Visuell kommunikasjon

hello@joeleiner.com

Alfa, Beta, Super!

Korleis kan visuell kommunikasjon bidra til å redusere psykologiske problem og lærevanskar som kjem av dysleksi?

Kva ønskte du å oppnå med prosjektet ditt?

Eg ville sjå på dysleksi frå eit designarperspektiv og finne ei løysing som er enkel å bruke og kan hjelpe barn med dysleksi. I motsetnad til mange andre prosjekt på området konsentrerte eg meg ikkje berre om læring av bokstavane og lydane som høyrer til. Eg ville skape eit produkt som viser ei ny tilnærming til temaet ved å dra inn andre sansar enn berre syn og høyrsle.

Kva har du oppdaga undervegs i prosessen?

Den viktigaste oppdaginga var at barn med dysleksi, og det gjeld mellom 5 og 10 prosent, har monaleg større risiko for psykiske problem som depresjon, angst, ADHD og ei kjensle av utestenging. Mange av desse problema kan vare ved inn i vaksen alder. Dessutan fann eg ut at den viktigaste perioden i lese- og skrivedugleiksutviklinga hos barn med dysleksi er når dei er mellom 5 og 8 år gamle, sjølv om det i den alderen knapt nok er mogleg å finne ut om dei faktisk har dysleksi eller ikkje. Dette fekk meg til å innsjå at prosjektet mitt måtte vere eit morosamt og inkluderande produkt som alle barn kan bruke, medan eg i det skjulte retta prosjektet særleg inn mot barn som har denne diagnosen.

Korleis har du valt å løyse denne oppgåva?

Eg valde å lage ein serie illustrerte interaktive fargebøker med alfabettema som barn kan bruke saman med ein vaksen. Dei skal forsterke lydane som høyrer til dei ulike bokstavane og framheve viktige sider ved dei einskilde øvingane som skal stimulere barnet sitt minne om og interaksjon med alfabetet. I tillegg kan prosjektet spreie informasjon til foreldre og lærarar om temaet dysleksi, korleis ein kan oppdage dysleksi, og kva ein kan gjere dersom ein mistenker at eit barn kan ha dysleksi.

Kva kan dette bety for samfunnet?

Sidan dysleksi ofte blir diagnostisert for seint, må vi endre tilnærminga vår ved å gjere undervisning meir inkluderande og prøve å førebyggje visse problem før dei slår ut for fullt. Ved å lage eit produkt som er tiltenkt dei barna som strevar mest med lesing og skriving, men som kan brukast av alle, håper eg at denne tilnærminga til universell utforming kan tene som eit føredøme for skular og lærarar.