Kva ønskte du å oppnå/få til med ditt prosjekt?

Hovudmålet med mitt prosjekt var å designa eit visuelt verktøy for å førebyggja mobbing ved å byggja god sjølvkjensle. Føremålet med dette er at fleire skal kunna veksa opp med god mental helse. Eksisterande tiltak/program er i hovudsak utvikla av pedagogar, psykologar og andre faglærde personar innan det teoretiske området. Såleis har ofte det visuelle uttrykket hamna i andre rekkje. Kva skjer då om ein designar tek føre seg heile prosessen?

Kva har du oppdaga undervegs?

Undersøkingane starta teoretisk med å finna ein fungerande måte å førebyggja mobbing på. Etter eit breitt søk kom eg fram til det som vart kjernepunktet i oppgåva mi: god sjølvkjensle. Sjølvkjensla har blitt omtala som psykens immunforsvar. God sjølvkjensle fører
 mellom anna til at ein kjenner seg tryggare, tankesettet vert meir positivt og ein får generelt høgare livskvalitet. Arbeid med å betra sjølvkjensla verkar førebyggjande mot mobbing sett frå tre vinklar: den potensielle mobbaren mistar troangen til å rakka ned på andre, offeret finn seg ikkje i å bli dårleg behandla og tilskodarane vågar å støtta offeret.

Korleis har prosessen vore?

Då temaet var på plass gjorde eg meg betre kjend med målgruppa (småbarnsforeldre og dei nyfødde) og fokuserte på å tilpassa medium og utforming deretter. Idéen og konseptet har stått i fokus, og prosessen har vore viktig. I utviklinga jobba eg for å få til ei empatisk og interessant løysing, som kan vera brukarvenleg i kvardagen.

Kva har resultatet blitt?

Resultatet har blitt konseptet ein « babyboks» med ulike sjølvkjenslebyggjande objekt, tiltenkt kommande foreldre og deira søte små. Allereie når eit barn er 2 år har det danna seg eit bilete av sin eigen verdi og plass i verda. Difor meine psykologar og helsesystrer at førebyggjande tiltak for å få god sjølvkjensle burde fokusera på 0–2 –åringar. Sjølve boksen vil bli blomeforma og vil kunna fungera både som babymatte og leiketelt. Inni boksen vil det vera informasjon som skal bevisstgjera foreldra om korleis ein kan byggja god sjølvkjensle hjå barnet og eit overgangsobjekt som kan gi tryggleik og forenkla sjølvstendiggjeringa til barnet. Ein nattlampe som justerer lysfargen etter kva som er gunstig for søvnrytmen, skal skapa tryggleik i samband med leggerutinane og roa ned barnet med roande lyd som gir betre søvn. Den ferdige boksen vil ha fleire objekt som eg i denne omgang ikkje utviklar prototypar av. Det er samansetjinga og heilskapen som kan gi resultat over tid.