Visuell kommunikasjon

camille. rogien@hotmail.fr

Pathos, den empatiske maskin

Korleis kan interaktiv historieforteljing utløyse empati?

Kva ønskte du å oppnå/få til med prosjektet ditt?

Målet mitt er å skape ein prosjektert animasjon av partiklar som blir til tekst berre når to menneske kjem nær kvarandre. Projiseringa skal finne stad i eit rom som er utforma for å leggje til rette for at menneske kjem nærmare kvarandre enn dei vanlegvis gjer. Teksten handlar om personlege historier som alle kan kjenne seg att i.
Eg ønskjer at menneske skal oppleve det som om dei les ei bok og gjer orda på sida om til tankar og kjensler, slik at dei kan sjå verda gjennom karakterane sine auge og kjenne det dei kjenner, og slik utløyse empati.

Kva har inspirert deg?

Empati har alltid vore ein del av livet mitt, eg er ein svært kjenslevar person (eller empat), og eg er svært interessert i menneskeleg åtferd og korleis menneska ser seg sjølve i samfunnet.
Vi trur at vi må vere perfekte, sjølv om eg veit at dersom vi deler erfaringar og viser oss sårbare overfor kvarandre vil vi innsjå at ingen er perfekt. Alle opplever dei same situasjonane i livet, og det blir lettare for oss å verkeleggjere empati.

Korleis har du valt å løyse denne oppgåva?

Det tok meg lang tid å finne ei god løysing for prosjektet mitt. 
Eg visste frå starten av at eg hadde lyst til å kombinere romdesign og interaksjonsdesign i prosjektet, sidan eg er overtydd om at rom spelar ei viktig rolle i å utløyse empati. Så eg laga ei løysing med ein dobbel inngang og eit intimt indre rom for projiseringa. Strukturen skal vere laga av ullfilt for å forsterke kjensla av å vere omslutta.  
Den interaktive delen er ein projisert partikkelanimasjon som sakte beveger seg inn og ut, og når to menneske kjem tilstrekkeleg nær kvarandre (nært nok til å realisere empati), vil partiklane forme ein tekst som fortel personlege historier. 

Korleis kan dette prosjektet utviklast vidare i framtida?

Når det gjeld moglegheitene for å utvikle prosjektet vidare, har eg lyst til å utvikle den interaktive delen. Tanken er å gjere det meir magisk ved å skaffe meg meir kunnskap om teknologien slik at eg kan utvide prosjektet. Men eg har òg ein tanke om å gå djupare inn i prosjektet og utvikle det til ein doktorgrad om nokre år. Då vil eg ta med meg prosessen eg har utvikla i dette prosjektet, byggje på den og styrkje den på vegen.