Polyfon-konferansen 2025

Tid: 14.11.2025 - 09.30–16.00

Sted: Høgskulen på Vestlandet, Kronstad. Adresse: Inndalsveien 28, 5063 Bergen.

Polyfon-konferansen 2025 vil leggje til rette for spennande fleirstemde samtalar om kva musikk har å tilby som helseressurs, om kvifor dette er meir relevant enn nokon gong og om kva kunnskapsklynga kan bidra med i vidare utvikling av feltet.

Konferansen er open for alle interesserte og er gratis for brukarar og bidragsytarar og for alle tilsette og studentar hos ein av Polyfons klyngedeltakarar.

Påmelding er no open! Meld deg på her.

Tema for konferansen: Musikk på tvers
Musikk er ein viktig del av kvardagen for dei fleste. Interessa for samanhengar mellom musikk, helse og samfunn er stor og musikkterapi er tilrådd i fleire nasjonale faglege retningslinjer. Likevel er det eit stykke fram før musikkens kraft er tatt i bruk på ein systematisk og kunnskapsbasert måte i samfunnet. Korleis kan vi styrke samarbeidet om formidling, praksisutvikling, forsking og utdanning? 

Konferansetemaet "Musikk på tvers" kan tolkast på fleire måtar, t.d. på tvers av fag, på tvers av kompetansar, på tvers av praksisar og på tvers av sektorar. Vi inviterer til kritikk, refleksjon, samtale og diskusjon.

   

Gratis for tilsette og studentar ved Polyfon deltakarorganisasjonar

Gratis for brukarar og bidragsytarar

Andre deltakarar:

Før 1. oktober: Kr. 1200 
Etter 1. oktober: Kr. 1500 

Påmelding er no open, meld deg på her

Påmeldingsfrist 
04.11.2025 - 23.59

Om Polyfon-konferansen
Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon. 

Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.

Her inviterer Polyfon til ein mest mogleg open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.

Konferansen inneheld plenumssesjonar, parallellsesjonar og ein posterutstilling. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!