Visuell kommunikasjon

lille.my.anna@gmail.com

Hekseboka

Korleis kan design av brettspel bidra til at barn med dysleksi kan delta på likefot i samspel med jamnaldrande?

Kva for eit problem har du ønskt å undersøkje/finne ei løysing på?

I prosjektet ønsker eg å finne ut av korleis ein kan inkludere barn med dysleksi i ein setting der støttande visuelle system gjer tekst og lesing til leik. Brettspel som medium kan bidra til å utforske etiske problemstillingar innanfor ei trygg ramme. Eg har lagt fokus på løysing av oppgåver i fellesskap og samarbeid meir enn på lesing. Eg vil utforske korleis det visuelle materialet i eit brettspel med tekst kan utformast slik at leseforholda og informasjonsflyten vert optimale for barn med dysleksi i målgruppa.

Korleis har prosessen vore?

Kortversjonen er å seie at prosessen har vore lang. Prosjektet har endra seg enormt sidan eg starta på masterstudiet, for ikkje å snakke om berre i løpet av det siste året. Eg oppdaga at eg måtte arbeide enkelte ting ut av systemet slik at prosjektet til slutt vart noko eg kunne stå for som illustratør. Eg måtte finne ut korleis eg best kunne leggje til rette dei visuelle verkemidla i prosjektet slik at spelet vert inkluderande og kan bygge gode relasjonar, til dømes i eit klassemiljø.

Kva har resultatet blitt?

Resultatet har blitt ein prototype av brettspelet Hekseboka, der eg legg vekt på visuelle system i staden for tekst. I spelet er deltakarane elevar ved ein magisk skule. Her har dei snike seg inn på rektor sitt kontor og ved eit uhell sprengt ei av rektor sine viktige bøker i fillebitar. Spelarane må einast om å løyse nok oppgåver slik at boka vert redda før den frys vekk i vinteren.

Kvifor har dette vore viktig for deg?

Eg har i mange år hatt avsmak for spesialhyller og båssetting. Å vere god til å lese er ikkje einstydande med å vere smart eller betre enn nokon som slit med lesinga. Eg såg bror min slost med fordommar i oppveksten som følge av dysleksien sin. Dette gjorde voldsomt inntrykk og har vore noko eg vil til livs.