Joy Forum – ein rebell i KMD-byggets mage

Joy Forum er historie, etter fem år er det studentdrive gallerikollektivet i resepsjonen i Møllendalsveien 61 lagt ned, men galleribygningen består og ventar på at nokon vil overta som indre rebell i KMD-bygget.

Publisert: av Hilde Kvalvaag. Billedtekst: Billedtekst: Installasjonsbilde fra Sveinung Rudjord Unnelands utstilling i Joy Forum i 2023. Foto: KMD. Oppdatert:

Initiativtakar til Joy Forum, Sveinung Unneland har fått godkjent si kunstnariske doktorgrad på Joy Forum-prosjektet, og han skal forsvare den i disputas den 1. september. Han er no ferdig på KMD, og jobbar med å bygge opp eit nytt kunstnarisk fellesskap på Laksevåg (https://denuferdigeinstitusjon.no). Unneland fortel at Joy Forum vart etablert som ein respons på den fysiske forflytninga inn i Møllendalsveien 61 og samanslåinga med Universitetet i Bergen (UiB).

- Det finnes nok fleire og litt ulike grunnar til at vi skapte Joy Forum, men i utgangspunktet handla det om at eg, og alle andre på gamle Kunsthøgskolen i Bergen, stod midt i ei svær omvelting. Eg tenkar då både på den fysiske forflytninga og samanslåinga. Vi mangla mellom anna eit studentgalleri i det nye skolebygget, men det handla også om ei djupare kjensle av at det mangla rom til å eksperimentere og leike seg kunstnarisk. Joy Forum vart eit slags motsvar til det nye «institusjonelle rammeverket» vi befant oss i, seier Unneland. I forordet til boka om Joy Forum, vektlegg han at «det at den tidlegare autonome Kunsthøgskolen (KHiB)» vart ein del av UiB kravde ein respons.

Joy Forum var organisert av eit lite kollektiv av kunstnarar som varierte litt gjennom åra. Det bestod av både noverande og tidlegare kunststudentar, samt akademisk og administrativt tilsette.
Som programerklæring hadde Joy Forum at dei ville utforske og undersøke institusjonelle og politiske spørsmål knytt til kunst. I løpet av dei fem åra galleriet eksisterte vart det mange utstillingar, til saman 77. I tillegg vart det arrangert ei rekke ulike kunstnarsamtalar og forskjellige arrangement. Det gjekk frå kakefest til fotballframsyningar, men alltid gjennom kunsten som det samlande prinsipp og endemål.

Som eit handfast bevis på at Joy Forum har eksistert finnast no boka om Joy Forum. I boka er alle utstillingar som har vore dokumenterte med tekst og foto. I midten av boka er eit kunstverk, i form av eit 203 punkts manifest med tittelen «Art (Academy) Anxieties» av den danske kunstnaren og samfunnsdebattanten, Rosa Marie Frang. Det avsluttande punktet, 203, er: «I am afraid this text won’t change a thing».
– Det var eit medvite val at kunsten skulle vere i midten av boka, akkurat som vi har forsøkt å sette kunsten i midten av Joy Forum og den omkringliggande institusjonen, seier Unneland.

Men kan kunst endre ting?

-Undervegs i Joy Forums samansette liv har det skjedd en del ting som eg trur har sett nokre spor her på KMD. Nokre av aktivitetane som Joy Forum har vore del av eller knytt til har og satt spor på kunstfeltet nasjonalt og internasjonalt, fortel Unneland. Han trekk særleg fram teksten «Farvel til kunstutdanningen slik vi kjenner den» av Ane Hjorth Guttu og dialog teksten «Ghost In The Machine» som vart skreve av Guttu og Unneland i samarbeid med Laus Østergaard og Mathijs van Geest. Begge tekstane er med i Joy Forum boka, men vart først publisert på dei internasjonalt orienterte nett-tidskrifta Kunstkritikk.no og e-flux.com. I tillegg må ein ikkje gløyme utstillingane på Hordaland Kunstsenter og Joy Forum på Kristiansand Kunsthall. Sentralt i begge var eit kjøkken. Opprinneleg laga som ein del av scenografien til filmen Manifest av selvsamme Guttu. Filmen er eit satirisk oppgjer med eit moderne kunstbygg, med KMD og KHIO som ein slags sammenvevd fiktiv lokasjon. I filmen utgjer det hemmelege mobile kjøkenet eit sentralt poeng, men dette poenget har det fortsett å bære på også etter innspelinga vart avslutta. Da som ein slag kunstnarisk protest mot at studentar og tilsette ikkje har fått eit eigna sted å lage mat og møtast på den nye institusjonen i Møllendalsveien 61. Unneland meiner at den kommersielt drivne kantina, og dei små te-kjøkena med elektrisk vannkokar og mikrobølgeomn ikkje kan sidestillast med det felleskjøkenet skolen hadde som hjarta og midtpunkt tidlegare. Å ta bort dette fratok oss ein viktig møteplass, seier Unneland.

I boka om Joy Forum finn ein også ein tekst av Brandon LaBelle om hans subversive undervisningsmetodikk, kalt «The Pirate Academy». La Belle skriv “from the start, its very naming was grounded in pedagogical imaginary, suggesting a type of parallel structure or world smuggled into the institution”. Sju sesjonar på “The Pirate Academy” vart helde i KMD-bygget i 2021 og 2022, der Sveinung Unnelands hemmelege kjøken var eit samlingspunkt for lærarar og studentar.

Kva no? Kven skal føre arven om ei opprørsk kunstutdanning vidare?

- Eg veit sanneleg ikkje eg, men så er det kanskje ikkje meg som nødvendigvis skal svare på detta lenger. I alle fall ikkje i forhold til kunstutdanninga i Bergen, der eg jo ikkje lengre jobbar. Det eg kan seie er at eg er i gong med nokre nye og spennande prosjekt som eg trur har mykje av det same stoffet i seg som det arbeidet med Joy forum hadde. Men dette har no fått flytte ut av den spesifikke institusjonen, kan du kanskje seie. Eg huskar at Mathijs van Geest spurte oss i dialogteksten eg nevnde tidligare om vi i dag i det heile tatt kunne sjå for oss ei kunstutdanning styrt av eigne reglar og med sin eigen logikk lenger? Om kunstutdanning fortsatt kan vere eit sted kor andre hierarki andre verder er mogleg?
Eg svarte med å stille spørsmålet på hovudet: kan vi i det heile tatt tillate oss å ikkje forsøke å førestilla oss andre system og ein anna verden? Det sagt, så trur eg ikkje du kan førestilla deg frem til korleis du kan endre verden slik. Det er snarare noko ein dyrkar frem kollektivt, og det krev eit fellesskap, ikkje bare ein masse individuelle mål og rettigheitar.

Frå opninga av utstillinga Joy Joy i Joy Forum i 2018. Foto: KMD

 

 

I samband med utstillinga Every Surface is a Canvas vart fasaden til Joy Forum dekka med graffiti. Foto: KMD

 

 

Kjøkenet som Sveinung Rudjord Unneland laga til filmen Manifest av Ane Hjort Guttu. Både filmen og kjøkenet vart vist fram i utstillingane Ghost in the Machine på Hordaland Kunstsenter og Joy Forum på Kristiansand Kunsthall. Foto: Hordaland Kunstsenter

 

 

Boka Joy Forum er utgjeve av Fakultet for kunst, musikk og design, UiB & Errant Bodies Press, Berlin. Foto: Brandon LaBelle

 

 

Foto: Brandon LaBelle

 

Frå Rosa Marie Frangs kunstnariske bidrag i boka «Art (Academy) Anxieties». Foto: Brandon LaBelle