Grafikk

Femårig integrert master i musikkterapi

Musikkterapi fokuserer på musikkens betyding for helse og er eit ungt fag i sterk vekst. Faget er bygd opp i ein norsk tradisjon med særleg fokus på samfunnsorienterte og resursorienterte verdiar, og bidrar til både den nasjonale og internasjonale utviklinga av feltet.

Musikk i og som terapi – Kunstdeltaking som helsefremmande tiltak” 

Musikk har vore viktig for mennesket til alle tider. Musikken talar til kjenslene våre, knyter band mellom menneske og kan i visse situasjonar gjere oss friskare. Musikkterapi fokuserer på musikkens betyding for helse og er eit ungt fag i sterk vekst. Sidan 2006 er musikkterapi etablert som fag ved Universitetet i Bergen. Faget er bygd opp i ein norsk tradisjon med særleg fokus på samfunnsorienterte og resursorienterte verdiar, og bidrar til både den nasjonale og internasjonale utviklinga av feltet. I hausten 2010 blei det etablert eit femårig integrert masterprogram i musikkterapi med årliege opptak.

Musikk blir i aukande grad brukt i helsevesenet eller for utsette grupper i samfunnet. I nasjonale faglege retningslinjer for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med psykose er det gitt ei sterk tilråding av musikkterapi. Musikkterapi er anbefalt i fleire andre nasjonale retningslinjer, bl.a. for rusbehandling, avrusing, demensomsorg og palliasjon for barn og unge. Forsking viser at musikkterapi kan gje svært gode resultat til dømes i psykisk helsevern, rusbehandling, kriminalomsorg, rehabilitering ved nevrologiske skader, eldreomsorg, og lindrande behandling. Musikkterapi vert nytta både i kliniske situasjonar og i kvardagssituasjonar. I musikkterapi er klienten sjølv ofte med på å skape musikk saman med musikkterapeuten.

Som musikkterapeut kjem ein nært på menneske over hele livsløpet. Musikkterapi blir til dømes brukt på sjukehusavdelingar og for tidleg fødde spedbarn. Terapeuten syng voggesongar tilpassa barnet saman med mor og far, og rådgjev foreldra i bruk av musikk. Målet er å redusere spenningar og å byggje kontakt mellom foreldre og barn. Viss det lykkast, og foreldra og barnet slappar av, kan det igjen auke barnet si matlyst og slik bidra til å bygge opp motstandskraft hjå det vesle barnet. Noko av det same gjeld for døyande personar. Gjennom musikken kan den som kjem til å døy bli rolegare, og det oppstår eit møte i musikken mellom terapeut, familie og pasient, der terapeutens viktigaste oppgåve er å vere til stades som menneske.

Musikkterapi har samfunnsrelevans og hjelper mennesker å skape samfunn. Bandet “Gatens Evangelium” vart skipa av førsteamanuensis ved Griegakademiet, Lars Tuastad, og ei gruppe tidlegare innsette. Deltaking i bandet har vore ein viktig del av rehabiliteringa for medlemmene og har gitt dei ein musikalsk og personleg identitet.

Masterprogrammet inneheld musikkfag, psykologi, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag og musikkterapeutisk teori og metode. I løpet av studietida har kandidaten fleire praksisperiodar på ulike arbeidsfelt. Studiet blir avslutta med ei masteroppgåve på 30 studiepoeng, med sjølvvald tema.

I det femårige integrerte masterstudiet i musikkterapi lærer studenten kritisk refleksjon med utgangspunkt i sentrale verdiar og teoriar innan fagområdet. Studenten lærer også å grunngje, vidareutvikle og formidle eige arbeid og å bruke relevant forskingsmetodikk for utvikling av ny kunnskap. Studenten utviklar djupneforståing av eige fag og breiddeorientering i høve til feltet musikk og helse, slik at kandidaten er i stand til å samarbeide med andre fagpersonar og med brukarar og pårørande. Ein musikkterapeut må ha god kommunikasjonsevne og mellommenneskeleg sensitivitet og kunne møte menneske med respekt og forståing.

Studiet er internasjonalt, med lærarar som har kunnskap på ulike felt innan musikkterapi. Lærarane kombinerer si rike praktiske erfaring og eit breidt spekter av forskingskompetanse for å gje studentane eit stimulerande og relevant læringsmiljø. Griegakademiet driv omfattande forsking på musikkterapi med en forskingskultur som muliggjer kritisk og teoretisk forsking, kvalitativ forsking og blanda metoder, samt kunstbasert forsking.

Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT) er eit tvillingssenter etablert gjennom eit samarbeid mellom UiB og NORCE. GAMUT forskar på tilhøvet mellom musikk og helse. På dette feltet er det eit utstrekt samarbeid med kommunar og helseføretak, gjennom POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi. 

GAMUT har eit verdsomspennande nettverk og gjev ut to internasjonale tidsskrift, Nordic Journal of Music Therapy og Voices: A World Forum for Music Therapy.

Doktorgradstilbod i musikkterapi er utvikla i samarbeid med Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies.
 

   

Utveksling

Hvis du vil vite om mulighetene studenter ved Fakultet for kunst, musikk og design har for å søke om utveksling i utlandet, gå til sidene for studenter.

Hvis du har noen forespørsler om utveksling kan du ta kontakt med Tale Vik, internasjonal koordinator ved KMD.