Visuell kommunikasjon

hoomz447@gmail.com

Flexi

Korleis kan visuell kommunikasjon bidra til å lokke nye kundar til å bruke offentleg transport i Bergen?

Kva ønskte du å oppnå/få til med prosjektet ditt?

Prosjektet “Flexi” handlar om å gjere offentleg transport i Bergen tilgjengeleg. Kjerneideen i prosjektet er å få nye kundar til å bruke offentleg transport gjennom målretta innsats mot ei gruppe bilbrukarar i Bergen. Opphavleg var prosjektet tiltenkt mitt heimland Pakistan, men etter at eg flytta til Noreg, bestemte eg meg for å bruke Bergen i staden.  
Transportsystemet er godt organisert, og Bergen er ein liten by som passar godt til utprøving. Resultata av forskinga kan vere til hjelp i seinare arbeid i Pakistan tilpassa pakistansk kultur. 

Kva har du oppdaga undervegs i prosessen?

Først tenkte eg å rette prosjektet mot heile Bergen, men eg oppdaga snart at familiar utgjer ei stor gruppe bilbrukarar, så eg bestemte meg for at dei ville passe godt som målgruppe. Eg fann ut kva behov og problem dei har som gjer at dei brukar pengar på privatbilar når det allereie finst ei form for transport som både er billigare og godt vedlikehalden. Dessutan har eg prøvd å analysere fordelane ved å bruke bil.  
Det gjekk opp for meg at familiar treng at offentleg transport er like lett tilgjengeleg som bilen, særleg med tanke på at det bergenske vêret er heller vått mesteparten av året. 

Korleis har du valt å løyse denne oppgåva?

Det har vore mykje undersøkingar, idédugnadar, eksperiment og tankekart undervegs i dette prosjektet. For å få prosjektet til å fungere har eg laga ein strategi og utvikla kjerneverdiar for prosjektet mitt. Desse kjerneverdiane er: tilgjengeleg, fleksibel og venleg.  
Teknologien har vore viktig i dette prosjektet. Undervegs i arbeidet med strategien kom eg til at prosjektet må spele på lag med tenestedesign og identitetsutvikling.  
Eg prøvde å gje eit klart bilete av prosjektet gjennom identiteten. Eg la vekt på visuelt språk for å gjere prosjektet meir forståeleg for målgruppa mi.  

Korleis kan dette prosjektet utviklast vidare i framtida?

Prosjektet er framleis berre i startgropa, og eg har starta utprøving i liten skala for å sjå kva resultatet blir. Eg har designa to tenester under eitt flagg: Buss og Bring.  
Prosjektet brukar Bergen som døme, men eg trur det har eit overføringspotensial til andre land. Familiar har meir eller mindre dei same behova over heile verda. Prosjektet kan gjennomførast andre stader med berre små tilpassingar til ulike land sine kulturelle verdiar.