Møbeldesign og romdesign/ interiørarkitektur

orercan@yahoo.com

Standardisert personalisering i studentbustader

Korleis kan interiørarkitektur hjelpe studentar som bur i studentbustader til å uttrykkje seg fritt ved å ta avgjerder om utforminga av romma sine og møbleringa deira?

Kva ønskte du å oppnå/få til med prosjektet ditt?

Eg ønskte å utvikle eit romleg møbelsystem der studentar som bur i studentbustader kan gjere bruk av sin personlege uttrykksfridom direkte i utforminga av rommet der dei bur. Eg håpar å fornye romleg åtferd ved å gje rom for brukaren sin kreativitet. I tillegg vil prosjektet, ved å følgje lag-bruk-returner-modellen som byggjer på reparasjon og gjenbruk av produkt, minimere ressursbruk og avfall og skape ei meir sensitiv tilnærming til møbelforbruk.

Kva har du oppdaga undervegs i prosessen?

Ut frå spørjeundersøkingar eg har gjennomført, har eg oppdaga at fleirtalet av studentane er misnøgde med romma sine når det gjeld korleis dei speglar personlegdomen deira og oppfyller grunnleggjande behov, og når det gjeld å gjere romma personlege. Ein annan ting eg oppdaga er at grupper av studentar av ulike nasjonalitetar ønskjer å gjere rommet til ein stad der dei kjenner at dei kan oppleve sin tradisjonelle kultur, og at ein liten minoritet føretrekkjer å bruke det dei treng i staden for å personalisere. Til sist fann eg ut at internasjonale studentar meiner at det er vanskeleg for studentar å kjøpe nye møblar.

Korleis har du valt å løyse denne oppgåva?

Løysinga er basert på tanken om “standardisert personalisering”, som betyr å tilby brukarane dei beste standardløysingane for fleksibel bruk. I samband med dette har eg designa eit enkelt modulbasert rom som let studentane tilpasse delar av innerveggane i rommet til møblar eller lage nye skiljeveggar, i tillegg til at dei kan forandre fargane eller veggmateriala. 

Korleis kan dette prosjektet utviklast vidare i framtida?

Prosjektet kan utviklast ved å byggje bumodular som er meir miljøvenlege og lettare smeltar saman med naturen arkitektonisk. Ved hjelp av antropologar kan prosjektet gjerast meir spesifikt gjennom analysar av antropometri og lokale sosiale vanar. På denne måten kan ein skape eit meir einskapleg og samstundes genuint lokalt arkitektonisk verdsspråk.