Møbeldesign og romdesign/ interiørarkitektur

Myrlende

Korleis kan design som verkemiddel tilretteleggje og forsterke opplevinga av rom og natur for menneske med fysisk og sanseleg funksjonsnedsetjing i eit myrlendt område på Fagrefjellet i Sykkylven?

Kva for eit problem har du ønskt å arbeide med?

Først og fremst har eg villa finne ut korleis Fagrefjellet, som ligg i mi heimbygd, kunne verte både fysisk og sanseleg tilgjengeleg for menneske med syns- og høyrselshemjingar. Om desse gruppene har særlege krav for å kunne lese, forstå, føle og trivast i rom og natur. Eg har stilt spørsmål ved dagens planlegging av universelle rom og løysingar, som ser ut til å vere overfokusert på visuelle aspekt og fysisk tilgjengelegheit. Er det mogeleg å oppnå funksjonelle og universelle løysingar for alle utan at det går ut over dei sanselege og estetiske kvalitetane og våre emosjonelle behov? Eg har undersøkt i kor stor grad estetikken eigentleg er viktig, og om det er ei grense for kor inkluderande omgjevnadane kan bli og om den universelle ideologien eigentleg er ein utopi.

Kva har inspirert deg?

Naturen sine eigne materiale, poesi og mystikk! I tillegg har eg studert moderne japansk arkitektur som på ein særeigen måte skil seg ut gjennom eksperimenterande, radikale uttrykk som likevel audmjukt føyer seg og speler på lag med naturen. Denne perfekte kombinasjonen av vågalheit, skjønnheit, estetikk og funksjonalitet finn eg tiltalande og inspirerande.

Kva har du oppdaga undervegs?

Mellom anna at estetikk handlar om meir enn smak og behag og visuelle «bilde», men også om sansekunnskap og følelsar. Dette er verdiar som vil spele ei vesentleg rolle i arkitektur for alle menneske si helse og trivsel, sjølv når ein ikkje ser.

Kva har resultatet blitt?

Ein tursti gjennom ulike installasjonar og ei varmestove på toppen av Fagrefjellet, der naturlege og subtile kvalitetar frå materiale i naturen, så som dagslys, mørke, mose og nedbør, er løfta fram og forsterka i ulike sanseleg stimulerande uttrykk som kan opplevast med heile kroppen.

Kva kan dette bety for samfunnet?

Det skal vere mogleg for alle å ha tilgang til å oppleve friluftsliv og natur etter eigne ønske og behov. Vi lever i eit demokratisk velstandssamfunn der rettferd og likestilling lenge har vore viktige verdiar. Framleis ser det ut til at vi har ein veg å gå då ikkje alle kommunar har gjort tilgjengelege friluftsområde for alle. Det er på høg tid at vi deler ein «bit av kaka» av desse helsefremjande ressursane utan at dette kostar utrydding av store natur- og kulturlandskap. Ei tilrettelegging som aukar brukskvalitetane og opplevingsverdien vil vere noko fleire grupper i samfunnet kan dra nytte av, både innbyggaren og turisten.

Tilbake til meny