Kva for eit problem har du ønskt å arbeide med/finne ei løysing på?

Med mitt masterprosjekt ønskte eg å skape løysingar som kreative menneske kan bruke til å gjere prosessen sin betre slik at dei vil arbeide kreativt meir og oftare. Mange faktorar spelar inn på korleis og kor godt ein arbeider kreativt, og mitt prosjekt handlar om å avdekkje desse faktorane og finne ein måte å framheve dei på gjennom ein møbelserie. Undersøkingane mine leia meg mellom anna til konseptet «flow», som er kjensla av djup konsentrasjon og flyt ein nokre gonger får medan ein arbeider. Korleis kan møbeldesign leggje til rette for dette?

Korleis har prosessen vore?

Gjennom masterstudiet har eg hatt ein spanande og lærerik prosess som eg kjenner har utvikla meg både som designa og som person. Det har vore viktig for meg å setje daglege mål for kva eg vil oppnå, og å ikkje gå heim før eg har kome eit steg vidare. Samstundes er eg veldig glad for at eg valde nett dette emnet, fordi det at eg brenn så sterkt for kreativitet har gjort at eg ikkje har gått lei av prosjektet – noko som er viktig når ein skal arbeide med same prosjekt i to år.

Kva har resultatet blitt?

På grunnlag av undersøkingane mine har eg utarbeidd ein møbelserie som har som mål å leggje til rette for flyt i prosessen ved ein kreativ arbeidsplass, og samstundes gjere arbeidsplassen innbydande, inviterande og motiverande. Produkta eg presenterer som prototypar er eit arbeidsbord som med sin stabile konstruksjon og vakre materiale freistar til bruk, eit sett med flyttbare arbeidsplater som alltid gir brukaren ei god overflate å arbeide på, og til slutt haldarar til desse platene som gjer det lettare å finne flyten i prosessen.

Kvifor har dette vore viktig for deg?

Å lage ting og vere kreativ har alltid vore ein stor del av min kvardag. Det er ein lidenskap som har gitt meg ro og vore ei kjelde til meistringskjensle og utfalding. Kreativitet er også grunnleggjande for innovasjon og nyskaping. Difor kjennast det som eit viktig og verdifullt mål å arbeide for at fleire menneske lettare og oftare kan vere kreative.