Visuell kommunikasjon

 ichihlulu@gmail.com

Mat i det urbane paradiset

Korleis kan virtuell røyndom vise den usynlege samanhengen mellom urbant matforbruk og miljøproblem?

Kva ønskte du å finne ut?

Eg ville finne ut om det lèt seg gjere å vekkje medvit om kva kosthaldet vårt kan føre til i framtida. Når vi ikkje er i stand til å sjå den direkte samanhengen, kan det vere ei moglegheit å gjere folk meir medvitne om problemet ved å vise den moglege framtida avgjerdene våre leier oss mot innanfor ramma av eit spel? Målet mitt er å skape ei vakker, men ærleg sanning om framtida som matvala våre skapar.

Korleis har prosessen vore?

I byrjinga var eg nyfiken på maten sin posisjon i samfunnet vårt. Eg spurde meg korleis eg kunne bruke mat som ein måte å knyte folk saman på. Måltid har vore ein viktig sosial aktivitet gjennom heile mennesket si historie. Eg gjekk tilbake til byrjinga, og fann ut at urbaniseringa var nært knytt til jordbruket. Dei to er avhengige av kvarandre. Grunnlaget for dette er at då forfedrane våre oppdaga korn, fekk vi ei kjelde til mat som var stabil nok og gav store nok avlingar til å gjere fast busetjing mogleg. Og dette gjer meg nyfiken – kva med byen no? Kvar kjem maten vår frå?

Kva har resultatet blitt?

Mange stader i verda er valet om å kjøpe eller forbruke ein luksus. Vi bur i eit forbrukarsamfunn der store supermarknadkjeder vil vurdere kjøpekrafta i nabolaget før dei opnar ein ny butikk. Resultatet er matørkenar i ein del fattige nabolag, og dette fører til ulik tilgang til sunn mat. Når det er meir økonomisk fornuftig å ete ein ekstra stor meny frå ei snøggmatkjede enn å ete økologisk brokkoli, blir rett kosthald eit sosioøkonomisk spørsmål. Målet mitt med dette prosjektet er å skape medvit om at matforbruk handlar om så mykje meir enn helse og nyting. Dette kan inspirere oss til å skape eit harmonisk miljø for menneske, dyr og natur. Når vi et og opptrer som forbrukarar, betyr handlingane våre så mykje meir. Det er som om vi stemmer på den verda vi ønskjer å leve i i framtida. 

Kva kan dette bety for samfunnet?

I dag bur 54 % av menneska i verda i byområde, og det er venta at denne prosentdelen vil stige til 66% innan 2050. Bylivet har ført oss bort frå naturen og kjeldene maten vår kjem frå. Urbaniseringa gjer samfunnet lettvint, trygt og effektivt, men skapar på same tid vassmangel, avskoging og ørkenspreiing i mange delar av verda. For å skaffe store mengder rimeleg mat til byane vel selskap å drive landbruk basert på monokultur, høg husdyrtettheit, antibiotika i dyreforet og plantevernmiddel i næringskjeda. Målet mitt er å gjere folk medvitne om konsekvensane.