Konsert/lyd

Alfred Zimmerlin og Sergej Tchirkov: Akkordeonbuch

Sted: Nykirken (Strandgaten 197B, 5004 Bergen)
Dato: 07-04-24
Døren åpner: 19:30
Konsertstart: 20:00
Pris: 50/100/150/200 (Lenken kommer snart)

Lenke til Facebook-event

Konsert i Nykirken i samarbeid med Ny Musikk Bergen.

Alfred Zimmerlin er ein komponist og improvisatør, som har ei aktiv konsertkarriere som improviserande cellespelar med mange ulike grupper i Europa og USA. Sergej Tchirkov er akkordeonist, kurator og stipendiat på Griegakademiet. Saman har dei møtt kvarandre jamleg og prosjektet Akkordeonbuch har sveva mellom dem sidan 2014.

Zimmerlin fortel om prosjektet:
Musikarane i dag er forskarar på instrumenta sine; dei utviklar dei klanglege og tekniske moglegheitene på ein virtuos måte. For meg som komponist, betyr dette å halde rom opne der denne nye og alternative virtuositeten kan utfalde seg. Eg vil skape ein slags tidvis forskyvd teamwork-situasjon, der utøvarane, basert på klare forslag frå komponisten, kan forme ein eigenartet framstilling av verket.

I Akkordeonbuch, eit work-in-progress, finst det stykke som er tydeleg formulerte, men som samtidig har uendelege moglegheiter for formgiving og opnar for eigen forsking. Det er ønskjeleg at framstillinga held seg levande og stadig fornyar seg. I tillegg finst det stykke som ble utforma en détail. Sergej Tchirkov er ein sentral kreativ partnar i prosjektet. I fleire år har vi møtt kvarandre jamleg for å diskutere forholdet hans til instrumentet og forskinga hans. Eit lengre samtale frå januar 2016 har eg også spelt inn; det vart ei viktig basis for Akkordeonbuch. Dette gav meg eit bilete av akkordeon si "psykologi". Sjølv om prosjektet Akkordeonbuch har sveva mellom oss sidan 2014, kom eg først i slutten av 2020 i gang med komposisjonsarbeidet. Ei viktig tematikk i trekkspillboka er forholdet mellom kroppen og lyden: Forskjellige kroppshaldningar påverkar lyden med stor direkteheit.

I Akkordeonbuch finst det stykke der også kroppshaldningar er komponerte, noko som til tider kan leie til eit kort framkomst av teatermusikk. Kroppshaldningane kan også gå imot notetekst for å skape ein konflikt mellom kropp og lyd.

Akkordeonbuch omfattar 17 stykke: 7 lengre (ca. 5 til 9 minutt) og 10 korte (ca. 2 minutt). Ein fullverdig framføring vil truleg vare omlag 70 minuttar. Stykka er knytte saman som i eit nettverk; etter klare reglar kan ein utøvar røre seg i dette nettverket og generere heilt ulike rekkjefølgjer av stykka. Difor kan også framstillinga av syklusen stadig endre seg. Dei lange stykka handlar prosessuelt om forholdet mellom kropp og melodi. Dei korte stykka er primært tenkt harmonisk og består delvis av styrt improvisasjon.

Hjarteleg velkommen!

Det langsiktige prosjektet Akkordeonbuch blir støtta av Pro Helvetia, den sveitsiske kulturstiftinga, og Grieg Academy / Universitetet i Bergen (Noreg).