Konserten tar sted i Gunnar Sævigssal på Griegakademiet, Torsdag 20. November kl. 20.00
—
Prosjektet Co-creating Virtuosity, utvikla i perioden 2021–2025, utfordrar den historisk problematiske forståinga av virtuositet i vestleg kunstmusikk og utforskar ei samskapande rolle for komponistar, utøvarar, lyttarar, partitur, instrument, stad og kontekst som aktørar i produksjonen av musikalsk meining. Det foreslår ei samskapande og etisk forankra tilnærming til musikkutøving som bryt med hierarkiske tradisjonar.
Metoden i prosjektet byggjer på samskaping med komponistar og har resultert i nye komposisjonar skrivne for Sergejs instrument – akkordeon. Denne konserten presenterer eit utval av desse samskapingane og gir innblikk i korleis performativ kunnskap kan bidra til ein meir inkluderande og responsiv musikkpraksis.
Følgjande komposisjonar vert framførte:
Francisco Corthey – estamos bien, pero tiemblo (2022)
Arnt Håkon Ånesen – Composing Us (2023)
Alfred Zimmerlin – frå Akkordeonbuch (2022)
Annette Schmucki – Blumen (2025)
Medvirkende: Sergej Tchirkov, akkordeon, komponistar, alle.
—
Sergej Tchirkov (*1980, St. Petersburg) er akkordeonist, kurator og forskar med base i Bergen.
Interessa hans for samtidsmusikk har ført til ei rekkje samskapingar med komponistar som Pierluigi Billone, Hanna Eimermacher, José María Sánchez Verdú, Ivan Fedele, Tamara Friebel, Klaus Lang, Dmitri Kourliandski, Elena Rykova, Dieter Schnebel, Gérard Zinsstag, Ida Lundén, Sergej Newski, Thomas Kessler og fleire andre. Om lag 350 komposisjonar for akkordeon har fått si urframføring ved Tchirkov.
Som gjestemusikar ved mellom anna Collegium Novum Zürich og musicAeterna, har Sergej Tchirkov òg opptrådd med leiande europeiske orkester under dirigentar som Teodor Currentzis, Titus Engel, Wladimir Jurowski og Susanna Mälkki.
Han har undervist som gjest ved musikkhøgskular og universitet i Zürich, Genève, Luzern, Oslo, Göteborg, Astana og Kuopio. Frå 2013 til 2021 var han kunstnarisk nestleiar for Studio for New Music-ensemblet og universitetslektor i samtidsmusikk ved Tsjaikovskij-konservatoriet i Moskva.
I dag arbeider han som stipendiat i kunstnarisk utviklingsarbeid ved Universitetet i Bergen, Fakultet for kunst, musikk og design, Griegakademiet. Han er styremedlem i nyMusikk Bergen, Avgarde og Borealis – festival for eksperimentell musikk.